Den russiske revolusjonen

FOTO: Luxemburg holder tale i 1907

Rosa Luxemburg delte i sine betraktninger i kjølvannet av den russiske revolusjonen. Her er et oversatt utdrag fra teksten fra 1918.

Rosa Luxemburg
Om Rosa Luxemburg (1 artikler)
Rosa Luxemburg (1871-1919) var Marxistisk teoretiker, aktivist og revolusjonær sosialist.

Teksten er et utdrag fra Den russiske revolusjonen er oversatt og først publisert i Sosialistisk Framtid

Fundamental tyding av den russiske revolusjonen
Den russiske revolusjonen er den viktigaste hendinga som følgje av den fyrste verdskrigen. Utbrotet, radikalismen, dei vedvarande konsekvensane står for den klaraste fordømminga av sosialdemokratane sine løgner for å dekkje over tyskarane sine imperialistiske erobringar.

Eg syner her til oppdraget til dei tyske bajonettane, som var å kaste den russiske tsarismen og gjere det undertrykte folket fritt.

Det mektige draget av den russiske revolusjonen, dei djuptgåande resultata som har endra alle klassetilhøve, har sett alle økonomiske og sosiale problem på agendaen, og den indre logikken utvikla seg frå dei første fasene av ein borgerleg revolusjon til dei meir avanserte, og gjorde til slutt tsarismens fall til berre ein liten episode – alle desse hendingane syner klart som dagen at frigjeringa av Russland ikkje kom som følge av tsarismens militære fallitt i krigen, eller som følgje av «tyske bajonettar i tyske never», som Neue Zeit med Kautsky som redaktør i si tid lova i ein leiarartikkel. Dei syner tvert om, at frigjeringa av Russland hadde djupe røter i eige land, og vart fullt ut utvikla innomlands. Det militære eventyret av den tyske imperialismen, velsigna ideologisk av dei tyske sosialdemokratane, brakte ikkje revolusjonen til Russland, heller utsette han i samband med den fyrste oppreisinga i 1911-1913, og etter det, etter utbrotet, skapte dei vanskelege og høgst unormale tilhøve. (…)

Lagnaden til den russiske revolusjonen var heilt avhengig av internasjonale hendingar. At boljsevikane har basert heile politikken sin på verdsrevolusjonen, er det klaraste provet på den politiske langsyntleiken og den sterke og faste trua på prinsippa deira. I den, kjem det fram utviklinga innanfor kapitalismen det siste tiåret. Revolusjonen 1905-1907 skapte berre eit lite ekko i Europa, og ein må difor berre sjå på det som eit opningskapittel. Korleis det ville gå, var knytt opp til den vidare utviklinga i Europa.

Klart og tydeleg, djuptgåande og tankefull kritikk aleine er i stand til å skape læring og utvikling. Trass i alt, har me her med å gjere det fyrste forsøket på proletarisk diktatur i verdshistoria (og eit forsøk som går føre seg under dei vanskelegaste tilhøva ein kan tenkje seg, med store utfordringar for den internasjonale arbeidarklassa), og det ville vere utenkjeleg at eit slikt prosjekt ville vere perfekt på fyrste forsøk. Tvert om, elementær forståing av sosialistisk politikk tvingar oss til å forstå at sjølv med gigantisk idealisme og stormande revolusjonær energi er det umogleg å oppnå demokrati og sosialisme under dei vanskelege rådande tilhøve. (…)

Ved utbrotet i 1917, stod kadettane, den liberale borgarskapen ved hovudet av revolusjonen. Den fyrste oppreisinga sveipte alt og alle med seg. Den fjerde Dumaen, eit ultrareaksjonært produkt av statskuppet, vart til eit organ av revolusjonen. Alle borgarlege parti, sjølv dei nasjonalistiske høgrepartia, skipa ein falanks mot absolutisme. Den siste fall ved fyrste åtak, som eit organ som hadde døydd og måtte lempast bort. Det korte forsøket frå den liberale borgarskapen for å redde trone og dynastiet kollapsa på få timar. Sigersmarsjen gjekk føre seg på dagar og timar, i motsetnad til i Frankrike der endringane hadde hendt over fleire tiår. Det vart klart at Russland realiserte ei 100-års utvikling i Europa, og framfor alt, at revolusjonen i 1917 var ei direkte forlenging av hendingane 1905-1907, og ikkje ei gåve frå dei tyske «frigjerarane». Rørsla i 1917 knytte seg direkte til det som hadde hendt ti år tidlegare. Den demokratiske republikken var det fullstendige resultatet av den innanlandske revolusjonen.

No byrja likevel den andre, og langt meir vanskelege oppgåva. Frå fyrste stund var den drivande krafta i revolusjonen det urbane proletariatet. Likevel avgrensa dei seg ikkje til å skipe politisk demokrati, men var opptekne av det brennande spørsmålet innanfor internasjonal politikk – fred med ein gong. På same tid omfamna revolusjonen massane i det militære, som delte synet på fred med ein gong, og massane av bønder, som sette landbruksspørsmål på agendaen. Landbruksspørsmålet hadde heilt sidan 1905 vore sjølve aksen av revolusjonen. Fred på flekken og land, denne konfliktlina innan den revolusjonære falanksen førte uunngåeleg til ei splitting. Kravet om fred var i strid med dei imperialistiske tendensane til den liberale borgarskapen, der Miljukov var talsmannen. På den andre sida var landspørsmålet eit skremmande faktum for den andre sida av borgarskapen, den landeigande klassen. I tillegg rørte det ved heile den personlege eigedomsretten, som var viktig for heile borgarskapen.

Dermed, på sjølve dagen etter dei fyrste sigrane i revolusjonen, byrja det ein intens kamp om dei to store spørsmåla – fred og land. Den liberale borgarskapen byrja å trekkje ut ting. Dei arbeidande massane, hæren, bøndene pressa framover med stadig aukande styrke. Det kan ikkje vere mykje tvil om at spørsmåla om fred og land og lagnaden til det politiske demokratiet i republikken var knytt saman. Borgarklassen, blåst av banen av den fyrste stormande bølgja av revolusjonen, hadde tillate seg å dra seg mot republikansk styresett. No byrja dei å søkje støtte for i stilla å skipe ein kontrarevolusjon. Kaledin-kosakk marsjen mot St. Petersburg var eit tydeleg teikn i så måte. Hadde felttoget vorte ein suksess, ville ikkje berre lagnaden til land og fred-spørsmålet segla, men lagnaden til heile republikken. Militært diktatur, eit terrorregime mot proletariatet og attendevending til monarkiet hadde vore det uunngåelege resultatet. (…)

Partiet til Lenin var dermed det einaste i Russland som verkeleg omfamna interessene til revolusjonen i den fyrste perioden. Det var det einaste partiet som dreiv revolusjonen framover, og dermed det einaste som i røynda førte ein sosialistisk politikk. Det er i dette det vert klart at bolsjevikane, sjølv om dei i byrjinga av revolusjonen vart hundsa med frå alle kantar, fekk til å samle massane av folket, byproletariatet, hæren, bøndene og andre revolusjonære element. Den verkelege situasjonen den russiske revolusjonen stod i, avgrensa seg til to alternativ. Siger for kontrarevolusjonen eller proletariatets diktatur, Kaledin eller Lenin. Slik var den objektive situasjonen. Det var ikkje plass til å dekkje dei brennande spørsmåla om land og fred innanfor det borgarlege rammeverket. (…)

Partiet til Lenin var det einaste som greip mandatet til eit ekte revolusjonært parti, og med slagordet “all makt til proletariatet og bøndene”, sikra den vidare utviklinga av revolusjonen. (…)

Vidare sette bolsjevikane med ein gong eit mål om å sikre komplett, langtrekkande revolusjonært program, ikkje som i det borgarlege demokratiet, men eit proletariatets diktatur for å gjennomføre sosialisme. Såleis har dei sikra seg ein plass i historia for fyrste gong setje ut eit endeleg mål for sosialisme gjennom praktisk politikk (…)

Kva enn eit parti kan tilby av mot, revolusjonært langsyn og kontinuitet i ein historisk time, har Lenin, Trotsky og alle dei andre kameratane gjeve ein god slump av. Alt som dei vestlege sosialdemokratane mangla var representert av bolsjevikane. Oktoberrevolusjonen var ikkje berre frelsa for den russiske revolusjonen, det var også frelsa for den internasjonale sosialismen. (…)

Den konstituerande forsamlinga
Den godt kjende oppløysinga av nasjonalforsamlinga i november 1917 spela ei utruleg viktig rolle i politikken til Bolsjevikane. Dette grepet var avgjerande for den vidare posisjonen deira, på mange måtar kan ein seie at det representerte eit vendepunkt i taktikken deira.

Det er ei kjend sak at Lenin og kameratane hans krevde innkalling av ei konstituerande forsamling før sigeren deira i Oktoberrevolusjonen, og at politikken frå Kerenskiregjeringa om å utsetje dette var eit viktig punkt i angrepene deira mot regjeringa.

Trotski seier i pamfletten «Frå oktober til Brest-Litovsk» at Oktoberrevolusjonen representerte frelsa for den konstituerande forsamlinga så vel som for heile revolusjonen. “Og då me sa”, held han fram, «at inngangen til forsamlinga ikkje kan verte nådd gjennom parlamentet til Zeretelli, men berre gjennom makt til sovjetane, hadde me heilt rett!»

Og så etter desse fråsegnene, var Lenin sitt fyrste steg etter Oktoberrevolusjonen å løyse opp den same forsamlinga. Kva for grunnar kunne liggje til grunn for ei så utruleg vending? Trotski diskuterer saka nøye i den før nemnde pamfletten. «I tidene som førte opp mot oktoberrevolusjonen var det ei kraftig venstredreiing mellom arbeidarane, soldatane og bøndene mot bolsjevikane. Innanfor det Sosialistrevolusjonære partiet var det og ei dreiing mot venstre, men når det kom til kandidatane på lista var framleis tre firedelar høgrekandidatar.

Vidare gjekk valet føre seg berre veker etter Oktoberrevolusjonen. Nyhenda om endringar spreidde seg seint frå byane til landsbygda. Bøndene mange stader visste lite om kva som hende i Petrograd og Moskva. Dei hadde røysta for «Land og fridom», og hadde valt sine representantar under banneret Narodniki. Dermed røysta dei for Kerenski og Avksentjev som hadde løyst opp landkomiteane og fått medlemmane deira arresterte. Dette syner tydeleg i kva grad den konstituerande forsamlinga hadde problem med utviklinga av partigrupper.»

Alt dette er veldig fint og overtydande, men ein kan ikkje anna enn å undre seg over at glupe folk som Lenin og Trotski ikkje kom til konklusjonen som følgjer av dei følgjande faktum. Sidan den konstituerande forsamlinga var valt lenge før det avgjerande vendepunktet, Oktoberrevolusjonen, og samansetnaden reflekterte biletet av det gamle og ikkje det nye styret, burde den konstituerande forsamlinga vorte annullert, og val til ei ny forsamling vorte kunngjort med ein gong. Dei ville, og burde, ikkje lite på ei forsamling som reflekterte gårsdagens Russland, ei tid med koalisjon med dei borgarlege. Såleis var det ingenting att for eit Russland som hadde gått vidare.

Alt dette syner at dei tungvinne mekanismane i demokratiske institusjonar utgjer eit kraftfullt korrektiv, altså det evige presset frå massane. Og di meir demokratiske institusjonane er, di sterkare vert det politiske livet til massane, di meir direkte er innflytnaden deira. For å vere sikker, ein kvar demokratisk institusjon har grenser og feil, ting som det utan tvil delar med alle andre menneskelege institusjonar. Medisinen som Lenin og Trotski har funne, avskaffinga av demokratiet som sådan, er verre enn sjukdommen han er meint å kurere, for det stoggar opp den levande kjelda av sosiale institusjonar. Den kjelda er det uhindra, energiske politiske livet til dei breie massane av folket.

Problemet med diktatur
Lenin seier i “Staten og revolusjonen” at den borgarlege staten er eit instrument for å undertrykkje arbeidarklassen, medan sosialiststaten undertrykkjer borgarskapen. I ein viss grad, seier han, står kapitaliststaten på hovudet. Dette simplifiserte synet manglar den mest essensielle tingen, at eit borgarleg klassestyre ikkje har nokon trong til politisk læring og utdanning for dei breie lag av folket. For det proletariske diktaturet er det det viktigaste elementet, sjølve lufta ein treng for å overleve. (…)

Fridom berre for tilhengjarane av regjeringa, berre for medlemmane av eit parti, same kor talrike dei er, er ikkje fridom i det heile. Fridom er alltid utan unnatak for dei som tenkjer ulikt. Ikkje på grunn av eit fanatisk konsept om «rettferd», men av di politisk fridom avhenger av denne eine karakteristikken, og som forsvinn når «fridom» vert eit særskilt privilegium.

Det underliggjande i teorien om proletariatets diktatur til Lenin og Trotski er at den sosialistiske endringa er ein klar formel i lomma til det revolusjonære partiet, han må berre energisk setjast i live i praksis. Dette er uheldigvis, eller kan hende heldigvis ikkje tilfelle. I staden for å vere ei rad læresetningar som berre treng å gjennomførast, er den praktiske realiseringa av sosialismen som eit økonomisk, sosialt og juridisk system noko som ligg løynd i skodda av framtida.

Kva me har i programmet vårt er berre nokre få vegvisarar som indikerer den generelle retninga me treng. Me veit sånn nokolunde kva som må lukast ut for å oppnå ein sosialistisk økonomi. Når det kjem til dei tusenvis konkrete praktiske mål, små som store, som er naudsynte for å introdusere sosialistiske prinsipp inn i økonomi, lov og alle sosiale tilhøve, finst der ingen nøkkel i noko sosialistisk partiprogram. Dette er ikkje ein mangel, men viser heller at den vitskaplege sosialismen er overlegen utopiske variantar.

Offentleg kontroll er utan tvil naudsynt. Om ikkje vert røynsleoverføringa heldt inne i den lukka sirkelen av det nye regimet. Korrupsjon vert uunngåeleg. (Lenin sine ord, Bulletin nummer 29). Sosialisme krev ein omfattande spirituell endring hjå massane som har levd under borgarleg styre i fleire hundre år. Sosiale instinkt i staden for egoistiske, masseinitiativ i staden for treghet, idealisme som går til åtak på all liding osb.. Ingen veit dette betre, forklarer det meir gjennomgåande og gjentek det oftare enn Lenin. Men metodane han nyttar er heilt galne. Resolusjonar, diktatorisk makt over fabrikkbasane, store straffar, terrorstyre, alle desse tinga er palliative. Den einaste måten ein kan få til ein gjenfødsel er skulen av offentleg styre sjølv, den mest uavgrensa, det breiaste demokratiet og folkemeininga. Det er terrorstyre som verkar demoraliserande.

Når alt dette er eliminert, kva står så eigentleg attende? I staden for representative, folkelege organ har Lenin og Trotski gjort sovjetane til den einaste arenaen for politikk i landet. Difor må også livet i sovjetane verte meir og meir forkrøpla. Utan ålmenne val, utan uhindra pressefridom og forsamlingsrett, utan ei fri meiningsbryting døyr det politiske livet i ein kvar politisk institusjon. Byråkratiet vert det einaste aktive elementet. Det offentlege livet døyr gradvis ut, berre eit par dusin partileiarar med full energi og grenselaus røynsle styrer. Mellom dei er det i røynda berre eit dusin strålande hovud som vert inviterte til møte der dei må applaudere talane til leiarane, og vilkårslaust gå god for resolusjonar. Dette fører til eit diktatur, ikkje eit proletarisk diktatur, men diktaturet til ei handfull politikarar, eit diktatur i borgarleg forstand, eit diktatur av Jakobinske dimensjonar (jfr. Utvidinga av den sovjetiske kongressen frå 3 til 6 månader lange periodar). Ja, me kan gå endå lenger, slike tilhøve må utan tvil føre ei brutalisering av det offentlege livet; forsøk på drap, skyting av gislar osb ( Lenin sin tale om disiplin og korrupsjon)

Demokrati og diktatur
Den grunnleggjande feilen i Lenin-Trotski teorien er også, i likskap med Kautski, at dei set demokrati og diktatur opp mot kvarande. Diktatur eller demokrati er måten spørsmålet vert stilt på både mellom både bolsjevikar og Kautski. Den seinare heller sjølvsagt i retning av «demokrati», borgarleg demokrati, av di han ser på det som det einaste alternativet til ein sosialistisk revolusjon. Lenin og Trotski, på den andre sida, går for diktaturet til eit fåtals personar, eit diktatur ein kan kalle eit borgarleg diktatur. Dei er to motpolar, men samstundes er dei like langt borte frå ein genuin sosialistisk politikk. Proletariatet kan når dei grip makta, gjeve graden av utvikling i landet, aldri nytte Kautski sine gode råd om å unngå ein sosialistisk revolusjon og innføre eit demokrati. Dei kan ikkje følgje desse råda utan å svikte seg sjølve, Internasjonalen og revolusjonen. Dei må difor med ein gong setje i verk sosialistiske målprinsipp, og på den måten utføre eit diktatur, men eit diktatur fundert på heile arbeidarklassen, og ikkje basert på ein klikk eller eitt parti. Eit diktatur med basis i dei breiaste lag av folket for eit uavgrensa demokrati.

Sosialistisk demokrati er ikkje noko som berre går føre seg i det lova landet etter at den sosialistiske økonomien er skipa, det er ikkje som ei jolegåve som dett ned i fanget til dei folka som lojalt har støtta ei handfull av sosialistiske diktatorar. Sosialistisk demokrati byrjar samstundes med at klassestyret vert brote ned og utviklinga av sosialismen. Det byrjar i same stund som sosialistpartiet grip makta. Det er det same som proletariatet sitt diktatur.

Alt som hender i Russland er forståeleg, og står for ei uunngåeleg rad årsaker og verknader, der startpunktet var fallet til det tyske proletariatet og sluttpunktet den tyske imperialismen sin okkupasjon av Russland. Det ville vere å krevje overmenneskelege saker av Lenin og kameratane hans om ein under slike tilhøve skulle vere i stand til å skipe det finaste demokratiet, det finaste proletariske diktaturet og ein blomstrande sosialistisk økonomi. Med målmedvite revolusjonær strid og monalege lojalitet til den internasjonale sosialismen har dei gjort alt ein kan forvente under slike satans tilhøve. Faren dukkar fyrst opp når dei vil lage eit heilt teoretisk system som er basert på hendingane under slike tilhøve, og tilrå metodane til eit samla internasjonalt proletariat.

Når dei får inn sitt eige ljos på ein slik måte, og løyner dei udiskutable naudsynte utviklingsstega som vart tvunge på dei, gjer dei den internasjonale sosialismen ei bjørneteneste.

Det er maktpåliggjande å skilje det essensielle frå det uvesentlege i politikken til bolsjevikane. I den noverande tida, når me står overfor avgjerande kampar over heile verda, det viktigaste problemet innanfor sosialismen er og var det brennande spørsmålet i vår tid. Det er ikkje spørsmålet om kva slags taktikk ein skal føre får å nå sosialismen, men om stridskapasiteten til proletariatet i seg sjølv. Vilja til makt og styrka til å gjennomføre ein revolusjon. Her gjekk Lenin og Trotski og kameratane deira føre som leiiestjerner for det internasjonale proletariatet, og dei er framleis dei einaste som kan seie med Hutten : «Eg turde det!»

Dette er det viktigaste og mest varande i den bolsjevikiske politikken. På denne måten kan ein seie at bolsjevikane har marsjert i fyrste rad i det internasjonale proletariatet, dei har kapra makta og plassert problemet for realisering av sosialismen i praksis. Dei har sett tilhøvet mellom kapital og arbeid på dagsorden i heile verda. I Russland kunne berre problemet verte stilt. Det kunne ikkje løysast i Russland. Og på denne måten må ein kunne seie; framtida overalt høyrer til bolsjevikane!

Omsett av Johan Jensen.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

  • Fint å lese noko på folkeleg mål.
    Her vil eg berre peike på nokre få ord som ikkje høver heilt framifrå vel :
    den politiske langsyntleiken
    Framlegg :
    kunne og dugleik til å sjå framover i politikken