Finnmark fylkeskommune – verd å forsvare?

Finnmark fylkeshus i Vadsø.

Vi skal kjempe for å bevare den naturen, dei kulturane og næringane vi har. Vi skal kjempe for kontroll over eigne ressursar i hav og på land. Vi skal seie nei til enno eit diktat frå Oslo.

Svein Lund
Om Svein Lund (4 artikler)
Svein Lund er frilansskribent og leder av Naturvernforbundet i Ávjovárri. Bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.
Om vel ein månad skal finnmarkingane få seie si meining om Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing av Finnmark og Troms, altså at Troms skal overta styringa av Finnmark. Det blir ei merkelig folkerøysting, ettersom regjeringa på førehand har sagt frå at resultatet ikkje vil bli respektert. Bare det er meir enn god nok grunn til å røyste nei til samanslåinga.

Det er vel første gong det skjer noko slikt i Noregshistoria, men i verda har vi sett liknande før. I Spania hadde dei det ganske nylig. Dei regionale styresmaktene i Catalonia arrangerte folkerøysting om sjølvstende. Statsmakta gikk så langt som å erklære folkerøystinga ulovlig og utstedte arrestordre på den regionale presidenten. Skal tru når den blåbrune regjeringa vil bure fylkesordføraren vår inne? Om fylkestinget etter folkerøystinga erklærer at Finnmark ikkje vil gi seg, er det ikkje godt å seie kva som vil skje.

Det kjem vel allereie klart fram at eg er ein av dei mange som har tenkt å røyste NEI. Det finst ei rekke gode grunnar til det, eg har ikkje tenkt å bruke opp spalteplassen på dei, bare linke til det beste innlegget eg har lest om saka: https://www.ifinnmark.no/debatt/finnmark/ost-finnmark/monica-maland-du-vet-ikke-men-vi-vet/o/5-81-695213

Når ei sak skal til folkerøysting blir det gjerne svært harde frontar og lite nyansar. Eg har deltatt i to norske EU-kampar, og står framleis på at NEI var det rette svaret i begge. Likevel var det tankevekkande å komme nedover i Europa og oppleve ein meir nyansert debatt der folk veide EU sine positive og negative sider i forhold til det som var aktuelle alternativ for dei. Også Finnmarksdebatten har fleire sider som er verdt å tenke over. Her er nokre av dei.

LES OGSÅ av Svein Lund: Den usynlige reindrifta

1. Vadsø er ikkje vårt sentrum
Administrasjonsenteret for Finnmark har gjennom tidene vore både Vardø, Alta og Hammerfest før det blei flytta til Vadsø. Det blei gjort i første rekke for å styrke grensa mot aust. Altså som eit russisk- og finskfiendtlig tiltak, bestemt av styresmaktene i sør. Hadde det ikkje vore for Fylkesmannen og Fylkeskommunen, NRK og forsvarsanlegga hadde Vadsø vore ein liten kvenby som knapt hadde hatt bystatus.

Eg bur i Vest-Finnmark. I kommunen min trur eg dei fleste aldri har vore i Vadsø, men dei aller fleste har vore i Tromsø, og alle har vore i Alta og Hammerfest. Dei som drar til Vadsø er mest dei som blir innkalt dit i møte med fylkesleiinga.

For samar i Nesseby og Tana har Vadsø alltid stått som den norske overmakta. I Finnmark er det knapt nokon med entusiasme for Vadsø som fylkeshovudstad, kanskje med unnatak av vadsøværingane sjølve.

2. Ein fylkeskommune for fornorsking og naturrasering
Så lenge Finnmark fylkeskommune og fylkesting har eksistert, har det vore ein iherdig forsvarar av den statlige politikken overfor samar og kvenar. Først med full støtte til fornorskingspolitikken i skole og samfunn, seinare med støtte til naturinngrep på kostnad av samiske næringar og samisk kultur. Da kommunestyra i Alta og Guovdageaidnu sa nei til utbygging av Alta-elva, sa fylkestinget likevel ja.

No har fylkestinget vedtatt ein mineralstrategi med full støtte til dumping av gruveavfall i Repparfjorden og alle andre fjordar som måtte ha utvinnbare mineral i nærleiken. I fylkeskommunen ønsker dei seg vindkraft på kvart fjell og kvar ås, og reindrifta må vike for «framskrittet», for at utanlandske investorar skal tene seg rike på norsk vind. I Finnmarkseiendommen kjempar fylkeskommunen sine representantar for naturrasering og for at lokale bygdelag ikkje skal ha noko å seie over eigne område. Det er derfor ganske mange som har vanskelig for å oppdrive noko entusiasme for denne fylkeskommunen.

LES OGSÅ: Gruveeventyret kløyver Finnmark

3. Nord-Noreg bør samarbeide
Eit nordnorsk samarbeid er naturlig og viktig. Det har vore eit visst nordnorsk samarbeid, sjølv om det har knaka kraftig og Landsdelsutvalet blei oppløyst i bare krangel. Anten vi bur i Finnmark eller i Nordland så er Tromsø eit senter som vi trekkast mot, anten vi no likar å innrømme det eller ikkje.

Tromsø er den ubestridte hovudstaden i Nord-Noreg, og det bør byen få lov å vere fortsatt. Men regionreformen som regjeringa no prakkar på oss, er ikkje eit tiltak for å styrke samarbeidet, snarare tvert om. Det er eit tiltak for å skape dårligare forhold mellom både politikarar og folk i nord enn det nokon gong har vore før. Tenk at ei blåbrun regjering har klart kunststykket å få Troms og Finnmark Ap til å bli reine fiendar! Eit genitrekk innafor vitenskapen splitt-og-hersk.
Men kva skal vi samarbeide om? Vi bør samarbeide om å ta vare på ressursane våre og utnytte dei fornuftig, men ikkje om å rasere dei med gruver i kvart fjell og vindturbinar oppå, med oljeboring i Lofoten og oppdrettsanlegg i kvar fjord.

Konklusjon
Konklusjonen min blir likevel at Finnmark er verdt å kjempe for. Vi skal kjempe for å bevare den naturen, dei kulturane og næringane vi har. Vi skal kjempe for kontroll over eigne ressursar i hav og på land. Vi skal seie nei til enno eit diktat frå det Mari Boine så treffande har omtalt som «alla hearrat guhkin Oslos», sjølv om herrane no i stor grad er avløyst av damer som har overtatt den same arrogansen.

Vi bør støtte fylkespolitikarane våre om dei står på og nektar å bøye seg når dei midt i mai etter alle solemerke har eit overveldande folkefleirtal i ryggen. Dette er ein kamp mot tvang, mot at sentralmakta skal kunne overkjøre regionar og lokalsamfunn. Samtidig vil eg vone at dei same fylkespolitikarane kan lære noko av dette, og sjå det som eit prinsipp at ein ikkje skal overkjøre folk og kommunar. Da bør vi ikkje trenge å oppleve Vadsø som eit Oslo i miniatyr.

Fylkeskommunen bør heller ikkje overkjøre folk, men satse på ein politikk der alle kan samarbeide, og der alle sine interesser blir respektert. Men det krev at fylkespolitikarane ser sjølvkritisk på den rolla dei har hatt til no. Eg vonar at det kan bli eit av resultata av denne striden.

Stem NEI til tvang, og JA til Finnmark!

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.