Hent Taiman heim!

«Streng og rettferdig» - norsk asylpolitikks fremste mantra. Eg lurer på kva slags annan politikk som kunne ha fått same nemning. Streng og rettferdig eldreomsorg? Oljepolitikk?

Oddny Miljeteig
Om Oddny Miljeteig (2 artikler)
Oddny Irene Miljeteig er gruppeleiar for SV i bystyret i Bergen og landsstyremedlem i SV. Har tidlegare vore tillitsvalde i FO/LO i ei årrekkje.

Taiman frå Bergen har gjeve eit nytt andlet til den «strenge og rettferdige» norske asylpolitikken, den som vert halden i hevd av asylpolitikkens jarntriangel, H, AP og FRP.

Taiman si sak viser ein asylpolitikk blotta for menneskeleg logikk. Og den viser at asylpolitikken er fullstendig frikopla frå humanitet og norsk familiepolitikk – og dessutan den summariske førehavinga så altfor mange menneske er underlagde i norsk utlendingeforvaltning.

27 år gamle Taiman vart pågripen i Bergen onsdag for to veker sidan, ført til Trandum og uttransportert måndag i forrige veke. Utlendingeforvaltninga har ikkje gjeve Taiman si sak individuell førehaving. Det er uråd å sjå at UNE har vurdert Taimans særskilde tilknyting til landet og menneskelege omsyn.

Mor til Taiman søkte asyl i Noreg 25. juli 2001, saman med Taiman på 14 år og seks born til. Dette skulle visa seg å vera 24 dagar for seint til å bli vurdert etter eingongsvedtaket i Stortinget våren 2004 som i realiteten gav amnesti til asylsøkjarfamiliar som hadde vore i Noreg minimum tre år pr 1. juli 2004. I 2005, då mora og dei yngre syskena fekk opphald ved familiegjenforeining, hadde Taiman fylt 18 år. Utlendingeforvaltninga skilde då Taiman si sak frå resten av familien og behandla han som einsleg vaksen. Seinare har utlendingeforvaltninga nekta å inkludera Taiman som ein del av familien, sjølv om han definitivt var mindreårig då han kom til Noreg saman med mor si.

Sidan han var 14 år har Taiman levd i ein limbo-tilstand, med livet på vent, utan rett til vidaregåande skulegang og arbeid. Det er i Noreg han har hatt tenåringstida og ungdommen fram til no, det er Noreg som er hans heimland. Det er heimlandet hans som måndag denne veka kasta han ut i handjarn og fotlekkjer som skulle han ha vore ein hardbarka, valdeleg kriminell. Det er Taiman ikkje. Taiman sitt einaste «brotsverk» er at han har vilja vera saman med familien sin, foreldra som førte han til Noreg og syskenflokken han fylgjeleg har her.

Taiman har vorte offer for den såkalla «strenge og rettferdige» asylpolitikken som let humanitet og anstendighet vika for innvandringsregulerande omsyn. UNE, UDI og Politiets Utlendingeeining er underlagde effektiviseringskrav og måltal. Under dette regimet tel Taiman i pluss einast når han kan kryssast av som uttransportert. Såleis vart han uttransportert utan at advokaten fekk reell sjanse til å påklaga avgjerda og be om utsett iverksetjing. Det minner om kidnapping, og deportasjonsomgrepet verkar rettare enn det formalistiske «uttransportering.» I norsk asylpolitikk tel ikkje mennesket Taiman. Fordi han er fødd på feil tidspunkt og kom til Noreg på feil tidspunkt, gjeld ikkje norsk, offisiell humanitet for Taiman.

«Streng og rettferdig» – norsk asylpolitikks fremste mantra. Eg lurer på kva slags annan politikk som kunne ha fått same nemning. Streng og rettferdig eldreomsorg? Streng og rettferdig miljøpolitikk? Streng og rettferdig oljepolitikk? Streng og rettferdig utdanningspolitikk? Streng og rettferdig kyrkjepolitikk? Streng og rettferdig barnehagepolitikk? Streng og rettferdig bompengepolitikk? Einkvan betre? Den strenge og rettferdige, såkalla, asylpolitikken, har eitt fremste kjenneteikn: Han toler ikkje møtet med einskildmenneske, levande menneske av kjøt og blod. Men SV har då vore 8 år i regjering, kan du innvenda? Det er sant. Like sant er det at det aldri har vore politisk fleirtal for SVs asylpolitikk. Sjølv om også AP gjekk til val i 2005 på ein meir human asylpolitikk etter at Erna Solberg som asylminister i Bondevik II hadde herja land og strand og FNs høgkommissær og attpåtil hadde fått regjeringa til å vedta at asylsøkjarar med avslag ikkje skulle få pengar til mat og husvære. No får Solberg som statsminister forresten gjennomført at Noreg ikkje skal ta imot dei kvoteflyktningane som treng det mest, men dei som norske styresmakter trur passar inn best, som barnefamiliar, men ikkje med for mange born. Det er norsk «humanisme»!

Norsk asylpolitikk viser seg på nytt ikkje å tola møtet med einskildmennesket. Utlendingeforvaltninga har nok ein gong spela falitt når det gjeld å sikra rettstryggleik for asylsøkjarar. Lang saksbehandlingstid frå 2001-2005 tok frå Taiman retten til å få si sak og seg behandla som barn. Den einvise, nådelause behandlinga av Taiman har opprørt menneske på ein heils spesiell måte og i uventa omfang. I mitt lange arbeid for ein human asylpolitikk har eg knapt sett meir intens mobilisering og i alle fall ikkje for ein ung, einsleg mann! Det har vakse fram ei sterk og mangfaldig støttegruppe i Bergen av menneske som mange aldri har kjent kvarandre før, og mange som aldri har møtt Taiman, men som står opp mot urett og inhumanisme. Bystyret i Bergen, minus FRP, har vendt seg til både styresmakter og utlendingeforvaltning med krav om at Taiman må få bli.

Statsråden og regjeringa går ikkje inn i einskildsaker. Neivel. No har faktisk justisministeren lova å setja seg inn i Taiman si sak. Ingen har vel ein einaste illusjon om justisministeren sitt utgangspunkt. Men korkje justisminister eller regjering kan springa frå at dei er ansvarlege for den politikken dei fører. Eit høgst rimeleg krav er at regjeringa avklårar om Taiman si sak er i tråd med regjeringa og Stortinget sin asylpolitikk – og familiepolitikk også. NOAS har forresten klaga Taiman si sak inn for Sivilombodsmannen – for saksførehavinga.

Imedan, mens Høgre og FRP slåst med Venstre og KrF (som innsette dei) om asylborna, er Taiman skild frå familien i det landet foreldra tok han med seg frå då han var barn. Slik norsk politikk kan vi ikkje kjennast ved. Difor er kravet frå Bergen og langt vidare: Hent Taiman heim!

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.