TISA: Ta kampen inn i kommunestyra

Foto: Kjetil Bjørnsrud

Vi må få til eit press nedanfrå i denne saka, men kva kan eg gjera i kampen mot TISA, tenkte eg. No tar eg han vidare til kommunestyret.

Erling Outzen
Om Erling Outzen (1 artikler)
Erling Outzen er kommunestyrerepresentant for SV i Sunndal kommune og styremedlem i LO på Indre Nordmøre.

SV, Raudt og Senterpartiet er imot TISA. På Stortinget er det foreløpig berre SV og Senterpartiet som har eit klart standpunkt mot TISA. (Kva MDG-representanten meiner, kjenner eg ikkje til.) Arbeidarpartiet sine sentrale talspersonar er i beste fall uklare. Samtidig er Fagforbundet, det største forbundet i LO, tydeleg skeptisk – om ein skal dømme ut frå innhaldet på nettstaden deira.

Fagrørsla lokalt stemte imot – einstemmig

Kva kan gjerast? Korleis kan vi som meiner kampen mot TISA er svært viktig, vi som meiner TISA truar både det nasjonale og det sosiale demokratiet, ta kampen vidare?

Det er grunn til å tru at mange Ap-folk lokalt, særleg dei med bakgrunn i fagrørsla, er mykje meir skeptiske til TISA enn Ap sentralt. Derfor foreslo eg at årsmøtet i LO på Indre Nordmøre no i juni skulle vedta ei fråsegn mot TISA, og eg fremma eit utkast til ei slik fråsegn. Ho blei vedtatt, einstemmig og utan motstand. Og dei fleste på møtet er Ap-medlemmer.

LES OGSÅ: TISA Hotell – et hjem for «oss», et helvete for deg

Ein trussel mot den norske samfunnsmodellen

Fråsegna frå LO på Indre Nordmøre seier blant anna dette:

«Årsmøtet i LO på Indre Nordmøre seier nei til TISA-avtalen fordi den truar demokratiet. TISA set offentleg helsevesen, barnehagar, postvesen, kringkasting, vatn, energi, transport og andre offentlege tenester i fare».

TISA-forhandlingane skjer utanfor WTO-systemet, og opnar for at eit breitt spekter av offentlege tenester kan overtakast av private og bli profittbaserte. Dei faglege rettane blir skadelidande, slik vi har sett det allereie ved konkurranseutsetting og privatiseringar. Dette gjeld til dømes pensjonsrettar. TISA er rett og slett ein trussel mot velferdsstaten og arbeidstakarrettane våre, altså ein trussel mot den norske samfunnsmodellen.

Det er derfor ikkje tilfeldig at TISA-forhandlingane foregår i skjul, og at mykje blir halde hemmeleg. Det er ein måte å hindre protestar på. Vi krev full openheit frå regjeringa om TISA-forhandlingane. Det meste av det som har kome fram til no, er via lekkasjar (Wikileaks).

Framtidige tenester vil ikkje kunne unntakast frå konkurranseutsetting

Slik avtalen er lagt opp, vil framtidige tenester ikkje kunne unntakast frå konkurranseutsetting og privatisering. Det ei noverande regjering ikkje krev unntak for, vil framtidige regjeringar ikkje kunne gjere noko med. Slik set avtalen demokratiet fullstendig til sides.

TISA inneber ei permanent internasjonal «liberalisering» av tenesteproduksjonen – altså ei opning for overtaking av internasjonal storkapital. Ei opning som ikkje kan omgjerast seinare.

Fagorganisasjonar både i Noreg og i andre land er derfor imot TISA. LO på Indre Nordmøre støttar den faglege og politiske kampen mot TISA og liknande avtalar.»

Fråsegna forklarer kva hovudproblema med TISA er, og ho blei som sagt vedtatt. Men kva så? Kva kunne neste steg vere? Eg hadde allereie hatt eit innlegg mot TISA (og TTIP) i lokalavisa, utan at det kom noko motinnlegg eller blei meir blest om saka av den grunn. Så eg bestemte meg for å ta saka opp i kommunestyret, som interpellasjon. Interpellasjonen er sendt inn, og skal opp i kommunestyret 2/9. Da eg sendte han inn, visste eg ikkje om nokon andre plassar der det hadde vore gjort. Men i ettertid veit eg at SV sin nestleiar Oddny Miljeteig har gjort det same i Bergen. Det kan ha vore gjort andre plassar òg, utan at eg er kjend med det.

LES OGSÅ: 10 ting du må vite om TISA

Norsk samfunnsutvekling skal avgjerast i Noreg

Uansett, så tok eg i interpellasjonsteksten utgangspunkt i fråsegna frå årsmøtet i LO på Indre Nordmøre, som i sin tur bygde på stoff som er å finne på nettstaden til Fagforbundet sentralt. Eg passa på å få fram det i interpellasjonsteksten, altså forankringa i fagrørsla. Og la til noko for eigen del attåt. I ein interpellasjon kan ein òg gjere framlegg, og mitt er slik:

«Eg ber om støtte frå ordføraren og kommunestyret til følgjande fråsegn:

Sunndal kommunestyre ser med stor uro på TISA-forhandlingane. Vi tar avstand frå både siktemålet med TISA og det at mykje som foregår er hemmeleg. Norsk samfunnsutvikling skal framleis avgjerast i Noreg, på demokratisk vis. Offentlege tenester, såvel statlege som kommunale, skal framleis vere offentlege og demokratisk styrt av folkevalde norske styresmakter.»

TISA: ei internasjonal, nasjonal og kommunal sak

No er det slik at interpellasjonar må ha noko med kommunen å gjere for å høyre heime i kommunesstyret. Iallfall er det slik kommuneleiinga ser det her. Derfor passa eg òg på å få fram at TISA også er ei kommunal sak. Eg formulerte det slik:

«Mykje av den offentlege tenesteproduksjonen i Noreg er kommunal. Slik er det også her i Sunndal. Vi har òg eit kommunalt energiforetak.  Det er ikkje tilfeldig at Fagforbundet, det største forbundet i LO, har engasjert seg sterkt i kampen mot TISA. Fråsegna frå årsmøtet til LO på Indre Nordmøre bygger i stor grad på stoff henta frå Fagforbundet. Kampen mot TISA er såleis både ei internasjonal, nasjonal og kommunal sak.»

Eg har god von om at Sunndal kommunestyre vil vedta noko mot TISA, enten forslaget eg formulerte, eller noko ordføraren (frå Ap) heller vil ha – noko mildare, kanskje. Men eg trur vedtaket vil uttrykke skepsis, i det minste. Ap, Senterpartiet og SV har fleirtal i kommunestyret i Sunndal, og fleire i den store Ap-gruppa er faglege. Men uansett kva som blir vedtatt vil det bli meir merksemd om TISA-problematikken. Det har for så vidt alt skjedd, da lokalavisa Aura Avis slo opp interpellasjonen min slik (eg sendte sjølvsagt kopi til dei).

I Bergen fall forslaget hennar Oddny, og fleirtalet der vedtok støtte til TISA. Men det er altså viktig å få meir merksemd om saka uansett om ein vinn eller tapar ei avstemming her eller der. Vi må prøve å få til eit press nedanfrå i denne saka. Eg skal iallfall gjere mitt.

LES OGSÅ: Regjeringens posisjonspapir er verdiløst – hemmeligholdet rundt TISA-avtalen fortsetter

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på TISA: Ta kampen inn i kommunestyra

  1. AvatarClaudia W. // 2015-08-10 kl 09:36 //

    MDG er sterkt kritiske til disse avtalene. Det er utførlig skrevet om på MDG`s partisider. Takk for at du tar opp slike viktige saker, Outzen.

Kommentarfeltet er lukket.