Stor uvisse rundt gresk folkerøysting

Foto: Mick Baker

Emneknaggen #Greferendum har eksplodert på sosiale media dei siste døgera. Ein Grexit kan opna for at Brexit – britisk avslutning av medlemsskapet i EU – blir det neste.

Birgitta Lim Ersland
Om Birgitta Lim Ersland (2 artikler)
Birgitta Lim Ersland har master i Peace and Conflict Studies frå Universitetet i Oslo. Ho har skrive masteroppgåve om nyare gresk historie og framveksten av det høgreekstreme partiet Gyllent daggry. Ho har også budd og arbeidd i Aten.

Natt til 27. juni gjekk Hellas’ statsminister Alexis Tsipras ut med framlegg om folkerøysting om villkåra frå kreditorane for nye krisepakkar. Røystinga skal finna stad den 5. juli.

Hellas har dei siste åra mottatt over 240 milliardar euro frå långivartroikaen – som består av Den europeiske unionen (EU), Det internasjonale pengefondet (IMF) og Den europeiske sentralbanken (ESB) – mot lovnader om konkrete sparetiltak og reformer som, mellom anna, inneber krav om privatisering, auka avgifter og kutt i løningar og velferdstiltak.

Regjeringspartiet Syriza blei valt inn i parlamentet ved det ekstraordinære parlamentsvalet den 25. januar i år. Alexis Tsipras blei statsminister og lova å visa motstand mot troikaens krisepolitikk. Det første halvåret i statsministerstolen har stort sett gått med til harde forhandlingar med IMF og EU.

LES OGSÅ: Land går ikke konkurs, heller ikke Hellas

Brei støtte i parlamentet
Laurdag møttest det greske parlamentet til hastemøte for å drøfta framlegget, som blei godkjent med 178 røyster for og 120 mot (to parlamentsmedlemer var ikkje til stades). Framlegget frå regjeringspartiet SYRIZA skapte noko uventa alliansar på venstre- og høgresida då det – i tillegg til det høgrepopulistiske koalisjonspartiet Uavhengige grekarar (ANEL) – fekk støtte frå høgreekstreme Gyllent daggry, medan partia som tydeleg har markert seg for EU – som opposisjonspartiet Nytt demokrati, PASOK og To Potami – røysta mot. Også Kommunistpartiet KKE stemte mot og grunngav dette med at dei i staden ønskjer ei folkerøysting som tar opp fleire spørsmål enn berre om folket er einige eller ikkje i framlegget som ligg i bordet frå EU, IMF og ESB. Før røystinga i parlamentet kom dei med framlegg om at folk også burde ta konkret stilling til om Hellas burde lausrive seg frå EU.

Framlegget skapte furore i den internasjonale finansmarknaden og finansministrane i eurosona meiner Hellas med dette braut forhandlingane om nye avtalevilkår. Mange hevdar også at det har gjort ein eventuell Grexit – avslutning av gresk medlemskap i Den økonomiske og monetære unionen i Europa (ØMU) – nærast uunngåeleg. Samstundes var svaret frå Eurogruppa klart «nei» på spørsmål om mogleg forlenging av Hellas’ hjelpeprogram fram til etter folkerøystinga.

Christine Lagarde, leiar av IMF, har erklært at det ikkje er noko å røysta over den 5. juli. Tidlegare i år fekk Tsipras utvida fristen for å koma fram til ein avtale til tysdag 30. juni. Denne fristen er, i følgje Lagarde, absolutt og det ligg ikkje noko framlegg på bordet som det er mogleg å røysta over etter denne dagen.

LES OGSÅ: Ekstremismens andlet – om Hellas og Gyllent Daggry

Ein meir demokratisk eurosone
I eit intervju med den britiske nyheitskanalen BBC seier den greske finansministeren, Yanis Varoufakis, at situasjonen i Hellas er ein konsekvens av eit strukturelt problem i eurosona.

– Kapitalkontroll innanfor ein monetær union er ei sjølvmotseiing. Den greske regjeringa går i mot sjølve konseptet, skreiv finansminister Varoufakis på Twitter.

Både Tsipras og Varoufakis forsvarer folkerøystinga ved å seia at det no er opp til folket å avgjera om dei kan gå med på krava frå långivarane. Båe har likevel også gått ut med ei tydeleg oppfordring til det greske folket om å røysta nei. Varoufakis skriv kort tid etter Tsipras’ offisielle uttaling natt til laurdag:

– Ein treng å styrka demokratiet i euro-relaterte saker. Vi har nett gjort dette. La folket få avgjera […].

Kapitalkontroll og tomme minibankar
Emneknaggen #Greferendum har eksplodert på sosiale media dei siste døgera. Midt i alt oppstyret stiller fleire spørsmål om Hellas er på veg mot konkurs. Minibankkøane har vore lange, og fleire bankar måtte etter kort tid stenga grunna mangel på kontantar. Men panikken og spekulasjonane om det i det heile tatt ville finnast pengar i landet etter tysdag blei noko stogga då Den europeiske sentralbanken uttalte at dei ikkje ville stogga betalinga til greske bankar dei neste dagane trass uvissa. For augneblinken er dei greske bankane avhengig av pengeinnskot frå ESB for å overleva. Om det hadde blitt slutt på desse ville det truleg gått ut over dei mange turistane som besøker Hellas på denne tida. Turistnæringa er ein av Hellas viktigaste inntektskjelder og mange som elles går arbeidslause er avhengig av inntektene dei tener i sommarmånadane for å kunna skaffa mat på bordet i vinterhalvåret.

Tsipras har likevel valt å midlertidig stenga alle greske bankar fram til tysdag 7. juli. I tillegg har han innført kapitalkontroll, det vil seia at grekarar får ta ut 60 euro dagleg. Effekten av dette var også synleg på norske flyplassar der NRK måndag morgon kunne melda at minibanken på Stavanger Lufthamn Sola hadde gått tom for euro. For å kompensera for manglande kontantar er all offentleg transport i Aten gratis fram til bankane opnar igjen.

LES OGSÅ: Syriza-ledet Hellas vil legge ned veto mot TTIP

«JA» i folkerøystinga
På «ja»-sida har no dei EU-venlege partia frå høgre til venstre, Nytt demokrati, To Potami og PASOK samla seg om ein felles kampanje for å overbevisa folket om å røysta «ja» komande sundag. På «nei»-sida står Syriza med koalisjonspartiet ANEL og Gyllent daggry, ein midlertidig allianse mellom dei venstreradikale og dei høgreradikale som kun er bygd på felles motstand til EU og eurosona.

Om resultatet endar i eit «ja», kan det leia til ulike scenario. Ein konsekvens kan vera at den greske koalisjonsregjeringa må gå av. I så fall vil nytt val bli lyst ut og haldast innan ein månad – spekulasjonane seier kanskje alt 26. juli. Det vil då vera opp til den nye regjeringa å halda fram forhandlingane med långivarane. Det kan sjølvsagt også hende at Syriza vinn dette valet og får høve til å danna regjering, kanskje med andre koalisjonspartnarar som sosialdemokratiske PASOK eller sentrumspartiet To Potami.

Eit mindre truleg scenario er at Tsipras og Syriza held fram trass i at det greske folket har røysta mot regjeringas tilråding. Spørsmålet då er om dei vil vera i ein posisjon der långivarane ønskjer å halda fram med forhandlingane.

«NEI» i folkerøystinga
Det er truleg at den nyleg innførte kapitalkontrollen og stengte bankar vil auka uroen blant den greske befolkninga. Sjølv om opposisjonspartia nok håpar at det kan gje fleire røyster til «ja»-sida, er det også fullt mogleg at det vil næra opp om det allereie eksisterande fiendebiletet mange grekarar har av EU. I så fall kan ei «nei»-røyst vera ein måte for grekarane å visa at dei tar fullstendig avstand frå dei siste åras krisepolitikk.

Ei «nei»-røyst vil også vera ei støtteerklæring til den sittande greske regjeringa og kan legitimera alliansebygging utanfor EU. Nyare gresk historie har vore prega av eit ønske om å sjå vekk frå naboar i aust, og mot vest og Europa. Medlemsskap i EU og eurosona var ei vidareføring av denne politikken. Om det greske folket røystar «nei» sundag, kan det gje Tsipras den støtta han treng til å søka austover igjen. Til dømes skapte Tsipras overskrifter tidlegare i vår då han dro på det mange karakteriserte som «friarferd» til Russland. Ein eventuell allianse med Russland kan føra til store maktpolitiske konsekvensar.

Grexit neste?
Opposisjonsleiar og tidlegare statsminister Antonis Samaras har uttrykt at framlegget til folkerøysting i realiteten er eit framlegg til folkerøysting om gresk medlemsskap i eurosona og Grexit. Andre har uttalt at det ikkje er resultatet av folkerøystinga som avgjer, men folkerøystinga i seg sjølv.

Det er framleis to alternativ som kan stoppa både folkerøystinga og ein eventuell Grexit anten midlertidig eller for godt. Det første er at Hellas tar ei heilomvending tilbake til forhandlingsbordet. Det andre er om Hellas’ president Prokopis Pavlopoulos plutseleg abdiserer. Dette vil i seg sjølv føra til utlysing av nytt parlamentsval som kanskje kan føra til ei ny regjering som kan få til nye samtalar med EU, ESB og IMF.

Det er uvisst kva ein eventuell Grexit vil føra med seg. Dette er ukjent territorium. Det som er sikkert er at konsekvensane vil ha ringverknader langt utanfor Hellas’ eigne landegrenser. Det vil også skapa ein sprekk i sjølve grunnfundamentet til EU og eurosona som vil vera nærast umogleg å tetta igjen.

Det skal vera umogleg å forlata EU når ein først er blitt medlem, men om Hellas endar opp med å bli det første landet som gjer dette, kan andre følgja etter. Ein Grexit kan opna for at Brexit – britisk avslutning av medlemsskapet i EU – blir det neste.

Men det er også eit siste scenario som bør nemnast. For det er alltids mogleg at den greske påverknaden på internasjonal økonomi ikkje er så stor som ein trur. I så fall kan det tenkast at ein Grexit, etter ein periode med midlertidig kaos, kan styrka EU som organisasjon ved å gje dei resterande medlemene eit påskot til systemendring for å sikra at slikt ikkje kan skje igjen.

Kva no, Hellas?
Folkerøystinga kom som ei stor overrasking for det greske folket og det er framleis lite informasjon tilgjengeleg. Dei som ønskjer vita meir må sjølv leita opp informasjonen på nettet. Ei kjelde seier at det er snakk om eit dokument på 20 sider som skal gjerast  tilgjengeleg for folk flest så fort villkåra for røystinga er konkretiserte. Men dokumentet skal vera tungt skrive og kan derfor framleis gjera informasjon nærast utilgjengeleg for unge og eldre røystarar.

Sjølv om framlegget til folkerøysting blei møtt med stor motstand blant finansministrane i eurosona, har særleg EU-kommisjonens president, Jean-Claude Juncker, sagt at det framleis er mogleg for den greske regjeringa å trekka tilbake framlegget og fortsetta med forhandlingane. Juncker heldt pressekonferanse måndag føremiddag der han oppfordra den greske regjeringa til å gå med på det nye framlegget til løysing.

Sundag går grekarane til urnene i den første folkerøystinga sidan avskaffinga av monarkiet i 1974. Det er no opp til folket, seier regjeringspartia, med korkje folket eller Europa veit foreløpig kva dei røyster på.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned