1984 eller 2014

Det var sagt mange gongar at regjeringa tar oss tilbake i tida. Og det gjer dei faktisk. Dei tar oss til året 1984, men ikkje i vår fortid – det er Orwells 1984 det er prat om.

Michal Jan Warecki
About Michal Jan Warecki (1 Articles)
Michal Jan Warecki bor på Fusen i Sør-Trøndelag, og er medlem av SU.

Eg var oppdratt i eit sterkt høgremiljø. Då far min – utdanna historikar – merka at eg vart interessert i politikk, var det to viktige bøker han introduserte meg til: 1984 og Vidunderlige nye verden. Dei skulle vera ei åtvaring mot venstrepolitikk – spesielt 1984, skriven av ein republikkforkjempar, som skifta side under sitt opphald i Spania.

Begge bøkene beskriv samfunn der fridomen til enkeltmennesket er sterkt avgrensa gjennom statlig kontroll. I 1984 er det mellom anna stadig overvaking, barn som politimelder sine foreldre for tankebrott eller bruk av nytale for å forvirre borgarar. I tråd med det eg var fortalt om Den polske folkerepublikken, trudde eg at det her var typiske trekk hos venstresida. Derfor var eg litt forvirra då eg kom til Norge, og kjente at eg har større fridom enn i heimlandet mitt. Her er eg sett på som eit fritt, tenkande individ. Eg har full rett til å ytre meg slik eg vil, organisere meg og delta i samfunnslivet. I Polen er desse fridomane innskrenka: anten gjennom tradisjon eller lovverk.

Det raud-grøne Norge likna altså på ingen måte på romanens autoritære verd. Det gjer derimot det Høgrestyrte landet.

I «1984» var nytale ein av måtane regjeringa utøvde sin tankehegemoni på. Nytalen var bruk av forvirrande uttrykk, som ofte motsa seg sjølv. Til dømes var Sannhetsministeriet si oppgåve å forfalske historia slik at ho passa den gjeldande politikken, medan Kjærlighetsministeriet dreiv med hatpropaganda.

Dessverre får eg inntrykk av at det er nett slik vår Regjering når ut til folket. Etter valet i fjor har vi fått ein landbruksminister som meiner at hennes oppgåve er å legge ned det meste av det landbruket som finst i dag. Miljøvernministeren sett profitt og kortsiktig nytte framom miljøet. Òg dei nye likestillingstiltaka er særs interessante: Korleis bidreg forkorting av fedrekvota med 4 veker til det at fedrane skal bruke meir tid med sine barn?

Ikkje minst er bruken av ordet «fridom» litt uvanlig for den jamne nordmannen. Til dømes har utdanningsministeren minka stimuleringstilskottet i lærlingbudsjettet med 90 millionar kroner. På den måten band han fast nært 50 prosent av lærlingbudsjettet til fylka – og samtidig sa han i media at det vil gi større fridom til kvart fylke.

Det er òg ein del saker som Regjeringa gjentatte gongar tar opp, som om dei håpa på at støtte for desse sakene blant folket skal auke med tida. Slike gjengangarar er til dømes reservasjonsrett for fastlegar og vinter-OL. Til slutt vart dei båe lagt vekk, men mange skattekroner har alt gått til konsekvensutgreiingar og søknadar, i staden for tiltak som faktisk kunne forbetra levekår til mange i landet. Men kor lenge skal vi vente på at arbeidsministeren skal kvitte seg med innbillingane sine om arbeidslivet, som finn ingen feste i verken folkevilja eller forskinga på midlertidig tilsetting?

For meg er alt dette moderne nytale: Landbruksdepartement som legg ned landbruket, Miljødepartementet som øydelegg miljøet, Helsedepartementet som vil nekte folk behandling. I tillegg kjem dette frå parti som samanlikna det raudgrøne styret med Sovjetunionen.

Folk som akkurat no styrer Norge får meine at Segway er fridom, medan det å kunne tilbringe tid med barna sine er ikkje det. Ingen kan forby dei det. Men dette er ikkje ei lære som eg har fått frå det høgremiljøet eg vart oppdratt i. Ministerane våre må ikkje gløyme ordet «minister» si opprinnelige betyding: «tenar». Men kven vil dei tene? Mammonen, sponsorane sine, eller den vanlige nordmannen som har stemt dei inn på Stortinget? For om dei vel det fyrste og innskrenkar fridommen til enkeltmennesket, kjem dei berre nærare det dei sjølv har forakta.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

1 Comment on 1984 eller 2014

  1. Emk1000 // at // Reply

    Om barnetillegget i uføretrygden: dere som mener det var feil at den ble redusert, burde den heller bli økt? I dag er den 35000 per barn. Burde den vært 50 000? 100 000? En million? Hvorfor skal uføre som får barn, få så mye? Lavtlønnede får ikke dette her.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*