Mat må vi ha!

Foto: commons.wikimedia.org

Fokus er på rett plass i jordbruksoppgjeret i mediene år òg; "Listhaug ba bøndene om ikke å ødelegge 17. mai for folk". "Kom dere ut i arbeid som vanlige folk" seier FpUs formann i Hordaland.

Patrick Reurink
About Patrick Reurink (1 Articles)
Patrick Reurink er distriktstilhengjar, surn’daling i utlendigheit, mangeårig tillitsvald i Norges Bygdeungdomslag og siviløkonom.

Politisk kommentator i Aftenposten Thomas Boe Hornburg seier at det er eit “Bondeopprør uten adresse“, kor han pekar på at jordbruksoppgjeret i noverande form gjer at bonden er i ei særstilling samanlikna med andre sektorar som konkurrerer om pengar frå statsbudsjettet.

Cash is king

Kvart år blir det framstilt at det er bonden mot røkla, både forbrukarar, handelsstanden og politikarane. Frp sit tydelegvis med ein ideologi kvar “cash is king”, markedet rår, og resten får ordne seg sjølv. Dei av oss som har hørt om Adam Smith veit at det ligg meir enn ei begrensning i læresetningane om den usynlige hand. Verda er ikkje perfekt, og Norge har ikkje ei optimal blanding av topografi, busetting, demografi og historie som gjer at ein blindt kan stole på marknadskreftene når det gjeld matproduksjon. Slutningane blir for enkle, haldninga er arrogant, og evne og vilje til å ta innover seg eit breiare perspektiv ser ut til å vere fråverande.

På den andre sida får vi forbrukarar tyn fordi vi ikkje brukar nok av vår løn på mat, vi forstår ikkje samanhengane, og vi må betale ekstra mykje for brie.

”Det sentraliseres og det legges ned, nei det bli ailler slut på det”

Norsk landbruk får mykje subsidiar, det gjer òg norsk presse, norsk industri og ei rekkje andre næringar. I land kvar innbyggjarar flyttar utanlands for å utdanne seg snakkar dei om brain drain; her til lands risikerer vi både brain drain og food drain om bonden får rett i sin spådom. Kunnskap og kompetanse om jordbruk kan komme bort, og det same med det dyrkbare arealet. Da sit vi att med enda meir skog. “Det sentraliseres og det legges ned, nei det bli ailler slut på det” som Rotmo syng.

Men, vi kjem ikkje mykje lenger med at begge sider står på kvar sin haug og kjeftar på kvarandre med døve ørar. Med referanse til Konfucius: “Man kan ikkje tala om havet til ein frosk som sit i ein brønn”. I periodar kan ein tru at vi står i kvar vår brønn, og klarar ikkje å sjå verken vatn eller ljos. Vi er ikkje fleire i Norge enn at vi må hjelpe kvarandre fram til framtidsretta, praktiske og gjennomførbare løysingar.

Mat er vårt drivstoff, ikkje olje og gass

Norge har ikkje mykje dyrkbart areal, vi har ein sjølvforsyningsgrad som ikkje er god, vi bur i ei verd som ikkje er heilt roleg og stabil av seg verken klimamessig eller politisk, og det er mat som er vårt drivstoff uansett kor mykje olje og gass vi får pumpa opp av den norske sokkelen.

Det er på tide at alle “froskane” kjem opp frå brønnene og snakkar saman som folk, og om korleis vi kan sikre at vi òg i framtida har dyrkbar jord og folk som ønskjer å drive den. Det er eit felles ansvar som verken kan overlatast til marknaden eller bonden sjølv; vi treng samhandling. Og som Eggen sa, samhandling er ikkje her den type handel som mor og far gjer saman på laurdag.

 

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*