Den amerikanske krigsgudinna

Foto: Michael Kovac

Hillary Clinton bør haldast utanfor det kvite hus, fordi ho er livsfarlig. Men spørsmålet er om ikkje det er akkurat den egenskapen som kjem til å føra henne dit?

Gunnar Øyro
Om Gunnar Øyro (5 artikler)
Gunnar Øyro underviser i realfag på videregåande skule. Han er frihetlig sosialist og skriver på bloggen Innlegg frå Venstre Kant. Gunnar er opptatt av korleis den dominante ideologien påvirkar politisk meiningsdanning.

“The smart way to keep people passive and obedient is to strictly limit

the spectrum of acceptable opinion, but allow very lively debate within

that spectrum….”
― Noam Chomsky, The Common Good

Ingen har vel unngått å få med seg at USA skal ha presidentvalg 8. november 2016. For alt no er kandidatane førstesidestoff i mange aviser. Og slik vil det ventelig bli kva einaste dag til valget er over. Det dagsavisene våre er opptatt av såkalte «analyser», som er eit anna ord for sladder. Dei snakkar om maktspillet, mediastrategiane, kven som skuldar kven for kva, og dei siste gallupane.

I det siste har media kretsa rundt Hillary Clinton som søndag annonserte at ho ville stilla som kandidat – etter at ho i veka før hadde annonsert at ho ville annonsera dette. Begge deler fekk selvfølgelig fyldig dekning – som om det var viktige politiske saker og ikkje markedsføring. Og no skal det sjølsagt «debatterast» og meinast og «analyserast» opp ad stolpar og ned ad vegger i alle kanalar. Men for folk flest fortonar dette seg oss som eit underlig teaterstykke. For oss er det to spørsmål som er av interesse: Korleis omtaler media Clinton? Og korleis er verkelighetens Clinton?

Dei som har sett vi på NRK sin dekning av Clintons kandidatur vil sjå at det liknar på soslkinnshistoriane om dei norske skijentene. For det viktigaste med Hillary latar til å vera at ho er kvinne. VG er også opptatt av kvinneperspektivet, og fortel at ho vil kjempa for likelønn og kvinners rettigheter.  Og det at kvinner historisk ikkje har hatt tilgang til presidentembetet, «treng å rettast meir enn noko anna» skriv – av alle – The Guardian.

LES OGSÅ: USAs hovedfiende: Freden

Dagbladet kan fortelja at ho la ut video på sosiale medier. (med lenke) Dei fortel korleis ho no legg om stilen for å framstå som ei trygg og solid bestemor. Dagbladet er, som Aftenposten, også opptatt av den såkalte epostskandalen der Clinton brukte sin private epost-konto som utenriksminister, at ho skal ha feilinformert om angrepet i Benghazi der ein ambassadør døydde.

Og no nærmar vi oss verkelighetens Clinton.

Ein blodig CV
Skal vi vurdera Hillary Clinton må sjå tilbake på det ho har gjort og sagt. I 1999 var det mannen Bill Clinton som sat ved roret i USA. Som den potente alfahannen han var, dreiv han krigføring mot Afghanistan, Bosnia, Colombia, Haiti, Irak, Somalia, Sudan, og Jugoslavia. Vi veit ikkje kva rolle den dåverande amerikanske førstedamen spelte i forhold til alle disse krigane, men det er ein kjent sak (fordi ho skryter av det sjøl) at ho i ein telefonsamtale med herr president ivra for at han skulle bomba Jugoslavia. Presidenten var på dette tidspunkt ubesluttsom, men få dagar etter gjorde han som fruen ville. Vi skal sjå at denne krigsiveren ser ut til å vera eit av Hillary Clintons viktigaste karaktertrekk.

LES OGSÅ: Hvorfor USA elsker Israel

Under forrige presidentkampanje kalte ho tildømes Obama for “uansvarlig» og «naiv» sidan han ville prøva å forhandla med Iran. På spørsmål om kva ho ville gjera hvis Iran angreip Israel med kjernevåpen var svaret at då ville ho «knusa dei fullstendig«. Sjøl om det hverken då eller seinare ser ut til å ha vore nokon realitet bak den påståtte iranske atomtrusselen, så har Benjamin Netanyahu heile tida prøvt å få oss til å tru det, og Israel truar med angrep. Dette bør bekymra oss meir sidan landet er den einaste atommakta i regionen. I 2010 advarte då også amerikanske militære, som gjerne lever meir i verkeligheten enn politikarane, mot at Israel kunne slå til mot Iran. Dei ville vita kva USA i så fall skulle gjera. Hillary Clinton, dåverande utenriksminister, stilte motspørsmålet: Kanskje vi heller enn å prøva å stoppa Israel burde vurdera å gje dei eit «stilltiande grønt lys«?

Libya: Hillarys krig.
Før det som Wikipedia kallar borgarkrigen i Libya i 2011, men som egentlig var ein aksjon for å få bort diktatoren Muammar Gaddafi, skal Hillary Clinton ha spredd ein oppfatning om at Gadaffi forberedte eit folkemord på sitt eige folk. Men det fantes ingen etterettningsrapport som støtta dette, og mykje tyder på at dette var ein fabrikkert myte. Washington Times kan fortelja at også sentrale folk i Pentagon tvilte på den informasjonen dei fekk frå Clinton, og tok derfor direkte kontakt med regimet for å avklara dette.

LES OGSÅ: USA: Råtnende grunnmur under økonomien

Men det var likevel Clintons versjon som vart lagt til grunn, og dermed starta USA saman med Norge og andre venner 19. mars 2011 krig, etter ein heller tvilsom fortolking av Sikkerhetsrådets resolusjon 1973. Alt i april kalla Boston Globe dette for eit falskt påskudd for krig, og Foreign Policy var også sterkt kritisk til påstandane om folkemord. Resultat vart på mange måter det motsette av det som var dei erklærte årsakene til den militære intervensjonen: Landet som før krigen hadde den høgaste levestandarden i Afrika vart øydelagt. Både økonomisk og demokratisk har det falle frå kvarandre, og er prega av intern krigføring og maktkamp der også ISIS begynner å få fotfeste. Hillary Clinton ber eit stort ansvar for dette. Angrar ho? Kanskje kan kommentaren ho kom med rett etter at Gaddafi i oktober samme året brutalt vart drept av lynsjemobben vera opplysande i så måte: “Vi kom, vi såg, han døydde.”

So what?
Bildet av den snille bestemora og kvinnesaksforkjemparen står altså ikkje til truande. Er det likevel mulig at ho blir USAs neste president? Glenn Greenwald skriv om litt dette:

1) Ho har støtte frå Wall Street. Politico Magazine skreiv nylig at storkapitalen elskar henne og i det store og heile veldig gjerne ynskjer henne som president. Korfor? Pågrunn av hennar «rock-solid» støtte til Wall Street».

2) Israel-lobbyen likar henne. Sjøl om Hillary ikkje kan bli ein Bill 2.0, skriv Aaron David Miller, så meiner han at både Bill og Hillary er så glade i Israel at dei vil gjera unnntak for den israelske oppførselen slik at dei kan halda fram med vidare utbygging av ulovlige busettingar. Den Israelske avisa Haaretz har også forstått dette, og beskriv henne som “Israels nye advokat”.

3) Dei tradisjonelle nykonservative er med. New York Times meiner at sjøl om konservative ikkje liker Obama, så treng ikkje det gjelda Clinton. For ingen ringare enn Robert Kagan, som vert regna for ein ledande figur i dei kretsar, har omfavna henne. «Ingen kan anklaga henne for å vera veik når det gjeld rikets sikkerhet når ho har slike som Robert Kagan ombord», skriv avisa, og legg optimistisk til: «heller enn å slutta, er den nykonservative odysseen i ferd med å starta».

4) Krigshaukane er på lag. New York Times viser igjen til Kagan som synes at Obama er for passiv, og derfor syns det er på tide å gjenoppta ein meir «muskulær tilnærming til verda». Dette er altså sagt om ein som har overgått jamvel Bush jr. i krigsvold. Om seg sjøl bruker Kagan uttrykket «mainstream». Og dessverre kan det henda at han har rett.

LES OGSÅ: Fattigdom og fengsel i USA

Oppsummert kan vi sei dette: Hillary Clinton var for Irak-krigen, ho har kritisert Obama for å ikkje vera tøff nok mot Syria, ho har forsvart Israels bombing av Gaza, ho har kalla Putin ein ny Hitler og ho har omfavna krigsforbrytaren Henry Kissinger. I tillegg til at ho forsvarer amerikanske drapsdroner, har ho også ein heller tvilsom CV i forhold til latinamerika. Kort og godt: dama bør haldast utanfor det kvite hus, fordi ho er livsfarlig. Men spørsmålet er om ikkje det er akkurat den egenskapen som kjem til å føra henne dit?

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.