Eit vakse menneske må ta ansvar for si eiga frykt

Hentet fra https://www.flickr.com/photos/ilovefremont2001/3703818642

Dei som no er rivne med av fryktkulturen treng også å ta tak i sine vrengebilete av eit samfunn i oppløysing, og ta eit oppgjer med si eiga ukritiske haldning til skremselspropaganda uten substans.

Kjellaug Bjerkli Haarberg
Om Kjellaug Bjerkli Haarberg (1 artikler)
Kjellaug Bjerkli Haarberg er barnebibliotekar ved Haugesund folkebibliotek og medlem av Rødt Haugaland.

Den siste tida er det skrive mykje om korleis det såkalla “godhetstyranniet” og “migrantkrisa” vil øydelegga framtida for samfunnet vårt, sist ved FrPs Helge Thorheim. Nett korleis alt skal bli øydelagt er noko diffust, slik det har vore heilt sidan eg var ung på tidleg 90-tal og høyrde Arne Myrdal og FMI spå snarleg samfunnskollaps. 25 år etter er debatten framleis prega av frykt meir enn fakta. Folk er redde, for dei får høyra at dei kjem til å mista det kjente og trygge og tapa goder på grunn av dei som kjem utanfrå.

Vaksne må ta ansvar for si eiga frykt

Sjølv har eg levd med psykisk sjukdom, inkludert angst, nesten heile livet. Eg er irrasjonelt redd for mange ting, nokon store og diffuse, nokon små og konkrete. For eksempel å gå inn på stader eg ikkje har vore før, vera i trange rom, ha ryggen til døra, snakka i telefon, stå nær grupper av ungdomar som ler på busstoppet. Angsten har hemma meg kraftig i periodar, men eg har med tida klart å ta utdanning, koma i jobb og starta familie likevel.

Etter at eg vart mor forsto eg at mine redsler ville koma til å påvirka barnet mitt også. Kva tenkte eg då? “Det er på tide å forby ungdom å stå i grupper på busstopp og le”? “Bruken av telefon må regulerast langt strengare i vårt samfunn”? Sjølvsagt ikkje. For diffus frykt er ikkje “dei andre” sitt ansvar. Eit vakse menneske må ta ansvar for si eiga frykt, brekka den opp i småbitar og sjå grundig på kvar einaste ein.

Skremselspropaganda uten substans

Angstpasientar får, om me er heldige, tilbud om terapi. Der jobber me beinhardt for å sjå gjennom vrengebileta våre, gå ut i livet og øva oss på å møta redsla. Det er ein livslang prosess, men den er heilt nødvendig. Og ansvaret, arbeidet og utviklinga ligg 100 prosent inni oss sjølve.

Dei som no er rivne med av fryktkulturen treng også å ta tak i sine vrengebilete av eit samfunn i oppløysing, og ta eit oppgjer med si eiga ukritiske haldning til skremselspropaganda uten substans. Det moderne Norge er eit samfunn bygd på solidarisk velferd, og det er ikkje “godhetstyranniet” som vil riva det ned.

Me treng praktisk, konstruktiv realisme

Det som skader oss er dei som bruker frykta i eit spel for å tilsløra dei faktiske samfunnsproblema, setta svake grupper opp mot kvarandre og rettferdiggjera kutt i velferdsstaten. Desse kutta er villa politikk som før har blitt skulda blant anna på finanskrise, eldrebølge og oljekrise.

Innvandring og redsla den vekker hjå mange er eit utmerka høve til å legga skulda over på nokon utanfrå. Men skal me møta utfordringane som ligg i eit verdssamfunn prega av migrasjon som fylgje av år med krig treng me praktisk, konstruktiv realisme – ikkje «i mindretall på sitt eget kontinent» og liknande oppspinn.

Protesterer mot fryktkulturen

Den 18.november skal eg gå i folketog i Haugesund for å markera motstand mot fryktkulturen som gjennomsyrer innvandringsdebatten. Samtidig får eg øva meg på å overvinna frykt for store folkemengder. Fordi eg er eit vakse menneske som ikkje lar korkje nyord eller angst hindra meg i å utvikla meg sammen med det samfunnet eg er glad i.

Innlegget har tidligere stått i Haugesunds avis

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned