Ei historie om to menn og ein rettsstat

En historie om to mennesker, og hvem disse er for den norske staten.

Kari Bergset
Om Kari Bergset (1 artikler)
Kari Bergset arbeider med doktorgrad om foreldreskap i eksil ved Høgskolen på Vestlandet.

Noreg år 2000
Person A er ein mann på 31 år som er nestleiar i eit politisk parti. På eit årsmøte i ungdomspartiet utnytta han makta si ved å skjenke ei jente på 16 år (straffbart) og så ha sex med henne på sitt hotellrom. Jenta seier seinare at ho var «dritings» då dei hadde sex. I januar året etter lyg person A til TV2 i eit intervju, og seier at historia er falske rykte. Person A må seinare innrømme at hendinga med jenta skjedde. Han blir politietterforska, men saka blir henlagt.

Same år søkjer person B, ein 14 år gammal gut, asyl i Norge. Han er mindreårig og under kriminell lågalder i Noreg. Han får opphaldsløyve og blir seinare norsk statsborgar. Ein eller annan gong i prosessen hevdar UDI at han ikkje snakka sant om kva land han kom frå då han kom til Norge som asylsøkar. Dette spørsmålet er enno ikkje avklart. Han har dokument som tilseier at han kjem frå det landet han oppgav då han kom .

17 år går. Gjennom desse åra gjer begge mennene samfunnsnyttige jobbar på kvar sin stad i landet, der dei er vel omtykte.

Noreg år 2017
Person B blir fråteken norsk statsborgarskap på grunnlag av det uavklarte spørsmålet om han snakka sant då han søkte asyl som 14-åring. Ein innvandringspolitisk talsmann seier at ein kan ikkje la vere å handheve lova sjølv om folk oppfører seg eksemplarisk i tida etter at den påståtte feilopplysninga vart gjeven.

Person A blir olje- og energiminister. Når han blir konfrontert med hendingane i 2000 og 2001 som er nemnde ovanfor, seier han: «Jeg håper at folk kan se på jobben jeg har gjort og jobben jeg skal gjøre.»

Den innvandringspolitiske talsmannen meiner altså at eksemplarisk oppførsel i tida etter ei mistenkt løgn ikkje skal telle, og det er rimeleg at person B skal bli fråteken statborgarskapet. Person A meiner at den eksemplariske jobben han sjølv har gjort etter ei erkjent løgn til TV2 i 2001, skal telle til hans fordel, og det er rimeleg at han kan bli minister.

Det er den norske staten som gjer den eine til minister og tek frå den andre statsborgarskapet.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.