Borgarlønn – fridom for kunsten

Barrels of Money, maleri av Victor Dubreuil, c. 1897

Den sitjande regjeringa sin "frihetsreform" for kulturlivet er meininga å skulle bidra til meir maktspreiing, meir kvalitet og ja altså — meir fridom. Men desse verdiane er jo uforeinelege med det som vil vere resultatet av deira metodar.

Kristine Myklestad
Om Kristine Myklestad (1 artikler)
Kristine er frå Tysnes, er utdanna grafisk designer og har ein bachelor i estetikk.

Metodar som i det store perspektivet baserar seg på den grunnleggande høgrepolitiske idéen om marknaden som den viktigaste regulerande krafta i samfunnet. Makta samlast slik hos dei pengsterke, som gjerne ser på kunsten som investeringsobjekt. Pengar er makt, makt òg til å definere kvalitet. Etterspørselen avgjer, anten det er ein rik velgjerar, eller «folk flest». Men det er vel ikkje folk flest eller Christian Ringnes som veit kva som er kvalitet i kunsten? Er det opp til etterspørselen, vil kunsten ende opp som nokså einsformig og lite utfordrande, eller berre rein og skjær underhaldning. Som er fint å ha òg. Men den smale kunsten passar ikkje inn i denne politikken. Kunstnaren får mindre makt innanfor sitt eige felt, ho eller han blir i staden oppteken av å tilfredsstille den med pengesekken, og passe inn i eit system som undergravar det kunsten vil vere: fri. Fri til kontinuerlig å definere seg sjølv i sitt eige språk.  

Den fridomen ein snakkar om i ein fri marknadsflyt er fridom til å klare seg økonomisk og få seg ein karriere dersom ein spelar godt etter reglane og tilbyr det marknaden etterspør. Det er ein konkurranse, som parallelt med vinnarar, òg skapar taparar. Ein tapar er ein som anten ikkje evnar å tilpasse seg eller ikkje ynskjer det. Den reine kapitalismen konkluderar enkelt og greitt: om ikkje kunsten klarar å tene til sitt brød i det frie marked, er den ikkje nødvendig i samfunnet og kan likegodt dø ut. Men den vil òg dø ut om den klarar seg innanfor desse rammene, om det er snakk om kunst som noko anna enn populærkultur.  

På den andre sida

Å la kunstnaryrket bli løna på lik linje med andre yrker er å ha respekt for kunsten og den sin tilstadeverelse i samfunnet. Venstresida vil gjerne halde liv i kunsten, og arbeider for at det i større grad skal vere mogleg å overleve som kunstnar, fri frå ufridomen i den frie marknaden. Men tildelingar av stipend krev at ein først har bevist noko, det vil seie at ein går kunstutdanninga og konkurrerar om synlegheit innanfor kunstinstitusjonen, samt ofte òg følger andre meir konkrete føringar. Her er det igjen altså snakk om tilpassing for å få lønn og kredibilitet for sitt arbeid, og det er staten, via kunstinstitusjonen, som med si bevilgningsmakt får ein posisjon til å definere kvalitet i det dei gjev nokre få moglegheiten til å leve eit verdig liv som kunstnarar og vise fram kunsten sin.  På denne raude sida av den politiske skillelinja vil ein i hovudsak bruke skattepengar på kunsten, og dermed må kunsten sin verdi i fellessamfunnet legitimerast. Desse fører derfor ein politikk som går ut på at kunsten skal nå ut til flest mogleg, vere inkluderande og mangfaldig, ut i frå tanken (som det verkar å vere ei generell einigheit rundt) om at kunst er «bra» for folk å oppleve. Det leitast då etter eit kompromiss mellom den utfordrande kunsten og den meir folkelege. Eller det vert arbeidd for at den smale skal spreiast utover det breie lag av folk. Det kan høyrast ut som eit gamaldags danningsprosjekt, kor ein stat sine verdiar manipulerast over på sine borgarar. Dette er i alle fall dei blå svært redde for at skal vere tilfelle. Mogleg er det satt på spissen, men poenget er at heller ikkje ein venstresidig kunstpolitikk frigjer kunsten heilt, fordi ein er nødt til å forsvare pengebruken og dermed definere kva og kven kunsten skal vere til for: kvalitet(sstempla av eliten), og for alle. Men det breie lag av folk ofte ikkje er interesserte i smal kunst. Den er det kunstnarar, i vid forstand, som sjølv konsumerer. Dermed vert det til sist litt vanskeleg å forsvare at skattebetalarane skal betale kunstnarløn. 

På ei heilt anna side
Framtidas kunst- og kulturpolitikk burde bestå av mindre politikk. Makta burde spreiast, ikkje ut over dei betalande, men ut over kvar enkelt skapande, kvar enkelt kunstnar. Kunsten burde ikkje bli styrt verken av kapitalismen sine mekanismar og/eller ein samla institusjon av «bedrevitarar» med lik utdanning. Med borgarløn hadde makta i mykje større grad vore hos mennesket. Borgarløn er eit konsept som kort sagt går ut på at alle menneske over ein viss alder mottek ei månadleg grunninntekt, beståande av ein sum nok ein kan klare seg på. Dette vil vere ein rett alle har i og med at ein eksisterar. Alle ulike sosiale utbetalingar som trygd, stipend, studiestøtte osb. vil vere fjerna, og i staden delt ut som ei fast ubetinga utbetaling. Med dette som grunnlag hadde alle vore like frie til å skape og leve det livet ein sjølv hadde ynskja og funne meiningsfullt, fordi ein først var sikra dei basale behov. 

Blant anna handlar det om å skille arbeid og løn, slik at det å arbeide ville vore noko ein gjorde fordi ein hadde løn, framfor å vere tvungen til å arbeide for å få løn. Slik kunne ein ta val på grunnlag av eigne interesser og ferdigheiter, framfor kva som tenar seg best i eit profittstyrt samfunn. Dermed hadde det òg vore meir aksept for andre sine val av yrker og aktivitetar. Til dømes husarbeid, frivillig arbeid, eller andre no ubetalte sysler kunne i større grad blir sett på som «seriøst arbeid». Eller betre, kanskje kunne ein sett på både kontorjobben og husarbeidet som to aktivitetar blant mange, utan å måtte kategorisere dei som høvesvis jobb og fritid. Det hadde vore mindre måling av kven og kva som var nyttig og unyttig i samfunnet i forhold til kva som gjev direkte utslag på profittmålaren, og «mjuke» verdiar hadde fått ein meir naturleg plass. 

Fridomen
Kunsten hadde fått ein meir naturleg plass. Den hadde blitt mindre mistenkeleggjort og mystifisert, meir alminneleggjort. Det er mange, og stadig fleire, som vil skape kunst. Det betyr vel at det er eit behov mange har. Det blir færre og færre arbeidsplassar til menneskeheita — kvifor kan ikkje fleire drive med kunst, om det så er det mange finn meiningsfullt? Borgarløn ville gjort det mogleg, og ordninga ville frigjort kunstnaren til å skape av ekte interesse for kunsten. Fokuset ville vore retta mot arbeidet, utforskinga, og mindre på kva slags plass produktet skal ha i samfunnet og kva det skal vere. Ved å fjerne ytre krav og definisjonar, ville det blitt eit meir organisk liv for kunsten. Det hadde vore ein større respekt og aksept for fleire typar kunstpraksis, både innadvendt og utadvendt, og det ville vore plass til fleire uttrykk. Ein kunne då antagelegvis snakke om eit reelt mangfald, og kvalitet er noko som ville blitt født naturleg ut av dette. 

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

  • Anja Askeland

    Takk til Kristine Myklestad for denne flotte artiklen og takk til Radikal portal for å publisere den 🙂 Jeg setter særlig pris på hennes kritikk av høyresidens «frihetspolitikk» og venstresidens kontroll av kunsten gjennom ulike bevilgningsmakter. Nei la oss gi makten tilbake til oss selv, hver og en av oss – borgerlønn!