Eit demokratisk paradoks i grunnlovsjubileet

Foto: Nasjoanalbiblioteket

EØS-avtalen blei innført av EU-avstemingens taparar og er eit uttrykk på mangel for respekt for den norske grunnlova. 

Olav Flaate
About Olav Flaate (2 Articles)
Olav Flaate er adjunkt med opprykk og underviser ved Senja videregående skole, avdeling Finnfjordbotn i Troms. Han er styremedlem av Troms Nei til EU og er leder for Sørreisa Nei til EU.

 

Året 2014 kjem til å bli eit jubilèumsrikt år i kongeriket Noreg. I år skal me feira noko av det gjevaste me,som nasjon, har; Grunnlova, vedtatt i Riksforsamlinga på Eidsvoll 17. mai 1814. §1 startar med fylgjande stadfesting: « Kongeriget Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uavhendeligt Rige».

Denne setningen er viktig å ha i bakhovudet i samband med alle dei fine jubilèumstalane som truleg kjem i samband med dei ulike jubilèumsarrangementa i år. Grunnlova vår er 200 år- det er stort !! Og nasjonen Noreg med det norske folk fortener mange fine ord i samband med dette. Demokratiet, sjølvråderetten og fridomen vil sikkert bli høgt prisa i mange av desse talane.

Me har  god grunn til å takke Christian Magnus Falsen,far til Grunnlova, og alle dei andre medlemmene av riksforsamlinga som fekk vedtatt ei grunnlov, inspirerte av idèane om maktfordelingsprinsippet i dei  franske og amerikanske grunnlovene, til det beste for landet og folket.

Då Kong Haakon VII vart konge i Noreg i 1905 valde han mottoet «Alt for Noreg» som valspråk for kongegjerninga si. Det same valspråket tok kong Olav V då han overtok kongetrona, eit valspråk som og noverande konge, kong Harald V har som motto for utøvinga av kongeembete sitt.

Det andre store jubilèet som og skal feirast i år er 20 års jubilèet for NEI sigeren i folkerøysrtinga om EU medlemskap 28 novembern 1994! Folket sa sitt. Me ville og vil framleis vera «..et frit, selvstendigt, udeleligt og uavhendeligt Rige»Gro Harlem Brundtland, statsminister på den tida folkerøystinga om EU medlemskap gjekk føre seg, var ganske sikker på Ja-fleirtal – og særleg sidan den norske folkerøystinga skulle gå føre seg etter svenskane hadde hatt si folkerøysting.

Strategien var klar; svenskesuget skulle gjera underverk. Men demokrati, sjølvråderett og sjølvstende er viktige prinsipp for det norske folk – og Gro Harlem Brundtland tapte. Diverre er det nokre taparar som nyttar seg av ureint spèl. Det gjorde statsminister Brundtland òg.

Fleire år tidlegare starta ho førebuinga til EØS-avtalen. Kommunane i dette landet skulle ikkje lenger kjøpe varer og tenester frå lokale verksemder. Det nye  var å hente inn anbod frå verksemder i heile landet!

Det seier seg sjølv at små lokale verksemder då ikkje hadde økonomisk evne til å konkurrera mot større verksemder og leverandørar i sentrale strok av landet.

Det neste uryddige  sjakktrekket var å starte forhandlingar med EU om ein ny handelsavtale mellom Noreg og EU. Noreg hadde på den tida ein veldig godt fungerande handelsavtale med EU. KVIFOR då ein ny handelsavtale? Gro Harlem Brundtland ville knytte Noreg enno tettare til EU og byggje ned fridomen og sjølvråderetten som eidsvollsmennene hadde skreve om i § 1 av Den Norske Grunnlova.

Gjennom den nye handelsavtalen, EØS-avtalen, måtte Noreg akseptere fri flyt av arbeidskraft,kapital,varer og tenester. Samstundes skulle Noreg implementere EU-direktiv/lover i det norske lovverket. Men dersom direktivet/direktiva gjekk heilt mot den norske samfunnsmodellen og den norske rettsoppfatninga kunne me avvise å gjere direktivet til ein del av det norske lovverket.

I året for Grunnlovsjubilèet er det ufatteleg å forstå at fleirtalet i det norske Stortinget røysta JA til denne handelsavtalen, for den medfører at deler av norsk suverenitet vert overført til Brüssel. Mange av dei direktiva som til no er blitt ein del av det norske lovverket truar den norske samfunnsmodellen, det samfunnssystemet som er så høgt respektert i store delar av verda.

Det er eit stort paradoks at i jubilèumsåret 2014 er det framleis eit fleirtal på Stortinget som seier ja til EØS avtalen og dermed ja til at Grunnlova vår er mindre verd enn direktiv frå EU! Ved regjeringsskiftet har landet til og med og fått ein eigen EU–minister! Kor er respekten for den Norske Grunnlova?

I jubilèumsåret er eg redd mange talarar kjem til å  rose nasjonen vår sitt fundament samstundes som dei er med på å underminere innhaldet av Den Norske Grunnlova.

20 års jubilèet for Nei til EU sigeren i 1994 vil både lovprise Riksforsamlinga på Eidsvoll, demokratiet og sjølvråderetten. Dei norske kongane frå Kong Haakon VII har valspråket «Alt for Noreg». Det synest som om dei norske stortingspolitikarane har valspråket «Alt for EU».

Teksten ble først publisert i Nordlys

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*