Kampen mot synleg fattigdom

Foto: Squat the Planet

Eit ekstra armlene på ein offentleg benk. Eit diskré teikn på at den over 100 år lange kampen mot synleg fattigdom heldt fram. Før var lovverket våpen mot dei fattige, no gjer fiendtleg arkitektur same nytten.

Maria Lavik
Om Maria Lavik (1 artikler)
Maria Lavik er journalist og historiker.

«Lediggjængeren er ikke alene en Byrde paa Samfundets Kasse, men ogsaa en Fare for den Offentlige Orden og for Rettsikkerheden.»

Sitatet er henta frå utkastet til Lausgjengarlova som vart vedteken i 1900 og tredde i kraft 1907. Lova var retta mot den farlege lausgjengaren – ein person utan fast arbeide og inntekt, som var sett på som ein trussel mot den generelle samfunnsmoral. Arbeidsføre lausgjengarar kunne etter lova bli dømt til tvangsarbeid. Grunngjevinga var at slike personar kunne volda skade berre ved å opphalda seg i det offentlege rom.

I masteroppgåva ”Den svake vilje” beskriv idéhistorikar Hilde Petrine Henriksen korleis lova hadde som mål å nå ei gruppe menneske som var vanskeleg å kontrollera i rettsleg forstand. Lova brukte medisinske termar for å forstå kriminalitet og fattigdom. Storsamfunnet skapa seg eit bilete av lausgjengarar som svakare enn andre menneske. Denne svakheita var ein trussel, fordi den kunne vera smittefarleg og skada samfunnet.

LES OGSÅ: Vi romantiserer de fattige, og vi avskyr dem

Ei klasselov
Tanken verkar absurd i dag. Me veit at fattigdom ikkje er ein sjukdom, men eit resultat av val, tilfeldigheiter og strukturar – som kvar du kjem i frå, kva foreldra dine gjer, og kva dei tener. Ideen om at fattigdom er ein sjukdom må også ha verka absurd på tidlegare justisminister Knut Storberget, som fekk æra av å oppheva Lausgjengarlova. ”Tida har sprunge frå lova”, slo han fast i 2005.

Det var på tide. Lova kvila på eit svært vaklande juridisk grunnlag: Den straffa ikkje berre handlingar – som å trua eller å plaga forbipasserande – men også fattige som i det heile tatt tok seg fridom til å eksistera i det offentlege rom. Fekk politiet tak i ein person som ”flakker om fra Sted til Sted” og som ikkje kunne vise til å ha arbeid, kunne vedkommande bli dømt til tvangsarbeid. Det er lett å forstå kvifor Lausgjengarlova blir kalla Noregs tydlegaste klasselov, og at den mot slutten berre eksisterte som ei sovande lov.

Omstridd trend
Men dei absurde tankane lever vidare. I Sandvika utanfor Oslo har det dukka opp benkar med eit ekstra armlene i midten. Slik at folk ikkje kan sova der. Benkane satt opp av Bærum kommune er eksempel på fiendtleg arkitektur, som avisa Vårt Land har sett søkeljos på denne sommaren. Dette er ein type arkitektur der det offentlege rom blir gjort utilgjengeleg for dei som før ville blitt definert som lausgjengarar av Lausgjengarlova.

I Oslo ser me eksempel på fiendtleg arkitektur i store kampsteinar plassert under bruer og avrunda og ovale benkar, eller benkar med eit ekstra armlene. Alt for å hindra at folk skal kunne sove der. Trenden er omstridd: I London møtte supermarkedkjeda Tesco massiv kritikk då den monterte piggar på bakken utanfor ein butikk i handlegata Regent Street. Tesco måtte snu, og fjerna piggane.

LES OGSÅ: Når det å be om hjelp blir ulovlig

Kjem til Oslo S
Trass i kritikken: snart kjem dei omstridde benkane med ekstra armlene til Oslo Sentralstasjon.

– Me har fleire som meir eller mindre bur på Oslo S. Det skapar utryggheit for dei reisande, forklarer Sefrid Jakobsen i Jernbaneverket til NRK.

Jernbaneverket, ein offentleg etat, argumenterer for ei form for sosial sanering basert på ein teori om opplevd utrygghet. Tenk det: Folk som av ulike grunnar må overnatta på ein benk skapar ”utryggheit” for andre. Ved å vere der. Ikkje ved å utføra faktisk kriminalitet – som å stele eller plage forbipasserande – men ved å opphalda seg i byrommet.

Tankegangen er som henta ut av den arkaiske lausgjengarlova. Den fattige på benken er blitt ein fare for den ”Offentlige Orden” og for ”Rettsikkerheden”. Slik held kampen mot den synlege fattigdommen fram – ikkje lenger gjennom lovverket, men gjennom små steg, som å montera eit ekstra armlene på ein benk. Slik kjemper storsamfunnet vidare, ikkje mot fattigdom, men mot dei fattige.

Teksten er sampublisert med Klassekampen.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.