Dei fattige betalar VM i Brasil

Foto: Jelle Jansen

Ein politisk konfrontasjon av dimensjonar me ikkje før har sett går no føre seg overalt i Brasil.

Ivar Jørdre
Om Ivar Jørdre (10 artikler)
Ivar Jørdre, aktiv bloggar (http://ivarjordre.wordpress.com/), medlem i Raudt, biletkunstnar, hovudfag klassisk arkeologi UiB, arbeidt ved Bymuseet i Bergen, avsluttar for tida bachelor i historie- og kulturfag.

I heile FIFA og fotball-VM si historie har det aldri vore slike protestar, streikar og landokkupasjonar direkte retta mot utsuginga og pengebruken desse mega-arrangementa er i stand til å skapa. I Brasil i 2014, viser demonstrantane fram denne famøse internasjonale fotballføderasjonen sitt sanne anlet: Den ofte anonyme og hemmeleghaldne FIFA vert avkledd. Mens FIFA insisterar på “FIFA-kvalitetsstadion” i heile landet, har dei protesterande insistert på “FIFA-kvalitetsløner”, skular, sjukehus og transport.

VM i fotball i Brasil er eit blanda opplegg. Folk i Brasil synes det er moro med fotball, men det er eit utruleg dyrt VM.  Dei fattige betalar rekninga ved å framleis ikkje få dei samfunnsgoder dei har krav på. Våre styresmakter brukar enorme summar på VM i fotball og me har ingenting, seier folk i Rio de Janeiro. Den fotballinteresserte 11-åringen, Micon Lucas i det fattige området Salgueiro i Rio seier det slik: Eg synes det er ei skam, sjukehus manglar senger og viktige medisinar, ofte er det ingen til å ta imot dei sjuke som kjem og enkelte vert langt inn på eit rom og overlatne til seg sjølve. Korleis kan me då ha råd til eit slikt dyrt meistarskap, spør han. Det er ikkje berre dei fattige i Brasil som meinar dette. Ein ny måling frå forskingsinstituttet Ibope viser at eit fleirtal av brasilianarane meiner at pengane burde vore brukt på dei veldige utfordringane landet har med trongen for betre utdanning, infrastruktur og helsevesen.

Det er noko grunnleggande gale med måten VM vert arrangert på, seier Christopher Gaffney frå USA, ein av dei mest kjente kritikarane av føderasjonen FIFA. Dette er ein forretningsmodell som går ut på utsuging av arrangørlandet. Land som Brasil, Sør-Afrika og Russland, har ein lite utvikla infrastruktur og dei godtek at FIFA får bestemme fordi VM gjev mykje pengar og verksamheit, men dei anlegga som vert bygde gjev i første omgang inntekter for landet sin elite og utløyser mykje korrupsjon og har liten verdi for folk flest etter meistarskapen. Pengebruken til dette VM er heilt ekstrem, seier Gaffney. Sju av dei 12 stadionanlegga er blant dei 10 dyraste i verda målt per tilskodarplassar. Det har vore ein firedobling i kostnadane til stadionanlegg sidan dei første budsjetta vart laga. Det har vore ei enorm utgiftsauke for flyplassprosjekter, vegar osb. Og når ein veit at byggebransjen i Brasil er kontrollert av få store selskap med svært gode politiske kontaktar, er det all grunn til å tru at det har vore ein omfattande korrupsjon, seier FIFA-kritikaren.

Gigantselskap overtek fotballen
Brasilianaren Eike Batista var til nylig Sør-Amerikas rikaste person, og leiar konsortiet som skal drive Maracanã de neste 35 årene. Tenk det, «folket sitt stadion» i 35 år i grovkapitalismen sine klør, og det for «småpengar» å rekne! Consorcio Maracanã SA betalar byen Rio sine styresmakter 192,5 millionar real for å drive stadionet i denne tida. Bak fellesselskapet står Brasils største og verdsomspennande entreprenørselskap Odebrecht, den amerikanske sport- og underholdningsgiganten AEG og ikkje minst IMX, som Batista sjølv eig – eit sports- og arenaselskap som samarbeidar med AEGs konkurrent IMG.

Den brasilianske grunnlova garanterar alle innbyggarar tilgang til sport- og fritidsaktivitetar. Privatiseringa og kommersialiseringa av fotball bryt difor med grunnlova, fordi den effektivt stenger store delar av folket ute frå arenaene, seier Gaffney. Han meinar ombygginga av fotballheilagdomen har endra heile tanken om kva fotball skal væra. Før var folk deltakarar i eit demokratisk rom. No vert dei sett på som konsumentar.

– Folk delast opp i ulike segment etter betalingsevne. Intensjonen ved kva Maracanã skal væra har endra seg totalt. – Dette er ein elitetankegang som bryt klårt med brasiliansk fotballkultur, meinar han. Dei siste åra har overskotet til Brasils fotballklubbar auka med 50 prosent. Talet vitjande på kampane derimot har gått ned med 18 prosent.

Brasilianske fotballtilhengarar er kjent for sin kjærleik til fotballen, men under dette VM er det svært få av vanlege folk som har råd til dei ekstremt dyre billettane, og moderniseringa av stadionanlegga har ført til at også nasjonale kampar har vorte dyrare, som på den verdskjente Maracanà-stadion i Rio, der billettprisen er tidobla etter at anlegget vart pussa opp. Gaffney meiner dette viser kor lite FIFA forstår eller bryr seg om den brasilianske fotballkulturen. I staden let dei eliten gjere Maracanà om til eit kjøpesenter, der vanlege folk ikkje har råd til å ga, verken før, under eller etter fotball-VM. Dette er det sørgjelegaste ved det heile og viser at FIFA-modellen har gått ut på dato, og må erstattast av noko heilt anna, meiner Gaffney (NRK p2, Verda på laurdag, 7. juni).

Raudt kort til FIFA
FIFA-modellen har for lenge sidan gått ut på dato – i likskap med kapitalismen sin dato. Slike døme som VM i Brasil meinar mange er råkapitalismen på sitt grovaste. Det er ikkje rart at Brasilianarane er skikkeleg forbanna på FIFA og sine eigne styresmakter, som har kokt i saman denne profittsuppa, berre med tanke på pengar og ikkje på folk. Store protestar gjekk føre seg under prøve-VM i  fjor der millionar gjekk ut i gatene. Kan ein vente seg det same i år?

Utviklingspolitisk avdeling i Kirkens Nødhjelp (KN) krev at FIFA får raudt kort, no når fotball-VM i Brasil er i gong. Ein fotballfest med mange klåre baksider, meiner dei. Store sponsorar får omfattande skattefritak frå FIFA, til dømes McDonalds, Budweiser og Cola-selskapet. Dei 1,5 milliardar som dette gjeld meiner KN må betalast attende til Brasil som treng dette sårt, og på lang sikt må FIFA rydde opp i eigne skattereglar. Organisasjonen kallar FIFA eit omreisande skatteparadis. Og eg kan legge til: ein omfattande korrupsjonsleverandør! Her kan nemnast at det truleg har vore gove meir enn 30 millionar kroner i muter frå Qatar til FIFA for å få nok stemmer til å få tildelt fotball-VM i 2022.

Det verkar litt komisk når den norske fotballpresident Yngve Halen som sit i FIFA sin etiske komité, prøver å bortforklåre denne problemstillinga og skattefritaket i Brasil. Han argumenterar med at Brasil ikkje er påtvinga meistarskapen, men søkte og konkurrerte med andre søkjarar. Han svarar og veldig uklårt på problemet rundt skatt, men meinar dette skapar mykje negativt rundt organisasjonen og vil diskutera det på FIFA-kongressen under fotball-VM. Han kan likevel ikkje love noko rask løysing. Nei, skulle meine det, ingen vilje til raske reformar der i garden! 160 milliardar kroner vert årleg gøymt i skatteparadis, ti gonger den samla bistanden. Under VM i Sør-Afrika i 2010, gjekk FIFA med overskot, Sør-Afrika fekk underskot, det same gjekk føre seg i London under OL. Eit slikt eliteregime er til for storkapitalen og ikkje for sporten eller noko som helst anna.

Samstundes med fotballbruset inne på stadiona slår opprørspolitiet hardt ned på VM-demonstrantar. Politiet brukar sjokkgranater, tåregass og gummikuler (også rapportar om bruk av skarpt) mot demonstrantar utenfor stadion Maracanà i Rio, i São Paulo og andre byar. Berre få timar før opningskampen i fotball-VM vart mange arrestert og skadde. Undertrykkinga av anti-FIFA. og VM-protestar i Brasil er brutal så langt, der mange hundre er arresterte og titals såra. Kontrastane til fotballspelet som lidenskap på banen og menneskeleg liding i gatene er noko ein hugsar frå dette VM.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned