Med oppvekst frå den norske bygda var ho gjerne nyfiken. Ho hadde betrakta fugleliv, fjellvegetasjon og fjordspeglar. Lært om bygdedyr og gått i klasse med ungane til bygdeoriginalane. Det var ei tilværing ho fann seg godt tilrette med. Men ho hadde også kjent suget i magen idet nordgående og sørgåande hurtigrute kryssa kvarandre ute i havgapet. Og sett mangoen og pasjonsfrukta innta lokalbutikken. Visst fantes det ei verd der ute.
Når våren kom gjorde far sykkelen hennar klar for ny sesong, medan mor oppmuntra ho til å male fleire gipsfigurar til påske. Bestemor laga bygdas beste vaflar. I skogen stod bestefar og høgg ved. Avisene skreiv at Norge mangla ingeniørar og at for få jenter tok mattefaget inn. Ho tok snart dei allmenne faga med realfagleg retning, med storm og hjarte. Godt var det alt saman. Og snart stod verda for føtene hennar.
Vel framme i nærmaste storby gjekk ho opp trappa til universitetet, for å melde seg til alle slags spanande fag. Ho tok eksamenar i Analyse, Globalisering, Environment og Utvikling. I Rådgjevning, Konseptar og Strategiar og Mixed Models. Med Master i Risikoanalyse og Turbulens og ein doktorgrad i Tidsrekkemodellar, såg alt lyst ut. Snart var ho ute i arbeidslivet.
Velkommen hit, sa dei. Du kan tru det var vanskeleg for oss, så mange dyktige søkjarar. Og tenk, av dei ti beste var det berre kvinner. Det var nestan så vi tenkte vi måtte ta inn ein mann for kjønnsbalansens skuld. Men det får bli neste gong. Velkommen hit! Her er bordet du skal sitte ved. Her er datamaskina du skal få bruke. Velkommen.
Ho kikka seg entusiastisk omkring. Erfarne, dyktige og velrennomerte medarbeidarar sat spredt rundt i rommet mellom grøne planter og vakre kunstverk. Dette skulle nok bli bra. Det stod ikkje på tilliten og ansvaret og snart heller ikkje på rosen og anerkjennelsen. Rart tenkte ho, det kjendes nestan litt for lett.
Ho jobba godt. Mange timar, kvar dag. Det kom nokre barn, dei fekk gå i bydelens barnehage og ho jobba vidare. Om kveldane gav ho alltid det lille ekstra. For å utvikle seg, lære, dele med andre, og kunne vise resultat.
Ho hadde nett avslutta eit kurs i Akademisk skriving. Levert inn eit prosjekt om Fjernmåling. Samla ei ressursgruppe for ein tenketank om Karriere og livsløp. Etter mange lange dagar ved datamaskina hadde ho merka tendensar til den berykta musearma. Men ho hadde greid å halde denne i sjakk. Ho hadde trena. Ho hadde spist økologiske grønsaker og unngått gluten. Og ho hadde vaska håret med naturbalsam.
Takk for denne teksten, Margrethe!
Veldig fin tekst, noe å kjenne seg igjen i.
Jeg satt med tårer i øynene under opplesningen av teksten under debattmøtet på Kulturhuset. Utrolig sterkt.
Jeg var gjest hos en Palestinsk familie påskeaften. De bodde i telt fordi huset deres var revet av de israellske myndighetene. Var gjetere i ordets rette forstand: levde av en geiteflokk som også hadde skjul i et telt.
Da jeg kom tilbake til USA hørte jen en historie på nyhetene om en bonde som hadde begynt å bruke droner(?) for spre ugressmiddel mer effektivt. Farmen var så stor det var for tidkrevende å saumfare området for å finne hvor ugresset var, men dronene greide det på rekordtid. Mindre gift sprøyting. Mindre arbeid.
det er jo ikke samme historien, Margrethe, men følelsen var den samme. Det enkle, jordnære, ekte mot et jag etter……….ja hva er det vi jager etter egentlig? Gi meg et geite telt eller en vedstabel
Hatten av !
Saa dette först i Dagbladet, fortsatte paa Radikal…
Av norske tekster i media idag er ingenting elegant, intelligent.
MARGRETHE : Slutt som arkitekt..
Bruk all din kraft pa aa skrive böker.
Men dropp kvinnesak-dimensjonen.
Hvis du vil tjene penger.
Du har, med litt polering her og der, et gedigent talent.