Mot vegs ende for KS?

Foto: eric zhou

KS, er i hardt ver for tida. Dei har i grunnen prøvd å «ta ein Kristin Clemet», det vil seie eit bakhaldsåtak på lærarstanden.

Oddny Miljeteig
Om Oddny Miljeteig (2 artikler)
Oddny Irene Miljeteig er gruppeleiar for SV i bystyret i Bergen og landsstyremedlem i SV. Har tidlegare vore tillitsvalde i FO/LO i ei årrekkje.

Å krevja at lærarane si arbeidstid skal straumlineformast som om  læraryrket skulle ha vore eit heilt anna yrke, det er kunnskapslaust og einvist. Men ikkje tilfeldig, trur no eg.

Av ein eller annan grunn har lærarane si arbeidstid lenge vore ein torn i auga på norsk høgreside.  Høgresida er som så ofte elles, på lag med arbeidsgjevarsida. Arbeidsgjevarsida, som elles predikar fleksibiltet og klagar over arbeidstakarorganisasjonane som ikkje vil gje slepp på kunnskapsbasert og hevdvunnen normalarbeidsdag, dei predikar ikkje det same når det gjeld lærarane. Dei predikar faktisk det nett motsette! Og mon kvifor i all verda det, når all sunn fornuft tilseier at lærarane må vera på skulen når elevane er der, at lærarane må ha tid til å førebu timar til elevane er på skulen, at dei må ha tid til rettearbeid og etterarbeid etter timar og elevarbeid – når elevane er på skulen?  Det hjelper då ikkje ein elev å få att ferdig retta prøvar frå våren hausten etter? Slik steinalderpedagogikk hadde dei ikkje eingong i steinalderen… Det hjelper ikkje om KS så fint kallar det eit «mindre komprimert arbeidsår.»

Amputert makt til fagforeiningane

KS vil altså at lærarane skal vera mindre på skulen når elevane er der. Det har si fornuft einast i at arbeidsgjevar vil styrkja sin styringsrett.  KS går også inn for å fjerna alle sentrale bestemmelsar som sikrar lærarane tid til å vera godt førebudde og skapa god og variert undervisning. Dessutan, og her kjenner vi godt arbeidsgjevarane og høgresida på gangen: KS vil flytta lærarane si arbeidstid bort frå sentrale, dvs. nasjonale forhandlingar – og til drøftingar på den einskilde skule.  Amputert makt til fagforeiningane, altså, ikledd ei slags lokal-kappe om at ein rektor må få rådvelde over arbeidstida til «sine» lærarar. Lokal deregulering i verste nyliberalisme-ånd!  Og eit åtak på fagforeiningane.

Nasjonal forhandlingsrett er noko av det viktigaste som finst for at fagorganisasjonar faktisk skal kunna ha makt og vera i stand til å representera sine medlemer med tyngde.  Då Kristin Clemet som utdanningsminister i 2003, i ein sjokkarta operasjon flytte arbeidsgjevaransvaret for 100.000 lærarar og rektorar frå staten til 450 kommunar og fylkeskommunar, då var det sjølvsagt også ein lekk i same dereguleringstankegang.  Lærarorganisasjonane hadde lukkast i å halda på staten som arbeidsgjevar, ikkje minst ut ifrå argumentasjonen om at den norske skulen er ein fellesskule for alle i heile landet– og difor burde staten sjølv stå for løns- og arbeidsvilkår overfor fellesskulens kvinns- og mannskap.

Høgresidas våte draum

Clemet sin aksjon i 2003 var eit rått og brutalt åtak på åtak på fagforeiningars makt og posisjon i den norske modellen.  Det er den same lina KS no fylgjer når dei mesta vil radera ut den nasjonale forhandlingsretten til lærarorganisasjonane. Dette er inkje anna enn høgresidas våte draum og ein heilt klår parallell til kravet om at 13-timars-turnusar i helse og omsorg skal avgjerast av fagforeiningar lokalt og ikkje nasjonalt.  Nett det same er det.

Men, kan du innvenda: KS er då ein tverrpolitisk arbeidsgjevarorganisasjon med eit hovudstyre der jamvel SV er representert – og der regjeringspartia ikkje eingong har fleirtal? Ja, KS er tverrpolitisk, slik kommune-Noreg er det.  Men korleis skal KS, som representerer kommune-Noreg i all sin pluralisme, finna sitt mandat som nasjonal arbeidsgjevar?  Ja, sei det.  Det har vorte tydeleg etter at KS gjekk til frontalåtak på lærarorganisasjonane i januar at mangfaldige ordførarar og kommunestyre ikkje opplever at dei har vorte rådspurde.

Logisk åtak på lærarorganisasjonane

KS har sine fylkesmøte. Eg har også vore på slike.  Mangfaldet i meiningar er tydeleg når møta er på sitt beste. Men sjølvsagt (?) vil ein slik organisasjon dragast mot ein slags konsensus. Det skulle vel bli sentrumspolitikk, det då?  Når vi veit at sentrum i norsk politikk ikkje er stort større enn FrP åleine, er det ikkje rimeleg.  Og heller ikkje realiteten. Slett ikkje. (Sentrumspolitikk er sanneleg heller ikkje noko eintydig, endå mindre no om dagen enn tidlegare.) Min påstand er at konsensuspolitikken i KS trekkjer KS langt mot høgre – og at ein nyliberal dereguleringsideologi, forkledd som modernisering og lokaldemokrati, er rådande. I eit slikt perspektiv vert januar-åtaket på lærarorganisasjonane også logisk.

Skulen – og lærarane står sterkt i norske heimar.  Absolutt alle har eit forhold til skulen. Difor vert KS no avslørte på ein heilt annan måte enn Kristin Clemet vart i 2003. Prinsipielt handlar det om det same. Men no øydelegg KS lærarane sin sjanse til å gjera jobben sin. Sjølv om kunnskapsministeren sit musestille, gjer ikkje kommune-Noreg det. Kommunestyre i hopetal diskuterer saka, slik dei aldri har gjort før.  Spaltisten, til liks med resten av SV, var mildt sagt usamde med Clemet i 2003, slik vi er det med KS no.  KS anno 2014 har gjort skulen til ei slagmark – og er sin eigen verste reklame. Kvifor i all verda skal ungdom verta  trekte til læraryrket når dei ser korleis KS hersar med lærarane? Så vidt eg kan sjå, har KS forlist sitt eige truverde når det gjeld å vera arbeidsgjevarmotpart for ei av Noregs aller viktigaste yrkesgrupper. KS må no snu tvert om. Elles må dei vera ved vegs ende som nasjonal arbeidsgjevar.

Innlegget har tidligere stått på trykk i Bergensavisen.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.