«Peres sin innsats for fred bør inspirere oss alle», sa statsminister Erna Solberg. «Da fredsprosessen stoppet opp, beholdt Peres håpet og talte for fred og forsoning til det siste», sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre etter Peres sin død. Den kinesiske krigsstrategen Sun Zi meinte krigføring er kusten å villeie. Shimon Peres sitt ettermæle i Vesten viser at han beherska denne kunsten svært godt.
LES OGSÅ: Nationaltheateret bør beklage
Israel som moderne våpenmakt
Shimon Peres starta karrieren sin i 1947 som rådgjevar i den paramilitære organisasjonen Haganah. Oppgåvene hans var enkle: skaffe våpen og folk som kunne bruke dei. På 1950-talet hadde Peres rolla viktig strateg bak utviklinga av Israel som moderne militærmakt gjennom å sikre hemmelege våpenavtalar med Vesten. Dette kravde eit smidig diplomati i ein periode prega av strengare kontroll med våpenhandel til land i krig. Den norske staten var først tilbakehalden med å selje våpen direkte til Israel. Men valde å i 1956 å selje 33 Vampire-fly til Israel gjennom ein britisk investor som mellommann. Dette var berre nokre månader før Suez-krigen braut ut.
Strateg bak Suez-krigen
Shimon Peres blir rekna som hovudstrategen bak Suez-krigen. Det var han som kom opp med den falske teorien om at Egypts president Nasser forsynte våpen til FNL i Algeria for å få Frankrike med på krigsplanen. Peres fekk Frankrike med på at Israel skulle få delar av Sinai som krigsbytte og at Frankrike skulle hjelpe Israel med å etablere eit atomkraftverk.
LES OGSÅ: Norge hjelper Israel med å stjele palestinsk olje
Atomvåpenprogrammet i Dimona
Dette løftet innfridde Frankrike, men landet kunne ikkje stille opp med alle nødvendige delar. Peres klarte då å få Noreg til å selje 20 tonn tungtvatn og laboratoriumsutstyr for produksjon av plutonium til det israelske atomprogrammet. Prisen var det dobbelte av marknadspris, og det norske konkurransefortrinnet var at salet var utan vilkår og tilsyn. Til samanlikning kravde USA inspeksjonar som del av eit tilsvarande sal. Nyleg degraderte dokument viser at norske myndigheiter var klar over at utstyret var for å produsere atomvåpen. Etter at Mordechai Vanunu avslørte atomprogrammet for omverda i 1986 er det blitt allment kjent at Israel har fleire hundre stridshovud. Shimon Peres kunne forsikre Gro Harlem Brundtland at tungtvatnet ikkje hadde blitt misbrukt. Seinare er det blitt avslørt at Peres inngjekk ein avtale om sal av atomvåpen til Sør-Afrika allereie i 1975.
Pådrivar for kolonisering
Peres hadde i 1969 ein kort post som innvandringsminister, deretter minister for transportkommunikasjon frå 1970. Dette gjorde at han såg behovet for å utvikle koloniar i dei okkuperte områda. Som forsvarsminister godkjente Peres dei første israelske koloniane djupt inne på Vestbreidda. I 1975 gjekk han bak ryggen til statsminister Rabin og førte Knesset bak lyset då han gav støtte til kolonien Ofra. I 1976 godkjente han deretter kolonien Sebastia (seinare Kedumim). Vedtaka gav legitimitet til den ytterliggåande busetargruppa Gush Emunim som skulle stå for opprettinga av ei rekkje fleire koloniar dei neste tiåra.
Som statsminister mellom 1984 og 1986 slo Peres gamle rekordar. Aftenposten skreiv 10. desember 1986 at:
«I disse to år, mens regjeringen ble ledet av det israelske arbeiderpartis formann Shimon Peres, øket faktisk antall kolonister på Vestbredden mer enn i noen tilsvarende periode siden bosettingsvirksomheten ble innledet omkring 1970.»
LES OGSÅ: USA gir Israel våpenpakke verdt 313 milliarder kroner
Utnytta svakt PLO
I israelsk politikk var Peres, som mange andre, motstandar av forhandlingar med PLO og ideen om palestinsk sjølvråderett. Då PLO i 1988 vedtok den historiske resolusjonen som i praksis opna for ei tostatsløysing var Peres kjapt ute med å åtvare verdssamfunnet mot å nærme seg organisasjonen. På byrjinga av 1990-talet var PLO historisk svekka: Avviklinga av Sovjetunionen og Arafat si støtte til Saddam Hussein gjorde at organisasjonen var utan støttespelarar og nærmast bankerot. I tillegg hadde intifadaen isolert den Tunis-baserte PLO-leiarskapen. Desse faktorane gjorde det realistisk for Peres og Rabin å gå inn i forhandlingar med utsikter om å komme ut igjen som vinnarar.
Mikrofonavlytting
I sin rapport om Oslo-prosessen meiner Hilde Henriksen Waage at Noreg var langt ifrå ein nøytral part og låg derimot til rette for eit utfall som var i favør av okkupasjonsmakta. Som påvist av Odd Karsten Tveit utleverte utanriksminister Johan Jørgen Holst, ein sentral tilretteleggjar under forhandlingane, fortruleg informasjon om PLO sine posisjonar til Peres. Holst hjelpte òg israelarane til å presse Arafat til å gå med på å utsetje temaa Jerusalem, Israel sine grenser, flyktningane og dei ulovlege koloniane. Ein annan viktig fordel Israel hadde var at Mossad hadde infiltrert PLO-kontoret i Tunis og fått installert ein mikrofon som sikra informasjon om PLO sitt indre liv og ikkje minst forhandlingsstrategiane deira. Det var på denne måten Peres visste at PLO var midt i ei økonomisk krise. Dette gjorde det lettare for Peres å presse palestinarane til å signere.
Institusjonalisering av okkupasjonen
Resultatet av avtalen kjenner vi i dag. Palestinarane får administrere sivile medan okkupanten har totalt herredømme over rørsle, økonomi og naturressursar. Israel har fått fritt spelerom til å fortsette koloniseringa av Vestbreidda og Jerusalem. Kostnadane ved okkupasjonen blir attpåtil finansiert av de norskleia spleiselaget Gjevarlandsgruppa. Gjennom Oslo-avtalen hadde Peres sikra Israel ein avtale som på mange måtar var gunstigare enn Allon-planen, skissert av den israelske statsministeren Yigal Allon like etter seksdagarskrigen i 1967.
– Vi har narra palestinarane
I den grad Peres såg for seg fred med palestinarane så var det økonomisk fred. Hans visjon var ein visjon om økonomisk samarbeid med palestinarane og nabolanda der Israel kunne vinne større eksportmarknader og få tilgang til billig palestinsk arbeidskraft. Dette var ein visjon om eit sterkare Israel og handla ikkje om palestinsk suverenitet. Lite tyda på at Peres hadde tenkt å gå med på opprettinga av ein palestinsk stat: Då han i desember 1993 vart spurt om han trudde ein slik stat kom til å sjå dagens lys svarte han unnvikande at den beste løysinga var at palestinarane gjekk inn i ein føderasjon med Jordan (fra boka De skyldige: Israel og Palestina – krigen, menneskene av Odd Karstein Tveit, s 555). Då forhandlingar i Stockholm mellom Mahmoud Abbas og Yossi Beilin utarbeida eit nytt avtaleforslag i 1995, sa Peres nei fordi avtalen eksplisitt nemnte ein palestinsk stat.
Det som enda opp som det siste steget av forhandlingane, Oslo II, signert september 1995, var ein ny skuffelse for palestinarane. Den i namnet mellombelse avtalen (Interim Agreement on the West Bank and the Gaza Strip), delte Vestbreidda inn i dei berømte A-, B- og C-områda, og vart ståande som det gjeldande rammeverket for Israel sitt kontrollregime i dag. «Vi har narra palestinarane», var Peres sin ærlege kommentaren til avtalen.
Slaktaren frå Qana
Med knappe to månader igjen som statsminister, og låg oppslutning på meiningsmålingane, beordra Peres til krig mot Libanon under namnet operasjon «Vredens druer» april 1996. Den var retta mot Hizbollah som sto for motstanden mot Israels til då 14 år lange okkupasjon av Sør-Libanon. Den offisielle grunnen var drapet på ein israelsk soldat. Ifølge Human Rights Watch sto Israel bak så å sei alle uprovoserte angrep mot Libanon i løpet av dei tre føregåande åra.
Åtte dagar ut i krigen sendte Israel fem granatar mot ein UNIFIL-leir med flyktningar. 106 sivile vart drepne i det som vart kalla Qana-massakren. I ein granskingsrapport slo Amnesty fast at åtaket mot FN-leiren hadde vore ei bevisst handling. Frå før kjente libanesarane Peres som mannen bak skrekkregimet «Iron fist» frå midten av 1980-talet. No gjekk han under namnet slaktaren frå Qana.
Samling med Sharon
Peres hadde ei hand på rattet då Ariel Sharon forsøkte å knuse den andre intifadaen. På mystisk vis klarte fredsduebiletet av Peres til og med å overleve hans periode som både utanriksminister og visestatsminister for to Sharon-regjeringar. Samarbeidet førte til slutt at Peres tok avskjed med Arbeidarpartiet og gjekk saman med Sharon i det nye sentrumspartiet Kadima. I sin siste etappe var Peres president og eit nyttig andlet utetter for Israel under Gaza-krigane i 2008/09 og 2014 og under dei stadig meir høgreradikale regjeringskonstellasjonane til Netanyahu. Han slutta aldri å forsvare dei israelske koloniane, tross alt var dei på ein måte hans barn.
Det er litt av ei bragd å snu denne karrieren om til å bli ei livslang søken etter fred. La ettermælet til Peres vere bygd på kva han sa og gjorde, ikkje det Vesten skulle ønske han var.