Overvåket – krimroman og kampskrift

FORFATTAR: Glenn Greenwald TITTEL: Overvåket. Edward Snowden, NSA og overvåkingsstaten FORLAG: Cappelen Damm, 2014

Gunnar Øyro
Om Gunnar Øyro (5 artikler)
Gunnar Øyro underviser i realfag på videregåande skule. Han er frihetlig sosialist og skriver på bloggen Innlegg frå Venstre Kant. Gunnar er opptatt av korleis den dominante ideologien påvirkar politisk meiningsdanning.

Første kapittel i boka om Edward Snowden kunne like godt ha vore skrive av Dan Brown: 1. desember 2012 blir journalisten Glenn Greenwald kontakta av ein mann som kallar seg Cincinnatus. Den framande ber han om å innstallera krypteringsprogramet PGP (Pretty Good Privacy) slik at dei kan kommunisera sikkert. Det viser seg at denne mannen er Edward Snowden, og det stoffet han sit inne med skulle komma til å avsløra kanskje den største overvåkingsskandalen i historien. Likevel tar det i starten litt tid før Greenwald får ut fingeren. Snowden kontaktar derfor dokumentarfilmskaparen Laura Poitras i staden, og då begynner snøballen å rulla. Snowden gir dei ei zipfil med 25 dokument, men dette er bare «toppen av toppen av isfjellet» som han seier. Som ein krim rullar historien vidare og toppar seg gjennom forteljinga om møtet mellom Snowden og Greenwald / Poitras i Hongkong der dei begge fort blir overbevist om Snowdens oppriktighet, og startar kampen for å få stoffet publisert. 5 juni publiserer så The Guardian sin første artikkel og saken eksploderer i media. Så står Snowden fram og fortel verda korfor han gjorde dette, og då begynner det også å koka i Hongkong, og Snowden må i all hast få advokathjelp og bringast i sikkerhet.

Lærebok i overvåking

Fram til dette punktet er boka som ein kriminalroman. Men frå då av er Snowden på mange måtar ute av historien, sjøl om han er bakteppet til alt som blir fortalt, og boka blir etter dette nesten eit kampskrift. Men først går Greenwald gjennom fakta før han diskuterer konsekvensane: psykologisk og politisk, og denne delen av boka er mest som ei lærebok i overvåking. Visste du for eksempel at NSA rutinemessig mottar ruterar, serverar og andre datakomponentar for å setja inn digitale bakdører for overvåking, før dei blir pakka og sendt vidare til kunden? Men det eg fann mest interessant var likevel kapittelet om medias rolle, og forsøkja på å demonisera Snowden og Greenwald. Oppsiktsvekkjande nok meinte til dømes New York Times sin anmeldar at det ikkje burde vera opp til avisene å publisera gradert materiale, og avisens økonomikommentator meinte at Greenwald burde arresterast.

Avslørar makten

Også her heime har høgresida programmessig prøvt å sverta budbringaren i staden for å diskutera sak. Ein av disse er Erna Solberg som frå stortingets talarstol forkynte at ho ikkje var «imponert over Snowden», men at ho ikkje ville «gå så langt som å kalle ham en forræder». Underforstått: men han er jo det! Men dette tilbakeviser Greenwald greit i boka. Han fortel om ein mann som ikkje tar lett på det å varsla, men som tvert om har tenkt nøye gjennom alle alternativ og konsekvenser. Snowden kunne ha skjult sine spor, men let det vera fordi han ikkje ville at kollegaene hans skulle bli utsatt for etterforskning og falske anklager. På samme måten har han gått gjennom alt stoffet for å sikra seg at avsløringane ikkje skulle setja personar i fare. Dette er ein mann som har høge idealer om demokrati og menneskerettar, og som gjer det han meiner er rett til tross for at det medfører stor risiko for han sjøl. Ein imponerande mann kort og godt. Mykje det same kan vi sei om Greenwald som ser ut til å ha via livet til å avsløra makten, og som også står i fare for å bli arrestert dersom han reiser tilbake til USA.

Mot, integritet, standhaftighet og ulydighet

Boka til Greenwald er lettlest og tildels apolitisk. Det er både ein svakhet og ein styrke. Det er ikkje forfattararen si oppgåve «to connect the dots», det er vår. Men når mønsteret er så tydelig er ikkje det vanskelig. Til forskjell frå ein krim så har ikkje denne historien nokon closure. Mens helten må gå under jorda, så har dei skuldige så langt sluppe fri. Men no veit vi kven som gjorde det, kva dei gjorde og vi veit korleis dei gjorde det. Spørsmålet er om vi klarer å ta dei. Dette er med andre ord ein historie som fremdeles rullar, og som vi – folket, media og dei folkevalgte, kan bestemma korleis ender. Og det er derfor boka er viktig: den manar til kamp. Det vil nok komma betre bøker både om Snowden og om NSA si overvåking – sikkert også frå Greenwald si hand, men den viser kor stor betydning eit enkelt menneske kan ha. Både Greenwald og Poitras og ikkje minst Snowden sjøl utviser mot, integritet, standhaftighet og ulydighet. Dermed blir dei eit forbildet for oss alle i kampen for friheten, rettferdigheten og demokratiet. Så løp og kjøp eller lån den, og gi den gjerne i presang til dine mest servile venner. Men framfor alt, les den og bruk den!

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned