Menneskesynet hos sosialister

Venstreradikale er einaste politiske kraft som ikkje berre kan slå tilbake, men vinne siger mot kapitalismens menneskesyn.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Sosialist — som eit minimum kan ordet i dag vere nemninga for stridande imot rovdyrkapitalismen.

Trivst ein ikkje under ”sosialist”, så kan ein her tenkje: ein eller ei som trivst i den politiske  meiningsproduksjonen innan radikal verksemd. Eller berre ein person kritisk til rådande makttilhøve. Ikkje radikal muslim eller høgreradikal, men politisk radikal, eit venstresidemenneske. Oslo eller ikkje Oslo. Kva bør vårt menneskesyn vere?

Dei som står for rovdyrkapitalismen, under desse oljekapitalens herrar (og deira medløparar), dei har lang tid utfalda sitt menneskesyn. Dette har vore og er særs konsekvensrikt. Millionmassane av oss  og planeten Tellus sjølv, lid no akutt under deira menneskesyn. Her er eit framlegg til korleis vårt kunne vere.

Menneskes høgste moglegheiter
Med ein gong: Somme er framande for sjølve omgrepet ”menneskesyn”. Eg meinar ikkje kva ein ser i den erotiske attraksjon. Eg meinar: kva er det viktigaste ved eit eksemplar av vår art, sapiens? Kva moglegheiter står ein overfor når ein har dekka eigne primære behov og kan stå og berre betrakte eit menneske og grunne over det? Eg meinar ikkje då den biologiske eller fysiologiske status, ikkje  oss som dyr, slett ikkje personleg ”vellykkethet”, karriere, men meinar kva er no vår fremste verdi, kva er ånds tilstand i oss, sjels tilstand, vil gjerne religiøse seie, desse  våre mogleg allierte. Stutt sagt: spørsmålet om menneskesyn er å spørje om verdien det inneber og om eit menneskes høgste moglegheiter.   

Spørsmål vi alle saman kan stille oss, når vi ser på vår eiga art og tenkjer over kva den er. Som vi bør stille oss. Spørsmålet går djupare enn antirasismen. For “rasane” er jo berre desse meir utvendig ulike variantar av sapiens. Svaret ein gjev her, har direkte konsekvens for utviklinga for planeten og for våre liv både familieliv og arts liv.

Livet og universet
Universet, ein kjem ikkje unna å tenkje på det, når menneskesynet er tema. Kunnskapane astronomien og astrofysikken legg fram. Det seier eg og til kvinnene. Dei interesserer seg med sjeldne unntak mest ikkje for kva astrofysikken fortel. Truleg mest fordi deira barnefokus er så sterkt. Det er dei som føder, på grunn av det, gjerne meir jordbundne. (Ifølgje ein ny forskingsrapport frå USA, skal derimot siste årskulla ha eit fleirtal kvinnelege studentar). Men meir grunnleggande så er universet vår mor. Prosessane tilknytte soler, galaksar og sjølve Rommet dei finst til i, ikkje minst. Når eg stiller opp eit lite teleskop på tunet, ser nokre soler. Set så inn eit wide field-okular og ser 60 av dei. Då tykkjest eg få eit lite glimt av vår primære ”mor”. Men kald er denne. Bryr seg ikkje med dei framkomne barna.

Det eg ville seie: frå astronomiens data ser vi kor ufatteleg sjeldan alt liv er, kor mykje hending og tid som ligg bak til dømes ei supernova. Som astrofysikk seier det: utan desse enormt masserike solene, var her ikkje ei einaste levande celle. Berre ut frå dette eine utsynet synest eg liv har særs stor verdi, og menneskeliv enno opp mange hakk, ein ekstra verdidimensjon. Eg meinar difor også at sjølv dei fysisk elendigaste, dei sjukaste av oss, allereide berre av denne første grunnen, har nærast uvurderleg verdi.

Tenkjer ein enno noko på Star Wars-eventyra? Noko tanke kan oppstå via science fiction og. Reelt kan det finnast typar ”liv” vi av grunn vår arts avgrensingar, er utelukka frå for alltid. Kan hende er vi altfor trygge. Reelt kunne det finnast ”liv” som kan ha kontakt med oss, men ikkje omvendt. Kan hende dei ser kva som vert gjort no, mot tusenvis arter og vår eigen og diskuterer: ”bør det få halde på slik vidare der borte”? Vel, det er berre ein tanke. Men, lys, fotonstraum har blitt registrert som har vore på veg meir enn 13 milliardar år og har i denne tida mest truleg berre vandra gjennom rommet utan nokon gong å passere ”liv”. Her hjå oss er mykje av ”liv” men her vert det i stor utstrekning no i dag dårleg behandla. Her rår krig — ein utryddar ein høg verdi målmedvite. Men livet vert og elles brutalt behandla. Det vert stutt sagt mishandla av rovdyrkapitalismen. Rike slekter øver seg og sine opp til å bli meistrar i omsynsløyse. Talmessig få mammontilbedarar hopar opp makt og pengar, men livsgrunnlaget for tusenvis arter vert utarma eller rive vekk.

Venstreradikal er dei einaste som kan vinne
Menneska, dette ufatteleg sjeldne og verdfulle som noko overdrive av Jostein Gaarder har blitt kalla ”Universets medvit”, vert i dette kontinuerlege reklamehelvete som ein har vand seg til, betrakta mest som ei innteningskjelde for rikfolk. Menneska. I Europa og i alle fall i Skandinavia, har dei for meg å sjå, lite med himmel over seg lengre. Den fysiske himmelen er sterkt truga, mest alle veit det. Som kulturell himmel by ein oss show på show på show. Som kulturell himmel byd ein oss tingdyrking og døgnet rundt reklame. Mellom anna for ideelle kroppar. Ungdomar blir lært at deira verd ligg i å sjå slik og slik ut. Dette så ekstremt no, at nokre smarte sopar inn pengar på at unge kvinner vil betre utsjånaden på skjeden. Dette er sjølv objektifisering som er uhyggeleg. Kunne ein berre fått fram i lyset motoren for dette, dei som ser pengar idet og vi kunne eigenleg hatt nytte av å vite nett kor mykje også. Menneskesynet som her vert utfalda, ja eg er freista å meine det burde straffast, det å fremje det. Snart er dei venstreradikale, dei kristne kan hende også muslimar den einaste motstand mot slikt. Og den tykkjest ikkje sterk.

Venstreradikale i landet er no i denne stoda. Vårt håp, vår von for å seie det mykje vakrare — vi er einaste politiske kraft som ikkje berre kan slå tilbake, men vinne siger mot kapitalismens menneskesyn.

Vårt menneskesyn, eit menneskesyn som tek vare på vår art og alle arter er ikkje fiks ferdig. Men det å slåst mot rovdyrkapitalismen eg meinar sjølve vår vilje til å slåst mot den og verdien av det å stå i og leve i vår type politisk kamp, bør vere sentral søyle i vårt menneskesyn. Ja, må for hundre to hundre år framover vere eit hovudelement i det.

Ideologien vi må skape
Det tilhøyrer ein sivilisasjon som ikkje er her med nokon effekt enno. Jau, den er her som små spirer. Vi radikale vi som står til venstre og kan hende også grupper av religiøse
er desse spirene og er dei som må ha som tidhorisont tvillaust hundrevis av år for arbeidet vårt. Vi lyt på eit vis med eit rykk av viljen, frigjere tanken vår frå alle desse pengestyrte overflater. Vi må vekk frå forflatinga, reduseringa til underhaldning utan tanke som dominerer no, for saman å kunne fremje eit menneskesyn og eit syn på Jorda der bærebjelken er eit kjærleikstilhøve mellom vår eiga art og Jorda, som absolutt aldri har vore før. Og det er ikkje svevande i det heile teke, for eg meinar kjærleik av første trinn, det å tilkjenne alle arter respekt i sine livsrom. ”Agape” kalla dei tidlege kristne ideologar til dømes Paulus, slik type kjærleik. I staden for utbytting av menneske og klode lever då omsorg, respekt,  ”barmhjertighet” ville religiøse kunne kalle det. Der dette hardt tilkjempa ”indianske” tilhøve til Jorda og hennar vakre rike mangfald, er ein stor verdi, ja største verdi og som vi kan leve og oppleve våre liv i dyrking av. Viser her til kulturreligionen i det gamle Egypt, deira tilhøve til artene og naturmangfaldet, som vi enno no i dag kan lese ut av deira kunst. Men ikkje berre frå den; også ut frå innhaldet av skriftene deira, ja, ut frå det ”bokstavane” deira viser fram: sjølve hieroglyfane og tilhøve mellom artene og desse, i sjølve deira skrift er jo framstilt fuglar, insekt, dyr, fiskar.

Lys fanga opp av våre observatorium har reist opp til 13 milliardar år. Det har mest truleg aldri reist forbi noko liknande som «oss». Men her vert det diverre likevel drepe vidare. Her til let ein artsdøden halde fram. Og noko av det forferdelegaste: born vert også i vestlege samfunn i for liten grad sett. Dei vert mange av dei, i staden plaga og kua og sett på som noko slags eigedom som foreldre «har».

Sidan Sokrates har den stolte tradisjon å gå til rota, vere radikale, funnest på Jorda. Radikalismen gjeld aller først vårt eige indre, dette å ta oss sjølve på alvor som individ og spørje etter vår sjel (medvit) og kvaliteten på denne. Dernest å avgjere med intellektuell redelegheit og logisk tankeføring nett kva av den omkringflytande ideologi det er rett å vere med på; så: kva for ideologi vi må prøve på å skape.

Den revolusjonære Jesus
Jesus frå Nazaret, vi radikale kan sjå bort frå hans fremjing av det problematiske «Gud» som han på eit vis døydde i kamp for. Men vi kan ta til oss den revolusjonen han også stod for: at kvart menneske er ei kosmisk storheit i seg sjølve og skal difor ikkje lye 10 000 ytre reglar frå farisearar og makthavarar, men sjølve gjere rekneskap og ta opp til vurdering dei største «ting». (Luther ville attende til den revolusjonen. Difor striden hans mot avlat og det ytre i katolisismen). Som følgje av denne fridomstrongen deira døydde både Sokrates og Jesus bokstaveleg tala i kamp for sitt menneskesyn. Sjølv om dei ikkje leia hærstyrkar. Eg tykkjer det står umåteleg stor respekt av det å døy på den måten. Men alle dei lunkne «spyttar Herren ut av sin munn» står det skrive.

På ny, kva er det vi ser når vi betraktar eit menneske? Martin Heidegger, elles ein tvilsam figur i mangt, var for eksistensialismen noko nær det Newton var for vitskapen. Han skriv at kvart menneske er eit «der» eit mental «stad». Det er jo i denne «der», denne mentale «stad» at alt som er (realiteten) lyser opp, som han så poetisk har sagt det. Altfor poetisk tykkjer eg, men viktig sagt. For har han rett er det jo i denne «stad» at verdikamp pågår, ein veldig langsiktig og dagspolitisk strid om kvaliteten på liva våre strid som og kan verte blodig strid, akutt maktkamp. Men det vert feil å tale om kosmisk kamp. Slett ikkje noko «Star Wars» for vi er slett ikkje noko medvit for kosmos, men kun vår arts medvit, nett vår art sitt blikk på kosmos, vi er berre sapiens sin måte å oppfatte kosmos på. Kvalane har ein annan.

I dette Heideggerske «der» vert det avgjort: «Kven skal arve Jorda». I milliardar av «der» vert det no og framover avgjort: skal ho og menneskemassen utplyndrast eller skal jord og arter bevarast og fremjast mest det går.

Vi deg til strid
Strid. Dette synet på kva vi mennesket er, mange av oss forankrar det i ein Guddom, til dømes den «radikalismen frå Vårherre» som Jesus frå Nazaret synte, åndeleg og politisk. Dei grunngjev då med sjølvaste den æveleg  eksisterande Menneskeguden, at mennesket er frå gud og kan gå attende dit og leve æveleg. Og thats it. Andre kan som eg grunngje berre på tankane om kva som med vår art sapiens er kome fram i eksistens. Først og sist er framkome eit stort kosmisk ansvar for kvar av oss sidan vi, sapiens, no er i stand til både å rive ned og bygge opp Tellus.

Eg byggjer på det dennesidige, jordiske, fullt ut. Sjaltar ikkje ut empirien, men vil støtte endå meir dei som samlar den inn og tolmodig forskar dag for dag på våre vilkår og moglegheiter. Eg byggjer på samhaldstanken. Eg tykkjer vi er på eit vis den. Ikkje samhald for å drive utbytting, men det motsette. Vi er samhaldet vårt for å verne Jorda no. No i denne farlege tid og vi er samhaldet for å byggje ein sivilisasjon. Vi går ikkje i noko fylking, men vi som seier vi står til venstre, er så visst i strid. Det må vi vere og vere stolte av om vi skal nå opp til vårt optimale som menneske. Strid for Jorda og like opphavleg strid for å betre kvart menneskes «blomstringsmoglegheiter».

Det er verdig for oss å stri for desse måla.

Snillheit mot utbytting
Somme talar med forakt om snillisme. Og meiner vi er for snille med asylsøkarar og hjelpetrengande elles. Etter at nasjonen har berika seg på øydinga av atmosfæren i 40 år, den heile menneskeætta har rett til, så har ein ikkje noko å tilby når medmenneske treng oss. Ei stor skam etter mitt syn og Listhaug er berre ein påfallande «tv-smart» eksponent for slik låg handling.

Snillheit det er sentralt også i menneskesynet. I samhaldet må jo snillheit vere utgangspunktet. Dei fleste veit kva snillheit er, trass i om det ikkje kan reknast ut, målast og vegast. Ein er snill når ein let handling fylgje sitt menneskesyn og strir mot utbyttarane, vernar luft og vatn og kvardagen til ein hjerneskadd, «hjelper til å fjerne plast». Er ikkje snillheit inkludert i menneskesynet då er ein allereie på feil side. Døma på slikt menneskesyn som er utan snillheit som viktig komponent, ja konsekvensane av det ser vi jo. Så får ein ta høgde for at også utbyttarslektene, fienden, desse som står for oljemammon kloden rundt, også seier: «Men vi er snille, takk oss de, for at de får pumpe ennå meir olje».

Handlar vi etter vårt venstrepolitiske menneskesyn som her skissert, meiner eg at vi, som dei seier det i kyrkja, handlar verdig og rett.

Døden forteljar oss korleis vi skal leve
Det
er noko stort ja, om vi greier vere snille. Vi greier ikkje alltid det. Men vi veit kor tid vi er det og ikkje. Samvitsropet seier frå om det. «Ruf des Gewissens» skreiv Heidegger. Det var rett nok i 1927 det, men årstalet der, det spelar inga rolle.

Vi må verte såpass snille at vi nyttar alt vårt livsoverskot for å overvinne den krafta som time for time framleis lukkast med sitt misbruk av denne vakre mystiske Jorda og artene på henne. Er dette snillisme så må vi seie avgjort ja til den. Vi skal ennå til gå lenger og ha snillismen som motor i menneskesynet. I menneskesynet må også inngå at vi tiltrur oss sjølve, no medan vi lever, å sette i gong med noko verkeleg stort, noko som kan gje oss ei høgtideleg overhøgd over livet, gud eller utan gud.

Det vil vere noko stort, stort nok, å sette seg føre å skipe ein sivilisasjon der snillheit styrer alle handlingar overfor Menneske og overfor Jord. At denne samlivstypen mellom Jorda og oss, kall den gjerne heilag, no er særs langt vekke frå oss, er ei anna sak.

Held vi intenst saman for å realisere desse måla, vert også det å døy noko lettare for oss. Også unge bør tenkje på døden. Memento mori. Mellom anna fordi dei må tenkje på korleis dei skal leve.

Vi kan etter mitt syn då leve våre liv med masse plussfaktorar og vi kan døy slik at vår ånd (medvit) som uansett vil ha sett i verk saker og ting som aldri kan forsvinne frå den kosmiske heilskapen, vil verte hugsa som noko det var ei hjelp i. Vi kan slik også tenkje på vår død som ein død i rettferd, som i Egypt Ma- at og meine at den «er noko i vinden, slik den ein gong vil fare over kloden, den dag når striden er vunnen.»

Alderdom, sjukdom kan stille dei hardaste krav omsynslaust til oss menneska.

Men langvarig elende, ein smertefull død eller ikkje, vi vil då kunne seie at når tida kjem så døyr vi  godt.

Rovdyrkapitalisme og overlevnad
Eg ser det nesten litt motsett som dei norrøne forfedrene våre her. Dei og dyrka sin intense fridomstrong opp mot alle overherrar, men alltid var ættas fridom og grensa. Og personleg stoltheit, ære. Den var nok for dei. Men vi venstresidefolk krev fridom og lukke for Tellus og for sapiens. Ikkje noko mindre.

Eg meiner at å dyrke sambandet vårt intenst, med mål å verje dei svake, det svake og gjere dette svake sterkt og så nesten vilkårslaust stri for dei snilles siger, det er ære og eit framsteg frå dei norrøne si.

Den får vere vår ære. Gjerne ikkje så stor som den æra Leif Welding-Olsen framleis er tilordna, han som fall treft av mitraljøser etter han gav angrepsordre frå vaktbåten Pol 3, mot tyske marinestyrkar i Oslofjorden, mot den i mørkret framsiglande Blücher. Men og vi kan hauste noko ære vi og. Mest sjølvsagt dei unge og ikkje er det tomt ord. For rovdyrkapitalen og kreftene som øyder kloden time for time, er betydeleg farlegare fiende enn tyskarane var det. Fordi det står ikkje berre om herredømme over Europa, det står om vår arts liv eller ikkje liv på denne planeten. Her vi er heilt i utkanten, 30 000 lysår frå galaksesenteret. Eller så om lag.

Så her er ikkje framlagt eit menneskesyn til å drive kontemplasjon, men eitt til å sette inn i strid straks.

Lat oss vone vi ikkje kjem der at nokon av oss lyt døy for jorda, for oss og for naboartene på henne. Lat oss berre vone at politi og hær til dømes i «Standing Rock» roar seg i tide. Lat oss vone det. Men vi og dei unge (om dei kjem seg i gang), vil måtte føre alle våre folks harde strid for sin livskvalitet, i dag og om hundre år. Og eg siterer til sist Mikael Wiehe i den viktige Victor Jara-songen hans: «Att dø før sitt folk det veger tyngre enn sten». Vi slepp truleg med mindre enn det offeret. Men i alle fall vil ikkje meir trengast.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.