Globaliser kampen, globaliser vona – verda er ingen handelsvare

FOTO: Guillaume Paumier

Vi må føra demokratiet tilbake til Storting, regjering, folkelege organisasjonar. Det er ikkje folket som har mista interessa for politikk. Det er politikken som har blitt utan interesse for folket.

Berge Furre
Om Berge Furre (1 artikler)
Historiker, teolog og SV-politiker, (1937 – 2016).

Tale på Stiftelsesmøte for Attac Norge, Folkets hus i Oslo, 31. mai 2001

Dersom det var tillate for kvinner å selja sine nyfødde babyar på ein marknad, kunne vi løysa mange problem. Vi kunne avvikla barnevernet. Tilbod og etterspurnad – fri handel med babyar – ville spara det offentlege for tunge bører. Vi ville få ein billegare velferdsstat. Det ville bli færre gateborn og mindre omsorgssvikt når foreldre kunne kvitta seg med born dei ikkje brydde seg med. Barnlause kunne lettare skaffa seg born til ein overkomeleg pris. Abortproblemet ville bli løyst: Å fullføra svangerskapet ville gje god forteneste.

Dette er ingen spøk. Det er nyliberal tenking. Det står å lesa i litteratur frå Chicagoskulen, nyliberale elevar av Milton Friedman – ein av skaparane av den økonomiske ideologi som rir verda idag: Får marknadskreftene falda seg ut i fridom, får vi ei verd – med same sjanse for alle til suksess.

Austerity til salgs
Ein januardag for eit par år sidan rusla eg nedover «Sjølvstendegata» – Rua de Independencia – i ein liten by i Brasil. Det hadde skjedd noko den natta: Valutaen var i fritt fall – til nesten det halve. Eg klemde kjærleg om lommeboka med dollar og kroner – no var eg dobbelt så velhavande som dagen før. Men bakaren ville ha meir for brødet i ein by der mange svalt. Brasil var på kanten av stupet. For over alle hav – nokre tastetrykk unna – hadde valutaspekulantane slege seg saman: No var det ikkje meir å pressa ut av knekte økonomiar i Asia. Og Russlands økonomi låg nede. No stod Brasil for tur. Presidenten sende sin finansminister til USA for å tigga om eit lån i Pengefondet. Han fekk lån i nåde – mot å barbera budsjettet. Dei altfor små løyvingane til sosiale føremål – til fattigfolks overleving – måtte ned. Men valutaen truga med å stupa vidare. Da gjorde presidenten sitt megatrekk: Han fekk tak i sjefen for USA-kontoret for den største av alle spekulantane – kontorsjefen for han som i si tid knekte pundet, Soros. Denne velrøynde megakjeltring på valutamarknadene gjorde han til sjef for nasjonalbanken og medlem av regjeringa. Valutaen viste teikn til å roa seg!

Globalisering? Verda vart «global» alt med dei store oppdagingane for fem hundre år sidan. Utsletting av indianarane i Amerika – og innvandringa frå Europa var den tids globalisering. Liksom slaveskipa vestover i det kapitalistiske «take off» var økonomisk globalisering. I dag er det ikkje slaveskip som driv denne globaliseringa framover. Det er den rike verdens transnasjonale gigantar som valsar landegrenser og folkevilje flate. Jamvel store statar blir småtteri i skuggen av dei transnasjonale konglomerata. Det heiter idag at dei tre største fleirnasjonale rovdyra skal ha større inntekt enn dei 36 fattigaste landa på jorda med tilsaman seks hundre millionar menneske.

LES OGSÅ: Berge Furres livsverk lever videre

Eg minnest ein haustdag i Porto Alegre i Brasil – to år tilbake. Dei fattiges organisasjonar gjennomførte sin marsj «Grito dos excluidos»: Dei utstøyttes rop. Millionar marsjerte i ein månad inn mot dei største byane. Vi såg toget koma mot oss – dei jordlause i Movimento sem terra, dei huslause, dei arbeidslause, dei fattige. Regnet hølja ned. Vi samlast i ein idrettshall. Minst ti tusen. Det ståka av kamprop, av musikk, av glad samtale. Og det dampa frå sveitte kroppar. Men så stilna det. No stod det fem prestar i ornat på tribuna. Dei las ei serprega messe. Og bad Fadervår – på ein måte eg aldri hadde opplevd før: Og røystene frå dei ti tusen kom med – sterkare og sterkare til idrettshallen stod og riste: «Gjev oss idag vårt daglege brød!» – kampropet frå dei utstøytte, dei ekskluderte, dei fordømte på jorda.

En økonomi for de få
For den globaliserte økonomien er effektiv til å produsera for dei rike, gjera mange rike – skapa velstand for oss som flyt rundt på eit feitt oljefat. Men den nyliberale verdsøkonomien er enda meir effektiv til å stengja ute – ekskludera det fleirtal på jorda som lever på under ein til to dollar dagleg, skapa djupe skilje mellom dei som har og dei som ikkje har.

Dei globale marknadskreftenes siger over politikken kjennest sterkast i sør, men et seg inn også i vårt land – et seg inn i velferdsstaten, privatiserer, kommersialiserer, patenterer. Marknadskrefter i kamp om makt over menneske kryp heilt inn i arvestoffet med patent på sjølve livsens mysterium. Og vi anar nye katastrofar: Vi fekk eit varsel sist vinter – om at maten kan bli farleg i slike hender. Kugalskap og annan galskap har skræmt oss og åtvara oss. Transport av dyr – frå kalv i eitt land til oppfôring i eit anna og slakting i eit tredje og partering i eit fjerde – det er verst for dyra og eit varsel til oss. Småbrukarinternasjonalen Via Campesina – med hovudtyngda av medlemer i den tredje verda – står krystallklårt på retten for eit lands bønder til å tryggja maten for sitt folk – matsuverenitet. Det er ikkje sant at dei ynskjer å driva norske småbrukarar frå gard og grunn. Heller enn å overlata jorda til storprodusentar for eksport vil dei bli på si jord og produsera for marknaden lokalt – i solidaritet. Vi har lært ei lekse – at formannen i Småbrukarlaget har rett når han sa: Det er best med kortreist mat!

LES OGSÅ: Livløs liberalisme

Politikken abdiserer for marknadskreftene. Det er farleg for eit demokrati når valdeltakinga sig ned mot 50 % og medlemskartoteka i partia tømest. Og det er vel ikkje så rart – når fleire og fleire spørsmål i lokal og nasjonal politikk får eitt einaste monotont svar: Det må marknadskreftene ta hand om! Underleg fjerne blir stortingsdebattane når vi veit at makta er ein annan stad. Om dette var til å le av, kunne ein tenkja på den Stundesløse – herr Vielgeschrei – hjå Holberg når Stortinget har sine debattar i si sjølvskapte maktesløyse.

Og underleg kjennest det når politikarar frå regjeringshald fortel oss at det er umogleg å leggja etiske retningsliner på bruken av oljefondet: Dei kan ikkje ein gong lova for visst at pengane frå Nordsjøen skal haldast unna produksjon av landminer. Så makteslaust har det politiske systemet gjort seg sjølv.

Det er ikkje meir enn snautt ti år sidan at Storebrand låg på kne på Statens fang. Men for ei tid sidan høyrde vi finansministeren og dei andre ropa med handa diskré for munnen: Berga oss, Tore, berga Storebrand, Lindholt. For vi, vi kan det ikkje. Det er lenge sidan vi politikarar kunne det.

Og skulle dei ha formell makt til å styra eigarskap – som Freia for nokre år sidan – så hjelper det ikkje. For rettar regjeringa nakken, så kjem det store trollet og tek oss – den globale marknaden – tek oss inn i det svarte berget der kursane på børsen tek til å falla.

Men vi skal vera med og fri prinsessa ut av det svarte berget frå trollet – vinna demokratiet tilbake. Det er det vi treng Attac til – som eit teikn og ei kraft. Vi må ta kampen opp mot gigantane – og mot politikarar som bøyer seg for gigantane med pengemakt. Vi må driva tilbake dei som tillet at menneskeverd blir nedskrive til pengeverd. Vi må vinna tilbake demokratiet – føra det tilbake til Storting, regjering, folkelege organisasjonar – der det vart skapt. Det er ikkje folket som har mista interessa for politikk. Det er politikken som har blitt utan interesse for folket. Liksom den personlege kongemakt vart knekt i 1884, let Stortinget seg knekka hundre år seinare. Men liksom bøndene vann husbondsretten til landet tilbake for folket sist på 1800-talet, og liksom arbeidarane gjorde landet til sitt att da dei dreiv fram velferdsstaten, skal nye grasrøter gro – og vinna tilbake den makt som folka har mist.

LES OGSÅ: På tide med en venstrevridd byråkratikritikk

En annen globalisering
«Globaliser kampen – globaliser vona». «Verda er inga handelsvare». «Ei anna verd er mogleg». Dette er ATTACs språk. Vi vil ei anna globalisering – ei globalisering av menneskeverd, likeverd, kamp mot svolt og naud – og mot naturøyding. Dei verdiar menneska har skapt i sine beste stunder er dei som skal spreiast over landegrenser – og den globalisering pengane står for – der alt blir handelsvare – skal drivast tilbake. Difor er vi her.

For ti år sidan trudde mange at historia var slutt: Marknadsøkonomiens endelege siger. Men no ser vi at bladet vender – at motstand reiser seg, at trua på ei annleis verd vaknar. Seattle vart eit vendepunkt. Og det har kome fleire Seattle. Der jerntriangelet av WTO, Pengefondet og Verdsbanken viser teikn til å vika. Davos var ein festning av politi, helikopter, murar og tåregass da verdens økonomiske forum av rikfolk og maktfolk var samla. Porto Alegre låg i sommarsol i januar da Verdens sosiale forum samla ti tusen menneske til å tenkja nytt – reisa visjonen om ei annleis verd. Og det skal bli mange Seattle. Dei mektige skal vita at globaliseringsskruven ikkje kan skruvast tettare – utan at gatene fyllest av rasande demonstrantar. Og slik kan ikkje verda styrast i lengda. Og dei veit det. For demonstrantane står for demokrati – ikkje for marknad. Ingen storby ville ta imot neste møte i WTO no i haust. Det vart for dyrt med alt politiet. Møtet måtte gøymast – langt inne i den arabiske ørken i Qatar, der sultanen garanterer at ingen demonstrant kjem inn.

LES OGSÅ: Jordas fordømde – og vårt håp

Det blir fleire møte. Men statsmakt og politi treng ikkje ottast oss. Vi skal ikkje kasta stein. Vi skal ikkje bruka vald. Vi skal med våre kroppar og vår ånd visa veg inn i ei annleis framtid. Den som kastar stein er ikkje med oss, men mot. Og vi skal heller ikkje kasta blautkaker – for det er forakt for bondens arbeid – for korn og mjølk. Kasta eit egg? Tja – om det er rote, ubrukeleg til mat. Nei, eg trur ikkje det heller.

Men vi skal ikkje sitja i komitear med dei mektige og forma fine setningar som løyner rovdyrgliset. Vi skal gjenreisa den grasrot som statar og styremakter har mista. Vi skal gå ut på gatene og visa at vi er mange. Vi skal ta nattesvevnen frå dei som trur at marknadsmakta er trygg. Vi skal vinna tilbake det tapte – vinna tilbake prinsessa frå klørne til det svarte trollet.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.