Sei opp EØS-avtalen!

© European Union 2014 - European Parliament

Det er på tide å seie opp EØS-avtalen og erstatta han med ein handelsavtale som tar omsyn til land og folk.

Olav Flaate
About Olav Flaate (2 Articles)
Olav Flaate er adjunkt med opprykk og underviser ved Senja videregående skole, avdeling Finnfjordbotn i Troms. Han er styremedlem av Troms Nei til EU og er leder for Sørreisa Nei til EU.

Me har allereie feira 200 årsdagen for grunnlova vår med ulike arrangement i heile landet i mange månader. «Jubilanten» fortener det, folket fortener det og landet fortener det.

Framleis har me nokre månader framføre oss til å jubilere og tenkje gjennom kva denne lova har hatt å seie for Noreg som eit suverent og uavhengig rike.

Grunnlova fastslår og at det er Stortinget som skal vedta og oppheve lover.

Fristilla den tvangstrøya EØS avtalen representerer kan igjen Stortinget få den posisjonen i landet som Grunnlova av 1814 føreskriv og på fritt, sjølvstendig grunnlag treffe tiltak for vekst og utvikling.

I kjølvatnet av Grunnlova får fleire og fleire samfunnsgrupper røysterett ved politiske val og demokratiet modnar litt etter litt.

I jubileumsåret 2014 dukkar det opp tankar om korleis me vedlikeheld lovene og reglane vedtatt på Eidsvoll i 1814 og om dei folkevalde på Stortinget gjer den jobben som Grunnlova frå 1814 seier dei skal gjera.

EØS avtalen mellom EU og Noreg, som vart gjort gjeldande frå 1994,skapte store endringar i Stortinget sitt arbeid med å lage lover til fremjing av vekst og utvikling i dette landet.

Frå då av kom direktiv og reglar frå EU i Brüssel. Desse lovene skal gjera det lettare for EU å oppnå målsetjinga si om å skape den mest konkurransekraftige og kunnskapsbasertre økonomien i verda.

Stortinget i 2014 undergrev Grunnlova vår og dei folkevalde viser ein mangel på respekt både ovanfor Grunnlova av 1814 og det norske folk.

Dersom det er konflikt mellom eit EU direktiv (lov) og ei lov vedtatt i og av Stortinget, skal me retta oss etter EU-direktivet!

Tenk berre på EU-direktiva for innkjøp og investering i offentleg sektor, gradert arbeidsgivaravgift og bortfall av økonomiske stønadsordningar til hjelp for bedrifter.

Det er sjølvsagt viktigfor Noreg å tilretteleggje for eit samkvem med EU og andre land innan handel, kultur, utdaning, forskning, politikk osv, men dette skal ikkje føra til at Noreg vert som eit lydrike under EU eller andre land.

Stortinget i 2014 undergrev Grunnlova vår og dei folkevalde viser ein mangel på respekt både ovanfor Grunnlova av 1814 og det norske folk.

Det er på tide å seie opp EØS-avtalen og erstatta han med ein handelsavtale som tar omsyn til land og folk.

Fristilla den tvangstrøya EØS avtalen representerer kan igjen Stortinget få den posisjonen i landet som Grunnlova av 1814 føreskriv og på fritt, sjølvstendig grunnlag treffe tiltak for vekst og utvikling, utan å få eit direktiv frå Brüssel tredd nedover hovudet og kallar det konkurransevriding eller ulovleg.

Artikkelen har tidligere stått på trykk i Nordlys

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*