Om hekser og ministrar – eit ope brev til Sylvi Listhaug

Foto: Chell Hill

Du var minister heilt til du måtte gå. Noko bål var det likevel ikkje. Medie-Noreg sine mikrofonar opp mot din munn, og statsministeren gjekk på talarstolen og bad alle andre om å tenke på korleis dei ordla seg i det offentlege ordskiftet. Hekseprosessane, ja. Eg veit ikkje kva du har lært om desse, men det var ikkje slik dei tok form.

Sofie Klemetzen
Om Sofie Klemetzen (1 artikler)
Sofie Klemetzen er versarvkoordinator i Sogn og Fjordane.

Hekseprosessane, Sylvi. Eg trur vi må snakke litt om dei.

Du er offer for ei heksejakt, seier du. Eg veit ikkje heilt kva du legg i det, men eg veit at du bommar grovt. Kanskje er du kunnskapslaus på feltet, og trur det er synonymt med «syndebukk» eller «uthenging», eller kanskje tenkjer du meir på at omgrepet vil vekke sympati hjå veljarane dine. Eg trur det er mykje begge delar. Sidan du lenge har vore PR-rådgivar av yrke, og nylig har trådd ned frå ein av landets mektigaste postar, synes eg at det er greitt å ta deg på retorikken din. At eg i tillegg kan få snakke litt til deg om kvinnehistorie (og i norsk samanheng: nordhistorie) i same slengen, ser eg som eit gode.

LES OGSÅ: Justisminister Listhaug tror Norge har hatt større befolkningsvekst enn India

Du var minister heilt til du, etter mange høgst kontroversielle utsegn (om eg skal uttrykke meg diplomatisk), måtte gå inn i den hakket mindre eksklusive stortingsklubben. Noko bål var det likevel ikkje. Når dette skjedde, heldt medie-Noreg sine mikrofonar opp mot din munn for å høyre dine formuleringar, og statsministeren gjekk på talarstolen og bad alle andre om å tenke på korleis dei ordla seg i det offentlege ordskiftet.

Hekseprosessane, ja. Eg veit ikkje kva du har lært om desse, men det var ikkje heilt slik dei tok form. I dei var det lite rom for offentleg tale for den skulda, og lite støtte frå statsleiarar å hente. Å finne opp heksa var ein måte å hindre (i all hovudsak) kvinner i å tale. Dei som vart råka var mange. Dei kunne vere kvinner som hadde hatt samleie utanom ekteskap (inkludert valdtekt), kvinner som kunne lækje (noko som her heime særleg gjorde samiske kvinner utsatt), kvinner som tala, kvinner med utprega talent og kvinner som hadde beskytta seg mot ektemannen sine slag.

Kvinner som hadde sagt i mot sin mann eller andre autoritetspersonar vart i nokre av dei mildare tilfella straffa med å «berre» bli iført skinnhette (hindre syn og hørsel), og knebla med ball (hindre tale), for så å bli piska naken gjennom gater til offentleg spott og spe.

I meir alvorlege tilfelle, kunne det ende med eld. Leser vi vitnemåla til desse kvinnene ser vi at dei ofte vart straffa for andre sine valdsbrot. Når dei fortel om «Djevelen som kom til meg om natta» og beskriver overgrepsaktige scener, var det ofte akkurat det som hadde hendt (bytt ut «Djevelen» med aktuell brotsmann). Kvinner fortalte om overgrep dei var utsett for, og vart straffa for desse med døden.

Andre vitnemål syner at kvinna sitt lovbrot var tale. Eit typisk tilfelle ser noko slik ut: Mann har hamna i ein uheldig situasjon. Fisket gjekk dårleg, båten sank, kua døydde, fekk sjukdom etc. Mann hugsar at ei kvinne sa noko stygt før dette uheldige inntreff. Kvinne vert tiltalt for hekseri. Det enda stort sett med elden for ho også, ofte etter grov seksualisert tortur. Nokre av torturinstrumenta og -metodane var så groteske at eg ikkje vil gå nærmare inn i detaljane her. Avhøyra vart i alle høve eit overgrep i seg sjølv, og søkte å øydelegge kvinnekroppen.

LES OGSÅ: Norge får sin første voldsdømte justisminister — Per Sandberg tar over for Sylvi Listhaug

Dette hadde sjølvsagt stor preventiv effekt. Kvinner var redde, haldt seg unna det offentlege og modererte seg sjølv. Familien kua den dei elska. Mødrer råda sine døtrer om å bite tennene saman, og ta i mot. Alternativet ville vere så inderleg mykje verre. Og ja, Sylvi. Eg veit du ikkje trur på kvinnekamp (til trass for at du paradoksalt nok hevder deg utsett for eitt av dei mest dramatiske utrykka for misogyni vi finn i nær fortid) så her kjem det sjølvsagte: menn vart også råka av prosessane. Andelen kvinner var likevel uforholdsmessig stor, og menn som vart råka, vart oftast råka fordi dei var tilknytt ei heksedømd kvinne, eller vart tillagte «feminine» eigenskapar. Ordet «heks» vert jo også den dag i dag forstått svært kjønna.

Uansett-

Ideen om heksa — eigenrådige kvinner med ein svikefull kvinnenatur — går langt tilbake. Lenge før kristendommen sitt inntog i Nord-Europa, og den henger enno att. Heksa har alltid stått tiltalt for sin seksualitet og sin tale. Dette skulle inn under mannens kontroll. Vi kan godt argumentere for at vi har element av heksejakt i vårt samfunn i dag. Eg trur attpåtil at det er fruktbart for å forstå korleis samfunnet sanksjonerer menn og kvinner ulikt, korleis vi driver sjølvkontroll og opererer med ulike moralstandardar, men eg synes ikkje at det er fruktbart for å forstå din avgang som justisminister.

Den moderne skandinaviske heksejakta tar mest form av eit overdrive fokus på overgrepsofferet sin oppførsel framfor overgripar sitt val. Av at kvinner som bryt ut av langvarige valdelege forhold får kjeft for å ikkje ha gjort det før, medan valdsutøvar ikkje vert snakka særleg om. Av at vi snakkar om at 10 prosent av kvinner i Noreg vert valdtekne (de kjenner alle ei), men ikkje at 10 prosent av menn valdtek (de kjenner alle ein). Av at kvinner ikkje vert lytta til i same grad som menn. Av at hennar vitnemål veg lettare enn hans. Av at hennar tale vert truga til stille med ein iver og detaljrikdom i trusselskildringar ein sjeldan ser den andre vegen. Av at kvinner enno vert drepen av sine nære for å kontrollere deira seksualitet, deira rørslefridom.

LES OGSÅ: Sylvi Listhaugs Horror Show

Ein kan kuriøst nok sjå korleis nettopp hekseprosessmotivet lever vidare og vert erotisert i pornografien og i seksuelle subkulturar (utan at vi skal felle moralske dommar over entusiastisk samtykkande vaksne i slike subkulturar), der både reiskapar, utstyr for å tvinge kroppar inn i positurar, kneblekuler, og skinnhetter som røvar brukaren for syn og hørsel, er kopiar av faktiske torturreiskapar brukt under hekseprosessane. Men dette er eit sidespor, Sylvi, sjølv om det er verdt å tenke den tanken ut.

Du Sylvi, har hatt ein av Noreg sine beste talarstolar. Denne har du nytta medvitent og kynisk. Ditt fag er kommunikasjon! Du opplevde at etter å ha kryssa grensa eit utal gongar, tala dei andre deg i mot (demokrati, ytringsfridom og parlamentarisme, der du), og denne gongen var dei ikkje nøgde med bortforklaringar og lunkne orsakingar. Du trakk deg. No må du greie deg med Stortinget sin talarstol og millionløn. Sidan du er friteken frå ministeransvar, står du paradoksalt nok friare til å ytre deg utan omsyn i dag enn i går. 

Dette er ingen hekseprosess.
Dette er inga knebling.

Eg kjem på andre som med langt betre grunn kunne ha hevda seg utsett for det. Ei ung kvinne som sa «Fuck Listhaug» på fest, for eksempel. Ho haldt seg for god til å dra den likninga. Det er eit stykke opp til hannar integritet, Sylvi, men den er vel heller ikkje ditt mål. Ditt mål trur eg er makt for makta si skuld, så det er vel difor du brukar offerrolla som flytevest. Det er greitt nok det, men la heksene i fred. Alt dei ønska var å leve med ei viss form for fridom. Å fråtre ministerpost var langt unna deira førestillingar om det moglege.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

23 kommentarer på Om hekser og ministrar – eit ope brev til Sylvi Listhaug

  1. Så bra – tusen takk for at du skrev denne teksten!

  2. AvatarSamfunnsdel // 2018-03-22 kl 12:44 //

    Det snakkes ofte på venstresiden om at amerikansk aggresjon er det som skaper IS-krigere (osv.). Har dere tenkt på at de som aggressivt kaller alle som har en annen oppfatning i innvandringsspørsmålet for rasister (osv) kanskje er med å skaper den hardheten de er redd for?

  3. AvatarIda mai lea hagen // 2018-03-22 kl 13:47 //

    Wow! For ein historirleksjon i heksekunnskap og anna. Takk, takk, takk. Viktig å kunne sin historie.

  4. AvatarSamfunnsdel // 2018-03-22 kl 15:31 //

    Så hva tenker dere om hovedbudskapet i memet Listhaug postet? Burde ikke politiet hatt lettere/hurtigere tilgang til muligheten til å luke i det norske bedet?

    • AvatarSofie Klemetzen // 2018-03-22 kl 16:07 //

      Så kva tenkjer du om innhaldet i teksten du kommenterer under? Bør ikkje den være utgangspunkt for diskusjon her, og andre kjepphestar bli bragt til sine passande stallar?

      • AvatarSamfunnsdel // 2018-03-22 kl 16:15 //

        Svar først du.

        • AvatarSofie Klemetzen // 2018-03-22 kl 16:50 //

          Eg er her for å diskutere temaet i teksten eg har skrive. Om du er ute etter å diskutere andre tema (det finnes nok av andre stader dine tema passer inn), kjem eg ikkje til å ofre deg meir merksemd.

  5. På nynorsk heiter det «samlege», ikkje «samleie».

    • AvatarSofie Klemetzen // 2018-03-24 kl 16:03 //

      Takk for innspel om di føretrukne form av ordet. Eg føretrekk «samleie», då språk i stor grad handlar om kommunikasjon, og eg kommuniserar mest effektivt om eg kan nytte ord som ikkje kjennes framande for meg. At språk endrar seg, ligg i språkets natur, og soleis er den eine forma ikkje meir «eigentleg» enn den andre. «Søvn» er ikkje mindre eigentleg enn «svevn» og «tenke» er ikkje mindre eigentleg enn «tenkja». Alt dette er «eigentleg» av di dei finnes i eigenskap av menneskeleg konsensus, og det verbale språket han ingen verdi utanom denne konsensusen. At språket endrar seg i takt med brukarane sin konsensus ser vi forøvrig mellom anna i at vi i følgje offisiell rettskriving ikkje skal bruke -t på slutten av «eigentlegt» meir.

      • Eg veit ein ikkje skal bruka «t» der, men konservativ nynorsk kling mykje betre enn den liberale.

        – Eit døme: «Å elska, det er å leva», kling mykje betre enn «å elske, det er å leve».

        Dersom nynorsk stadigt vert liberalisert, vert skilnaden millum nynorsk og bokmål so liten at det ikkji er vits i å hava tvau skriftmål.

        Skal ein halda vedlika det fina, kan ein ikkji endra den upphavelega språkskrifti for umfattande.

        • AvatarSofie Klemetzen // 2018-03-24 kl 19:18 //

          Føremålet mitt når eg skriv tekst om sak, er ikkje skjønnheit. Det er å kommunisere innhald. Ein kan like at språket utviklar seg eller ikkje, men slik har det alltid vore, og slik vil det alltid bli. Kvifor skrive noko anna ein gamal-norsk til dømes? Det er jo svært vakkert slik det står i dei eldre utgåvene av Edda og Håvamål. Det vert absurd i mine auge å velje ei tid sitt språk som «det eigentlege» og forkaste resten som forfall, når sjølve naturen til språk er å vere i endring. Men altså: skriv eg dikt, er eg oppteken av skjønnheit og form, og då vel eg andre omgrep enn eg gjør i det daglege. Kva eg vel eller ikkje, og kvifor eg gjør det, er like fullt min sak, og eg ser ingen grunn til å svare til andre enn meg sjølv når det kjem til dette.

          • Ja, du hev dine poeng. Eg vil avslutta med å ynskja deg Goda Påska!

          • På nynorsk bør du skrive God Påske.
            Elles er det etter mi meining det same og nokon vel å skrive samleie eller seksuell samhandling eller økslingsøvingar.
            Nynorsk skriftmål er til å sende ut ein bodskap og til å få bodskapar frå andre og til å spreie vurderingar og meiningar og fakta.

    • AvatarJoakim Moellersen // 2018-03-25 kl 21:36 //
      • Det visste jeg, men jeg snakket om hva som er best på nynorsk. Gledelega Påska til deg og!

  6. Ordet hekseprosess vert ikkje lnger berre nytta om ein prosess retta mot ei kvinne som er og vert skulda for hekseri og magi og vonde påfunn, for bruken av ordet hekseprosess no i vår tid gjeld også flokk-åtak på ei kvinne i eintal og slik at flokken er pressefolk eller politikarar.

Kommentarfeltet er lukket.