Frå diktatur til rettsoppgjer i Argentina

Foto: Edgardo E. Carbajal

Vegen frå militærdiktatur til rettsoppgjer mot dei skuldige kan vera lang og tung. Det har den også vore i Argentina, men landet er eit eksempel til etterfølging.

Johannes Nymark
About Johannes Nymark (1 Articles)
Førsteamanuensis i spansk og latinamerikansk historie ved Norges Handelshøyskole. Forfatter av blant annet Frå Evita til Cristina – om anarkismen, peronismen og kampen mot nyliberalismen, Dei ukuelege språka, og Historia de España y de Hispanoamérica (Spanias og hispanoamerikas historie).

Denne teksten baserer seg på et foredrag Johannes Nymark skal holde 18.00 på Kulturhuset i Oslo i kveld. Trykk her for mer info om arrangementet. Teksten er redigert av Radikal Portal.

I. Diktatur

Frå hausten 1973 tok det til å komma søramerikanske flyktningar til Noreg, først frå Chile og sidan òg frå Argentina, Uruguay, Paraguay, Bolivia, Peru og andre. Av desse flyktningane fekk nordmenn mykje meir kunnskap om Latin-Amerika enn vi fram til då hadde hatt og vi var mange som blei aktivt med i solidaritetsarbeid. Først med Chile og sidan med andre latinamerikanske land. Sjølv fekk eg av latinamerikanarane kunnskapar om den doktrinen som låg til grunn for den systematiske undertrykkinga til militærdiktatura: den militære tryggleiksdoktrinen, som sette alle konfliktar i verda (lokale, nasjonale, regionale) inn i ei aust/vest-ramme. Det var Sovjetkommunismen som lurte bak, i den overordna internasjonale kampen på den tida: kampen mellom ”det frie, kristne Vesten” og ”den ateistiske kommunismen i aust”. Denne aust/vest-konflikten er velkjent for alle oss som vaks opp i tiåra etter den 2. verdskrigen.

Kondor-planen

I juni 1976 fekk vi eit første varsel om kva ekstreme organiserte former undertrykkinga kunne ta. Den 4. juni skreiv den britiske journalisten Richard Gott i The Guardian: ”…spesialistar som følgjer nært med i det som går føre seg politisk på det amerikanske kontinentet, hevdar at ein der gjennomfører noko liknande Fønix-operasjonen” (Fønix-operasjonen var ein operasjon med politisk motiverte mord som CIA dreiv med i Vietnam på 1960-talet og 1970-talet). Gott skreiv òg at dei politiske aktivistane ”som var i stand til å samla og inspirera folket i motstandskampen, blei fjerna ein etter ein”. Indirekte hevda Gott at det var USA som sto bak det som skjedde og at USA’s utanriksminister den gongen, Henry Kissinger”, ”burde kjenna til det heile”.

Den tidlegare spanske dommaren Baltasar Garzón fekk tidleg informasjon som prova at Henry Kissinger var aktivt med og bad han om at ein i USA måtte frigi dokument som synte at han 10. juni 1976 hadde møtt Cesar Guzetti i Chile. Guzetti var den gongen utanriksminister for det argentinske militærdiktaturet, som hadde komme til makta berre nokre månadar før, 24. mars 1976. Han bad Kissinger om løyve til «å knusa dei undergravande rørslene ein gong for alle», noko Kissinger gav sitt samtykke til, slik det går fram av det frigjevne dokumentet.

I september 1976 hevda Robert Sherrer, spesialagent i FBI, at det fanst eit organisert samarbeid mellom undertrykkarapparata i Argentina, Brasil, Chile, Bolivia, Uruguay og Paraguay, som gjekk ut på at ”ein samla, utveksla og tok vare på informasjon om personar på venstresida. Det er ein organisasjon og ei organisering som tok til for kort tid sidan, med basis i eit samarbeid mellom dei hemmelege tenestene i Sør-Amerika”. Sherrer kom med desse opplysningane til John Dinges og Saul Landan * berre ei veke etter at Orlando Letelier, som hadde vore utanriksminister under Allende, blei drepen av ei bilbombe i Washington den 21. september 1976.

Den 2. august 1979 sto ein artikkel av Jack Anderson i ”The Washington Post”: ”El Cóndor: the Latin American Criminals”, der journalisten bak artikkelen skildrar Kondor-planen og kallar den for ”dødens internasjonale samanslutning”. Då eg og andre i solidaritetsrørsla med Latin-Amerika freista ta opp desse fakta på starten av 1980-talet, var det ingen som trudde på oss. Det same skjedde då eg og andre, også i starten på 1980-talet, tok opp at det blei drive systematisk opplæring i psykologisk og fysisk tortur på School of the Americas i Panama-kanal-sona, som fram til 31.12.1999 delte republikken Panama i to og høyrde til USA.

Torturskolen

School of the Americas spelte spesielt på 1960- og 1970-talet ei viktig rolle i utdanninga av latinamerikanske offiserar som, i tillegg til opptrening i ulike former for tortur, fekk utdanning i statsvitskap, sosiologi, psykologi, jus, økonomi, kultur og andre emne som skulle setta dei i stand til å styra landa etter kupp. Skolen gjekk under kallenamna ”kuppskolen” og ”torturskolen”, og reklamerte freidig med at den hadde utdanna 10 latinamerikanske presidentar. Ikkje eit ord om at dei var komne til makta ved hjelp av kupp!

Men så, på midten av 1990-talet, etter at Sovjetsamveldet og austblokka var hamna på historias skraphaug og USA hadde konsolidert stillinga som supermakt i verda, blei det kjent mykje meir av kva som hadde hendt under aust-vest-konflikten. I oktober 1996 skreiv journalisten Silvio Hernández i nyheitsbyrået IPS ein artikkel som blei sitert i mange presseorgan verda over. Der kan ein mellom anna lesa: «USA drev systematisk undervisning i tortur og menneskerettsbrudd ved sitt militærakademi i Panama, konkluderer en kommisjon frå Forsvarsdepartementet i Wahington».**

Handbøkene som offiserane fekk utlevert ved skolen, godkjente bruk av metodar som utanomrettslege avrettingar og vilkårlege arrestasjonar. I handbøkene står det òg tilrådingar om korleis ein kan nytta narkotika for å tappa fangar for informasjon. I etterkant av desse avsløringane er det komme vitnesbyrd om at ein bortførte sivile som så blei nytta som forsøkskaniner i torturundervisninga ved skolen, og det er blitt avslørt at ein underviste i psykisk terror som å senda hjarteskjerande skrik av born og fangar eller å bortføra medlemmar av familiane til fangane.

Forhøyrsmetodane som blei avslørte, var vanleg praksis under militærdiktatura i Brasil, Uruguay, Argentina, Bolivia, Chile og Paraguay i 1970-åra og delar av 1980-åra. På 1990-talet blei den same metodologien brukt i Colombia av dei paramilitære gruppene og av Dei væpne styrkane i landet.

School of the Americas blei oppretta i 1946, men torturundervisninga blei intensivert og effektivisert frå starten på 1960-talet, då USA tok til med ein motoffensiv mot revolusjonen på Cuba. I 50 årsperioden 1946-1996 gjekk 45.000 offiserar på skolen, og 170 av desse blei seinare øvste leiarar for militære i sine respektive heimland. I 1984 blei skolen flytta frå Panama til Fort Benning i delstaten Georgia i USA, og på 1990-talet skifta den namn til Western Hemisphere Institute for Security Cooperation.

22. desember 1992 fann ein store mengder konkrete spor etter Kondor-planen, det før omtala samarbeidet mellom militærdiktatura i Sør-Amerika i 1970-åra. Denne førjulsdagen fann menneskerettsaktivisten Martín Almada fram til dei såkalla terrorarkiva på ein liten politistasjon i bydelen Lambaré ved hovudstaden Asunción i Paraguay: 5 tonn med dokument, foto og lydband frå overvakingspolitiet sitt hemmelege arkiv. Dokumenta var først og fremst handfaste prov på polititerroren i Stroessner-diktaturet (1954-1989), men dei inneheldt òg informasjon om Kondor-operasjonen, informasjonar som tidlegare delvis var blitt lagt fram i ei bok av menneskerettsforkjemparen Gladys Meilinger de Sannemann frå Paraguay i boka ”Paraguay en el Operativo Cóndor” (RP ediciones, Asunción, Paraguay, 1989).

I den seinaste tida er det avslørt at også franske militære og etterretningsoffiserar med erfaring frå den franske krigen i Vietnam på 1950-talet og frå Algerie-krigens siste fase rundt 1960, hjelpte dei latinamerikanske militære anten direkte eller indirekte via militærakademi i dei ulike landa eller via School of the Americas. I ein artikkel skriven av Marie-Monique Robin*** står det eit sitat frå Manuel Contreras, sjef for den illgjetne etterretningsorganisasjonen DINA i Chile: «I Hæren beundra vi den franske organisasjonen OAS for det motet og den kampviljen dei som var med i organisasjonen, hadde lagt for dagen i kampane i Algerie. Organisasjonen blei ein modell for oss. Desse folka sendte mange offiserar som trena opp våre folk på ein leir i Manaus i Brasil». Beundringa for OAS og «den franske militærskolen» var ikkje avgrensa til sjefen for DINA, men var generelt utbreidd i viktige delar av Dei væpna styrkane i dei latinamerikanske militærdiktatura på 1970-talet.

Statsterrorisme mot den indre fienden

”Den som ikkje er med oss, er mot oss”, var rettesnora for den undertrykkingspolitikken som blei ført og for den jakta som dei militære i Sør-Amerika dreiv på alle dei som opponerte mot det etablerte samfunnet: frå sosiale grupper, menneskerettsorganisasjonar, frigjeringsteologar, kritiske studentar og intellektuelle, og til fagrørsle, politiske grupper frå sentrum og utover til venstre, og geriljagrupper. Det var denne indre fienden som no var prioritert mål for dei militære i Chile, i Argentina, i Uruguay, i Brasil, i Paraguay og i Bolivia.

«Først skal vi drepa dei som undergrev samfunnet, så dei som samarbeider med dei, deretter dei likesæle og til slutt dei som skuggar unna». Så direkte, så brutalt uttrykte han seg, Alfredo Saint-Jean, innanriksminister og sidan president i Argentina i 12-13 dagar i slutten av juni 1982, like etter tapet i Malvinas/Falklandskrigen.

Etter Kondor-planen kunne argentinarar bli fengsla i Paraguay, chilenarar kunne forsvinna i Argentina eller dei kunne bli fengsla og torturerte i Bolivia. Slik var Kondor-planen: Med namn frå fuglen med det store vingespennet spreidde Kondor-operasjonen sin innverknad over store område i Sør-Amerika. Som handfaste døme på Kondor-planen kan vi nemna at den 21. mai 1976 blei Héctor Gutiérrez, tidlegare parlamentsmedlem i Uruguay, og Zelmar Michelini, tidlegare minister, parlamentsmedlem og senator i Uruguay, myrda i sentrum av Buenos Aires. Om lag på same tid blei Juan José Torres, tidlegare president i Bolivia, funnen myrda, også det i Argentina. Likevel: Dei fleste ofra blei aldri kjente internasjonalt, men blei verande anonyme offer for ein statsterrorisme først pønska ut av CIA-offiserar og militære leiarar i USA.

Leiaren av den første militærjuntaen etter kuppet i 1976, Jorge Rafael Videla, gav ein del intervju før han døydde 17. mai i år. I eitt av desse intervjua hevda han at kuppet ikkje var nødvendig for å få slutt på geriljarørslene, men at det trongst for å gjennomføra den nyliberalistiske økonomiske modellen og for å disiplinera samfunnet. Han vedgjekk òg at termen ‘forsvinning’ var ein eufemisme ein nytta fordi det internasjonale samfunnet ikkje ville ha godteke skyting av fangar, noko ein hadde røynsle for frå dei siste dagane av Franco-regimet i 1975.

Etter denne nasjonale tryggleiksdoktrinen blei alle konfliktar rundt om i verda marknadsførte som ”det godes kamp mot det vonde”. Etter at Kondor-operasjonen og praksisen ved School of the Americas blei kjent på 1990-talet, tok ting til å skje. Det blei klart at USA sto bak Kondor-planen og at den såkalla Nixon/Kissinger-doktrinen frå dei første åra på 1970-talet, var sentral ved gjennomføringa av militærkuppa som blei gjennomførte i Sør-Amerika på 1970-talet.

I 1993 kom kaptein i Marinen, Adolfo Scilingo, med innrømmingar om at han sjølv hadde vore med på å myrda eit trettitals personar då han tente ved Marinens mekaniske skole. Den forsvinningspolitikken ein nytta, er noko av det verste som finst når det gjeld psykologisk terror. Det veit alle som kjenner slektningar av dei mange som forsvann under militærdiktaturet i Argentina (1976-1983): 7-8.000 ifølgje diktatoren sjølv, Jorge Rafael Videla; 8961 etter talet på dei som melde forsvunne til den offentlege CONADEP (Den nasjonale kommisjonen for forsvinning av personar) som verka på midten av 1980-talet; minst 30 000 ut frå opplysningar til forskjellige menneskerettsorganisasjonar, som også har kunnskap om svært mange av dei tilfella som aldri kom så langt at dei blei melde til CONADEP. I ettertid er det komme fram at fleire av dei forsvunne – mellom dei ofra til Adolfo Scilingo – blei kasta i levande live frå militærfly og ut i La Plata-floda. Dei militære sjølve nekta, men kunne ikkje det lenger då lik flaut opp på strender og medisinske prøver synte at det dreia seg om forsvunne frå diktaturtida.

II. Rettsoppgjer

Overgangen frå militærdiktatur til representativt demokrati gjekk i Argentina føre seg etter at Raul Alfonsín tok til på sin presidentperiode i 1983. 1980-talet avløyser diktaturas tiår på 1970-talet i mange søramerikanske land og blir omtala som demokratiseringas tiår. I mange land gjekk overgangen til demokrati føre seg på dei militære sine premissar, noko som hindra det rettsoppgjeret som alle dei viktigaste menneskerettsorganisasjonane i området kravde.

I starten hausta Raúl Alfonsín mange lovord for måten han, regjeringa hans og rettsapparatet i Argentina handterte rettsoppgjeret mot dei øvste militære leiarane på. Det blei sett ned ein Nasjonal kommisjon for forsvinning av personar (CONADEP) som hadde i oppdrag å sjå på forsvinningspolitikken i diktaturtida. Kommisjonen publiserte i 1984 ein rapport som fekk namnet «Aldri meir», der det mellom anna heiter i innleiinga: «Vårt oppdrag var ikkje å undersøka brotsverka, men å finna ut kva som hadde skjedd med dei forsvunne (kidnappa), kven dei no måtte vera…». Denne typen kommisjonar blei modell for andre land som gjekk gjennom rettsoppgjer etter diktatur.

Rettsoppgjer i revers på 1980- og 1990-talet

Konklusjonane i CONADEP sin rapport førte prompte til at medlemmene av dei tre første militærjuntaane blei stilte for retten. Mellom dei som blei dømde til livsvarig fengsel var leiaren av den første militærjuntaen, Jorge Rafael Videla, og leiaren for Marinen, Emilio Massera. Dette førte til uro i dei militære sine rekkjer, der ein frykta at rettsvesenet no ville gå over til å reisa tiltale mot offiserar av lågare rang.

Med denne otten in mente kom president Alfonsín med den første lova for straffefridom, den såkalla punktum finale-lova, med ein kort foreldingsfrist, på berre 60 dagar, for å leggja fram klagemål mot militære offiserar. Argentinske dommarar likte ikkje at dei fekk ein slik frist tredd ned over hovudet på seg, og i løpet av dei 60 dagane tok dei ut tiltale mot alle dei militære som det fanst indisium mot, utan omsyn til kor tynt dette indisiet måtte vera. Over fire hundre offiserar blei kalla inn til rettsleg forhøyr frå februar 1987, og mellom desse var det mange som framleis var aktive og med kommando over militære troppar.

Som ein reaksjon frå militære offiserar fekk vi det såkalla påskeopprøret i 1987, og som eit svar på dette signerte Alfonsín den andre lova for straffefridom, som fekk namnet Lova om høveleg lydnad («Ley de obediencia debida»). Gjennom denne lova blei offiserar under generals rang og deira like i andre væpna styrkar, fritekne frå straffeansvar. Men det var ikkje nok med det.

President Carlos Menem (1989-1999) gav nåde til alle dei som var blitt dømde eller som det var tatt ut tiltale mot under regjeringa til Raúl Alfonsín, også dei som var blitt tiltalte for involveringa dei hadde hatt i Malvinas/Falklandskrigen i 1982. Likevel var det slik at både Alfonsín og Menem lét det vera to opne vindauge mot framtida: Dei tok aldri med i lovene om straffefridom eller nåde dei brotsverka som hadde å gjera med tilraning av ungane til dei forsvunne eller plyndringa av eigedelane deira. Dette skulle bli svært viktig for rettsprosessane på 2000-talet.

Dei første åra på 1990-talet såg det ut til at rettsoppgjeret etter diktaturtida var gått i gløymeboka. Det var stort sett berre dei ulike menneskerettsorganisasjonane som heldt liv i sakene, med ihuga kamp for å få stilt dei ansvarlege til ansvar for sine illgjerningar mot menneskeslekta. Men i 1993 kom temaet på nytt i fokus i pressa, då Menem bad Senatet om opprykk for to offiserar som var blitt klaga inn for rettsvesenet for sine handlingar i tidlegare omtala ESMA. Som ei følgje av denne saka var det at også tidlegare omtala marinekaptein Adolfo Scilingo stod fram og tilstod sine ugjerningar ved den illgjetne militærinstitusjonen. Det blei auka interesse og medvit om menneskerettssituasjonen i Argentina, og på 20- årsdagen for militærkuppet 24. mars 1996 var det gigantiske massemobiliseringar mot dei militære og politiske undertrykkarane og deira medløparar. No var det ingen veg tilbake for rettsoppgjeret.

Vegen til rettferd

Ein av dei aller viktigaste konsekvensane av den mobiliseringa og bevisstgjeringa som skjedde på slutten av 1990-talet, var at born av dei forsvunne no organiserte seg i ein organisasjon, HIJOS, som blei skipa i 1995. Organisasjonen har vore spesielt oppteken av å identifisera kriminelle frå diktaturtida som går frie rundt oss. Dette var den første organisasjonen av etterkommarar etter den generasjonen som blei desimert i Argentina på 1970-talet.

I 1997 bad Emilio Mignone, far til den forsvunne Mónica Candelaria Mignone, rettsvesenet om å finna ut kva som hadde skjedd med dottera hans etter at ho var blitt kidnappa frå heimen. Domstolane gav Emilio Mignone rett til å få vita sanninga og til å få høve til å gje dottera ei grav, som familien kunne gå til for å minnast henne. Rettsvesenet måtte oppfylla denne plikta, sjølv om lovene om straffefridom hindra at ein kunne straffa illgjerningsmennene.

Initiativet til Mignone og dei påfølgjande avgjerdene i rettssystemet gjorde at rettssakene kunne ta til med det for auge å komma fram til ei sanning om kva som hadde hendt med dei forsvunne. Snart var rettssakene i gang over store delar av Argentina. Den spanske dommaren Baltasar Garzón, som hadde teke ut tiltale mot og fått arrestert Augusto Pinochet i London i 1998, verka som fødselshjelpar for doktrinen om den universelle jurisdiksjonen, det vil seia at i tilfelle der det er gjort brotsverk som kjem heile menneskeslekta ved, har alle land rett og plikt til å dømma dei ansvarlege, dersom illgjerningspersonen sitt eige land ikkje gjer det.

Denne oppdateringa av internasjonal rett fekk mange konsekvensar, så vel juridiske som politiske. I Argentina måtte ein venta til Néstor Kirchner overtok som president i 2003 før ein våga å gjera noko med straffefridommen frå spesielt Carlos Menem sin periode. Det året blei lovene om straffefridom annullerte, og 14. juni 2005 erklærte argentinsk Høgsterett straffefridomslovene for å gå mot Grunnlova i landet. Då låg vegen open for nye rettssaker mot militære og sivile undertrykkarar, i ein rettsprosess som var blitt avbroten i 1986.

Kirchner tok til å regjera under mottoet «Minne, Sanning og Rettferd», heilt i samsvar med kva menneskerettsorganisasjonane arbeidde for. Og no tok ting til å skje i ein rivande fart. Kirchner pensjonerte ei militærleiing som hadde gjort det ho kunne for å bremsa politikarane i forsøka på å få i stand eit reelt rettsoppgjer. Mellom mange andre åtgjerder som Kirchner kom med, var initiativet til å etablera eit minnemuseum på ESMA sitt område i Buenos Aires.

Ifølgje statistikkane til den uavhengige argentinske organisasjonen CELS (Senteret for juridiske og sosiale studiar) hadde ein sidan 2005 og fram til april 2012 forkynt 253 fellande dommar og 20 frifinningar i saker mot personar som var klaga for grove brot på menneskerettane i det seinaste diktaturet i Argentina (1976-1983). 46 % av dei dømte har fått livstidsdommar, 32 % er dømde til fengselsstraffer i mellom 16 og 25 år, 21 % til fengsel mellom fire og 15 år og 1 % til fengsel i opp til tre år.

I desse rettssakene legg ein vinn på at alt skal går føre seg etter boka, at dei tiltala har alle sine rettslege garantiar og rettar, og at ingen skal dømmast utan handfaste og overtydande prov på illgjerningane dei er klaga for. Ein nyttar altså mot torturistane den lova som dei sjølve nekta å bruka, dei får høve til det forsvaret som dei sjølve ikkje aksepterte. I ein tale har den noverande leiaren for argentinsk Høgsterett uttala at desse rettssakene og dommane er ein del av den sosiale kontrakten til dagens argentinarar.

Rettssystemet er ei kvern som malar langsamt, og slik må det ofte vera for at saksgangen skal bli tilfredsstillande og rettferdig. Likevel er det mange etterlatne i Argentina i dag som håpar at ein kan få fortgang i rettsoppgjeret, slik at det ikkje døyr fleire vitne og folk som er klaga for tortur og grove brotsverk mot menneskeslekta.

Kva med dei økonomiske medløparane?

Det er ikkje noko nytt at dei militære samarbeider med leiande økonomiske grupper. Det mest brutale militærkuppet i Argentina, det mellom 1976 og 1983, hadde ikkje late seg gjennomføra hadde det ikkje vore for aktiv økonomisk og moralsk støtte frå så vel innanlandsk som utanlandsk kapital. Økonomisk liberalisme gjekk som fot i hose saman med det beinharde militærdiktaturet.

Ikkje berre ytte økonomar sin skjerv til eit stabilt militærregime, dei gjorde det i den grad at Argentina under det seinaste militærdiktaturet blei eit laboratorium for ein liberalistisk økonomi à la Milton Friedman. Barn og barnebarn av forsvunne fører i dag ein kamp for å få stilt for retten ikkje berre militære, men også bankar som finansierte diktaturet. Utan den økonomiske støtta ville dødsmaskineriet til dei militære ha stoppa av seg sjølv, meiner dei, og hevdar at bankane, på grunn av den internasjonale merksemda forsvinningane fekk, må ha vore fullt klare over og heilt innforståtte med at det blei bygd konsentrasjonsleirar der kidnappa opposisjonelle blei torturerte og myrda.

Ei av dei etterlatne, María Elena Perdighe, har uttrykt det slik: «Eg vil vita kven som skaffa pengar til militærdiktaturet som styrte eit økonomisk knekt land, men som likevel kunne betala løn til dei som myrda foreldra mine og som gjorde at diktaturet kunne kjøpa torturmaskineriet sitt».

Det finst òg internasjonal presedens for å dømma slike som har vore med på å finansiera krigsbrotsverk. Nürnberg-tribunalet etter den 2. verdskrigen dømte tyske næringslivsleiarar som hadde selt dødeleg gass til konsentrasjonsleiren Auschwitz, personar som hadde skaffa slavearbeidarar eller gitt pengegåver til nazistane. Tribunalet slo fast at dei ansvarlege for ein kriminell plan «treng samarbeid frå politikarar, militære, diplomatar og næringslivsleiarar. Ein kan ikkje sjå på desse som uskuldige dersom dei visste kva dei gjorde». Det er ut frå eit slikt resonnement at barn og barnebarn av dei forsvunne i Argentina vil stilla bankane til ansvar for krigsbrotsverk.

Initiativet som slektningane til dei forsvunne har teke, kan føra til større merksemd om etikk også i krinsar som tradisjonelt sett berre er opptekne av forteneste, utan omsyn til kva tilhøve det skjer under eller kva interesser det tener. Ifølgje ein studie ved Juridisk Fakultet på Universitetet i New York var den statlege utanlandsgjelda i Argentina 6,6 milliardar US-dollar i 1976 – det året dei militære rana til seg makta – mot 31,7 milliardar i 1983, då dei militære trekte seg attende. 20,6 milliardar var direkte bankkreditt, medan ytterlegare 5,4 milliardar var bankobligasjonar. Dette var kapital som internasjonale bankar pressa på ulike land i ei tid med relativt låge renter og som ein del diktatur nytta til å undertrykkja sitt eige folk.

I den seinare tida er det blitt meir merksemd rundt medansvar ved alvorlege brotsverk. I rettsvesenet i USA har det versert søksmål mot bananselskapet Chiquita, som nytta kolombianske paramilitære til å fjerna fagforeiningsleiarar frå plantasjane sine.

(…)

Lærdommar

Ein skal vera varsam med å trekkja alt for bastante konklusjonar ut frå det vi her har vore innom. Det som ser ut til å vera nokså sikkert, er at ein vil støyta på alvorleg motstand frå dei gruppene som har støtta eit diktatur og som såleis er i faresona for å bli utsette for eit rettsoppgjer. Eit viktig mål må vera å få kontroll over undertrykkjarapparatet og ha sivil politisk kontroll over dei gruppene som støtta diktaturet.

Å få dette til, er ikkje enkelt. Det beste er sjølvsagt om ein har brei folkeleg støtte, som i tilfellet Spania, der ein hadde eit stort fleirtal i folket bak kravet om eit brot med diktaturet. Som tilfellet Spania syner, er det ikkje nok med eit slikt massivt fleirtal mot diktaturet, for der tok ein ikkje sjansen på eit tidleg rettsoppgjer, på grunn av ein forståeleg otte for nye valdshandlingar.

På mange måtar er rettsoppgjeret i Argentina eksemplarisk. Det har kjempa seg fram i eit svært vanskeleg politisk terreng, noko som skuldast den utrøttelege striden som menneskerettsorganisasjonar har ført: Mødrene på Maiplassen, Bestemødrene på Maiplassen og Den permanente forsamlinga for menneskerettar. Desse organisasjonane har på vitskapleg basis samla saman ugjendrivelege prov på brota på menneskerettar, dei har ein mediestrategi, Mødrene på Maiplassen har sitt eige universitetet og sin eigen radio, og Bestemødrene på Maiplassen har tatt i bruk DNA for å finna ut slektskap mellom ungar – no vaksne – som blei stolne frå forsvunne, og deira rettkomne familiar. Utan alt dette systematiske og mødesame arbeidet ville ikkje eit rettsoppgjer lata seg gjera. Og heller ikkje utan den støtta som Néstor Kirchner og Cristina Fernández de Kirchner har gitt som presidentar i Argentina det siste tiåret.

 

* Assassination on Embassy, Row, New York, 1980, s. 238

** Klassekampen, 05.10.1996

*** «La letra con sangre – el rol francés en la guerra sucia»

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*