Amerikansk militærbase i Troms aukar faren for krig

Utan politisk diskusjon er Norge plutseleg eit krigsmål i ein heilt annan skala enn det vi har vore tidlegare.

Steinar Eraker
Om Steinar Eraker (6 artikler)
Steinar Eraker er pensjonert rørleggar og bur i Sandnes. Han er aktiv innan fredsarbeid, aktivist i Stopp NATO og krigsveteran.

Avisa Fremover kunne 5. oktober melde at US Marines får fast base på Setermoen i Indre Troms.  Forsvaret ser på løysingar for å kunne ta imot 400 amerikanske soldatar på permanenet basis. Dersom alt går etter planen vil soldatane vere på plass allereie i 2018.

Same opplegg for Setermoen som for US Marines-basen på Værnes. Og at amerikanarane ser på dette som meir enn ei vanleg øving blir bekrefta ved det faktum at US Marines sende sin øverste sjef, Robert Neller, for å delta i befaringa av lokalitetane.

LES OGSÅ: Statsbudsjettet er et krigsbudsjett

Stortinget ikkje informert
Heller ikkje denne gong er Stortinget informert om planane. Og nok ein gong køyrer regjering og Forsvaret eit sololøp.  Dei skjuler seg bak påstanden om at dette ikkje er ein permanent base, men at soldatane skal rullere i ei rotasjonsordning.

Men bruken av ordet rotasjon er omskriving av realitetane. Forsvaret kallar det «rotasjonsbetinga trening», men i røynda er det ein permanent base.

Amerikanske militære styresmakter er meir opne om realitetane. Den amerikanske nettstaden Military.com skriv om Norge i si utgåve 11. mai i år. Her kjem det fram at US Marines vil legge sin europeiske hovedbase til Norge. Og dei intervjuer sjefen for Heimevernsdistrikt 12, Haakon Waroe.  

Han legg heller ikkje skjul på noko: «I would like to see US beeing able to continue what we have already established».

Klassekampen siterar Marine Corps Gazette på at «Norge er slagmarken i en potensiell framtidig konflikt med Russland».

Vi kan iallefall trygt slå fast at med 330 US Marines på Værnes og 400 i Indre Troms er dei oppe i ein styrke som kan måle seg med det US Marines har i resten av Europa. Og utan politisk diskusjon er Norge plutseleg eit krigsmål i ein heilt annan skala enn det vi har vore tidlegare. Ikkje minst så har amerikanske militære styresmakter oppnådd det uttalte mål om base i Norge. Alt dette medan politikarane går seg vill i ord og begrep og viser liten vilje til å diskutere tryggingspolitikk og militære spørsmål.

LES OGSÅ: Alliert med Donald Trump

Baseerklæringa
Og medan debatten om forsvarspolitikken stort sett dreiar seg om distrikt og lokalisering så vil vi ta fram baseerklæringa frå 1949. Vi vil blåse støv av følgande setning: Vi skal «ikke tiltre noen overenskomst med andre stater som innebærer forpliktelser for Norge til å åpne baser for fremmede makters stridskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trusler om angrep».

Dette var klar tale som blei gjort kjent for amerikanske styresmakter i brevs form og var offisiell norsk politikk gjennom heile den kalde krigen.

No er vi på god vei inn i ein ny kald krig. Vi ser det i Europa og vi ser det i Norden. NATO rustar kraftig opp og stormaktene står nærare kvarandre no enn tidlegare. I Norden har alliansen flytta sine interessesfærer lenger austover og nordover.

Som ledd i taktikken har dei intensivert samarbeidet med dei alliansefrie landa, Sverige og Finland. Når stormaktene kjem nærare kvarandre blir varslingstida ved konflikt kortare. Difor er faren for atomkrig ved eit uhell større enn under den kalde krigen.

Det er ingen tvil, planen om den nye basen på Setermoen vil vere ein del av den auka opprustninga  i Norden. Norge er som medlem av alliansen medansvarleg for dette. Faren for krig aukar proposjonalt med opprustninga. Det er sannsynleg at ein krig i Europa vil bety bruk av atomvåpen   og at eit opprusta Norden blir eit attraktivt bombemål.

Kvar krone brukt på militæret er med på å skape grunnlag for fortvilelse, død og øydelegging både ute og heime.

Og at kvar krone brukt på fredsarbeid og velferd skapar positiv samfunnsutvikling er det liten tvil om.    

Fredsorganisasjonane har eit særkilt ansvar for å sette seg saman. Med fokus på den bredda og mulegheitene som finnes bør det kunne meislast ut ei brei folkerørsle mot krigspolitik og opprustning.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

7 kommentarer på Amerikansk militærbase i Troms aukar faren for krig

  1. Medlemskapet i NATO må opp til folkeavstemming ! Slik det nå er, risikerer me å bli dratt inn militært i USA sine konfliktar rundt på kloden. Aktuelt eksempel: Afghanistan. – Slutt deg til Fb gruppa ‘Folkeavstemming om medlemskapet i NATO’.

  2. AvatarMagnus Skrunes // 2017-10-13 kl 17:55 //

    Med baser basert på et rotasjonsprinsipp – smart måte av amerikanerne å få skolert flest mulig i krigføring på og fra norsk jord – inntas nå Nord-Norge av amerikanerne. Ikke rart russerne er bekymret!

  3. Avatardensensurerte // 2017-10-13 kl 18:06 //

    Vi bør være glad for at det fortsatt finnes noen som tenker at landet vårt er verd å forsvare.

  4. AvatarOnkel Skrue // 2017-10-19 kl 15:39 //

    Hvorfor heter det fortsatt «Forsvaret» ? Det bør bytte navn til «Angripsstyrken» eller noe sånt.

  5. AvatarEspen Franck-Nielsen // 2017-10-21 kl 11:15 //

    Det siste vi trenger nå er en ny kald krig. Vi trenger ikke noen kapprusting eller et nytt atomkappløp.

  6. AvatarPer Sigvald Johansen // 2017-10-26 kl 21:09 //

    Tror ikke en skal blåse opp dette.
    Den virkelig faren ligger jo i Nord-Korea nå.

Kommentarfeltet er lukket.