Ein dårlegare politikk for arbeidslivet

Illustrasjon: Anders Hamre Sveen

Etter valet ser vi nok ein gong at fridomsomgrepet til Høgre og FrP eigentleg handlar om å verne om og styrke makta til eit mindretal i samfunnet, noko som mellom anna er tydeleg i arbeidslivspolitikken.

Anders Hamre Sveen
Om Anders Hamre Sveen (4 artikler)
Anders Hamre Sveen var leder av faglig utvalg i Rødt fra 2010 til 2012. Sveen fullførte journalistutdanninga si i 2007. Han bor i Stryn.

No har altså det nye stortingsfleirtalet med Høgre, FrP, Venstre og KrF presentert ein samarbeidsavtale, og partia i den påtroppande mindretalsregjeringa med Høgre og FrP presentert ei regjeringserklæring.

Det kjem ikkje som noko overrasking at arbeidslivspolitikken vert dårlegare. På dette området ga ikke Ap, SV og Sp oss mykje å juble for heller, men dei endringane som valvinnarane no ønskjer å setje ut i livet er verkeleg ikkje bra.

For det første har Framstegspartiet valt å løpe vekk frå sitt valløfte om å skrote pensjonsreforma. Den usosiale pensjonsreforma vil difor få gå sin gang, med dårlegare pensjonsvilkår for dei med dei tyngste jobbane som ikkje klarer å stå i jobb til pensjonsalder. Venstreopposisjonen i fagrørsla må så klart halde fram med arbeidet for å få ein omkamp på pensjon, òg gjennom tariffvegen.

For det andre så ønskjer Høgre og FrP «å stille krav om at ingen skal kunne sykmeldes mer enn seks måneder av sin fastlege», eit dårleg og usosialt framlegg som ikkje blir godt motteke av legestanden. Resten av fagrørsla bør så klart òg gå imot framlegget om endringar når det gjeld sjukemelding.

Det er vidare irriterande at Høgre og FrP nå går inn for eit frislepp for søndagsopne butikkar. Helgearbeid bør så klart berre finne sted der det er naudsynt, og det er det definitivt ikkje i dette tilfelle. Vi er mange som vil kjempe mot denne endringa. Då dei vart konfrontert med denne delen av regjeringserklæringa på TV, så var vurderinga til leiarane av dei to partia som stør den nye regjeringa mildt sagt lunken. KrF-leiaren gjekk deretter ut og slo fast at KrF er mot framlegget. Denne saka viser at det i tida framover blir viktig å leggje eit press på KrF og Venstre for å prøve å få dei til å seie nei til så mykje som mogleg av Høgre og FrP sine forverringar. Presset må så klart òg rettast mot dei andre partia på Stortinget.

I regjeringserklæringa si skriv Høgre og FrP at dei vil arbeide for «å utvide adgangen til bruk av midlertidige ansettelser». Vidare har nestleiar i LO, Hans Christian Gabrielsen, helt rett i å vere bekymra over formuleringane om å mjuke opp Arbeidsmiljølova, mellom anna når det gjeld korleis snittet for arbeidstid, alternative turnusordningar og uttak av overtid.  Alt dette må så klart møtast med massiv motstand frå fagrørsla, og dei delane av arbeidarvernet som det nye stortingsfleirtalet eventuelt klarer å ta ut av Arbeidsmiljølova, må ein så klart jobbe for å få inn i tariffavtalane med ein gong.

På alle desse sakene, og mange fleire, må så klart framstøyten for å omforme Noreg til eit meir usolidarisk og kaldt samfunn møtast med ein motoffensiv frå alle dei gode kreftane i landet, gjennom aktivisme, demonstrasjonar og streik.

Vi som ikkje likar dei politiske framlegga som har komme frå valvinnarane bør ikkje deppe, men tvert om knytte nevane og halde fram med kampen for eit anna og betre samfunn.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.