Eit varsko til faglege tillitsvalde

Ein arbeidsgivar øydelegg livet for ein hjelpepleiar ved å anmelde han for valdtekt av pasientar. Når det så viser seg at beskyldningane er usanne, nektar arbeidsgivaren å rydde opp.

Erling Folkvord
Om Erling Folkvord (7 artikler)
Erling Folkvord er politiker i partiet Rødt. Han har tidligere sittet i bystyret for Rød Valgallianse (RV) og Rødt i Oslo og sittet en periode på Stortinget for RV. Hans spesialfelt som politiker har vært avsløring av korrupsjon og maktmisbruk.

Foto: Rødt Nytt

Innhaldet i Lindebergsaka er enkelt. Det ser ut som arbeidsgivaren vil straffe ein fagforeningsaktivist.

Hjelpepleiar Stig Berntsen kjem nok aldri til å glømme fredag 11. november 2011. Sjukeheimsoverlegen på Lindeberg omsorgssenter tok i mot Berntsen rett før han skulle ta fatt på kveldsvakta si. På vaktromet – med åpen dør ut til korridoren – hevda sjukeheimsoverlegen at Berntsen hadde begått grove seksuelle overgrep mot to demente pasientar på Post 5.

Overlegen suspenderte Berntsen ulovleg. Ho sa at leiaren ved fagavdelinga på sjukeheimen hadde gitt henne ordre om å gjere akkurat det. Overlegen påla Berntsen å forlate arbeidsplassen straks. Så laga ho og arbeidsgivaren dokumentasjon fleire dagar etterpå.

Seinare har overlegen og avdelingssjukepleiaren på Post 5 gitt meir og mindre detaljerte og sprikande forklaringar. Andre tilsette på Post 5 har og forklart seg for politiet. Ut frå det overlegen og avdelingssjukepleiaren har skrivi og det som står i politiforklaringane, kan vi trekke nokre slutningar.

Mannen som kom inn gjennom vindauget
Dei fleste som arbeider i eldreomsorga veit at demente personar kan ha vrangforestillingar. Nettstaden www.trygghetsnett.no fortel mellom anna: ”Dersom personer med demens er hallusinert kan han/hun høre eller se ting som ikke finnes der, for eksempel mennesker som titter inn gjennom vinduer, mennesker som befinner seg i stuen osv. (…) Personer med demens kan noen ganger oppføre seg upassende på offentlige steder. De kan kle av seg alle sine klær og berøre sine kroppsdeler eller berøre andre på en upassende måte. De kan i tillegg ha et ufint språk om dette temaet.”

Under morgonstellet tirsdag morgon 8. november 2011 fortalde ein dement pasient på Post 5 at ein mann hadde komi inn gjennom vindauget og valdteki henne. Sjukepleiaren har gjengitt innhaldet i samtalen slik: ”Beboeren forteller at en mann hadde banket på utsiden av vinduet hennes i annen etasje og kommet inn på rommet hennes. Beboeren har aldri sett han før, og nevner ingen navn.” Post 5 ligg i 3.etasje.

Etter at avdelingsleiaren på Post 5 og overlegen hadde snakka med kvarandre vart denne forteljinga forandra. På fredagen fastslo Overlegen at pasienten hadde fortald sjukepleiaren at Stig Berntsen hadde valdteki henne natt til denne tirsdagen. At Berntsen ikkje var på jobb den natta, betydde ingenting.

Overlegen snakka sjølv med pasienten. Fleire dagar seinare laga Overlegen tekst der ho gjengir overgrepspåstandar frå ein pasient. Pasienten nemnte framleis ingen namn.
Overlegen var likevel ikkje i tvil. Ho brydde seg ikkje om å undersøke pasienten. Ja, ho varsla ikkje ein gong Overgrepsmottaket ved Legevakta. Overlegen slo berre fast: Stig Berntsen hadde valdteke i alle fall ein pasient.

Nestleiar Per Johansen i Sykehjemsetaten orienterte daverande direktør Bente Riis i Sykehjemsetaten kl. 15.59. Direktøren var den einaste som hadde rett til å suspendere. Men ho tok det ikkje det så tungt. Direktøren tok frihelg utan å undersøke fakta. Verken ho eller andre på arbeidsgivarsida snakka med Berntsen. Da det hadde gått fire dagar til, melde direktøren Stig Berntsen til politiet og kravde at han blir ”tiltalt og straffet.”

Direktøren tok dermed stilling til skyldspørsmålet før politiet starta etterforskinga. Ho hadde samtidig venta så lenge med å varsle politiet at seriøs etterforsking var umuleg.

Litt om bakgrunnen
Hausten 2009 begynte Stig Berntsen å arbeide som hjelpepleiar på Post 5. Han oppfatta raskt at avdelingsleiaren ikkje var av dei mest seriøse. Ho handterte mellom anna medikamentutdeling på ein uforsvarleg måte. Dette kunne medføre risiko for pasientane. Berntsen, (som tidlegare hadde arbeidd på ein annan sjukeheim), varsla i januar 2010 institusjonssjefen på Lindeberg om den uforsvarlege medikamenthandteringa. Både skriftleg og muntleg. Fagforeningsleiar Liv Andreassen deltok på eit møte hos institusjonssjefen. Ho påla avdelingssjukepleiaren å legge om praksisen og følgje gjeldande forskrifter. ”Yes sir”, sa avdelingsleiaren. Så gjekk ho tilbake til avdelinga og fortsette som før. Det hjalp heller ikkje at andre på Post 5 varsla om liknande forhold både i 2010 og 2011.

Hausten 2011 innførte avdelingssjukepleiaren ein ny skiftplan. Eit av særtrekka var at skiftplanen ikkje ga klar beskjed om når du skulle møte jobb. Arbeidskraftbehovet kunne jo variere. Stig Berntsen hevda dette var ulovleg. Han fekk medhald da han tok opp saka med fagforeninga. Nokre månader seinare vart han ulovleg suspendert som valdtektsmann.

Bedriftshelsetenesta gjennomførte ei arbeidsmiljøundersøking på post 5 i februar 2012. I rapporten skreiv dei mellom anna at ”det blir nevnt av flere at de ikke tør si hva de mener da de er redde for å miste jobben sin, opplever forskjellsbehandling og at de som har turt å si i fra tidligere har mistet sitt arbeidsforhold.”

Arbeidsgivaren har mista mange
Mannefallet har vori stort på arbeidsgivar sida.

  • Avdelingsleiaren sa opp jobben og slutta i mai 2012. Før dette var ho suspendert eit par månader på grunn av uforsvarleg medikamenthandtering, for slike feil som Berntsen varsla om i januar 2010.
  • Leiaren for fagavdelinga vart suspendert i april 2012, fordi han ikkje hadde gripi inn mot den uforsvarlege handteringa av medisinar. Han fekk tilbake jobben etter eit par månader.
  • Institusjonssjefen reagerte mot overlegen og leiaren for fagavdelinga fordi dei gjekk ut over fullmaktene sine og suspenderte Berntsen. Ho starta disiplinærsak mot begge. Dei sakene førte til ingenting og institusjonssjefen vart sjølv suspendert i april 2012. Ho sa opp jobben i Sykehjemsetaten etter at suspensjonen vart oppheva..
  • Overlegen sa opp stillinga si i Sykehjemsetaten juni 2013, kort etter utgivinga av BYRÅDEN MOT HJELPEPLEIAREN, boka om Lindebergsaka. Ho arbeider no på ein sjukeheim utafor Oslo.
  • Direktør Bente Riis slutta brått i stillinga si 30. april 2012. Det er grunn til å tru at ho ikkje slutta av fri vilje. No er ho seksjonsleiar i Helseetaten. Ho vart degradert, men mottar framleis direktørløn på over 1 million kroner. Ingen seksjonsleiar har høgare løn enn henne.

Denne lista viser at noko er heilt gærnt i Sykehjemsetaten.

Gransking ga arbeidsgivaren strykkarakter
Bystyret i Oslo vedtok i mai 2012 at Kommunerevisjonen skulle granske saksbehandlinga i Lindebergsakene. Granskingsrapporten som kom i juni 2013, er knusande. For leiinga i Sykehjemsetaten, for kommunaldirektør Bjørg Månum Andersson, for eldrebyråd Aud Kvalbein (KrF) og for byrådsleiar Stian Berger Røsland (H).

Her er nokre utdrag frå granskingsrapporten:
”Det ble ikke sørget for nødvendig dokumentasjon. Det var kun NN (Stig Berntsen, min merknad) som benyttet journalsystemet til dokumentasjon av relevant informasjon. Samtalene med beboere, samt vurderinger og beslutninger vedrørende overgrepspåstandene, ble først dokumentert flere dager etter at de fant sted. Dette bidro til å skape usikkerhet i ettertid om hva beboerne faktisk hadde sagt, samt hvilke vurderinger og beslutninger som egentlig var tatt av de involverte ansatte.” (…)

”I sykehjemsoverlegens referater framgikk ingen drøfting eller vurdering av beboernes situasjon, mentale tilstand og om påstandene kunne ha noen sammenheng med det.” (…)

”Beboeren som framsatte påstander om voldtekt ble ikke tilbudt undersøkelse med henblikk på å avklare om vedkommende hadde behov for ytterligere helsehjelp og for å sikre eventuelle bevis.” (…)

”Hjemsendelsen av den ansatte skjedde ikke i henhold til regelverket. Arbeidsgiver hadde videre ikke en tilfredsstillende oppfølging av den ansatte etter hjemsendelsen.” (…)

”Samlet sett skapte den dårlige behandlingen av NN (Stig Berntsen, min merknad) fredag 11.11.2011 og de påfølgende dagene et vanskelig utgangspunkt for tillit og videre dialog mellom arbeidsgiver og NN (Stig Berntsen, min merknad).”

Oslo bystyret skal snart behandle rapporten.

Straff til han som ikkje gjorde noko gærnt
Hjelpepleiar Stig Berntsen har lagt ned mykje arbeid som tillitsvald og fagforeningsaktivist. Og arbeidsgivaren har aldri påvist feil i arbeidet hans i dei åra han har arbeidd på sjukeheim. Bystyremedlem Carl I. Hagen har engasjert seg i saka i samarbeid med Bjørnar Moxnes frå Rødt. Hagen har sagt rett ut at det er urimeleg at arbeidsgivaren berre straffar han som ikkje har gjort noko gærnt.

Bystyret i Oslo skal snart behandle eit framlegg frå Hagen og Moxnes om at Berntsen skal få igjen stillinga si på Post 5. SV er for dette framlegget. Dermed er det Ap som avgjer om det blir eit positivt bystyrevedtak. Carl I Hagen kommenterte nyleg saka i Porsgrunns Dagblad:
– Jeg vil ikke være med på en så dårlig behandling av en av våre medarbeidere. Oslo kommune skal være en god arbeidsgiver. Det medfører å si unnskyld når feil blir begått, men jeg er skeptisk til om forslaget vårt vil gå gjennom, sier Hagen.

– Jeg er redd det blir nedstemt fordi det er mangel på mot til å instruere byråkratiet i kommunen fra politisk ledelse og bystyreflertallet, avslutter Hagen.

Stig Berntsen har gjennomlevd eit helvete dei to siste åra. Hausten 2012 kunngjorde Sykehjemsetaten at han ikkje skal tilbake til Lindeberg omsorgssenter. Etter to år med falske beskyldningar er hjelpleiarstillinga på Post 5 einaste trygge vegen tilbake i jobb som helsearbeidar. Alle former for omplassering vil føre til at vage mistankar vil kunne bli hengande over han.

Etter at Fagforbundet tok ut søksmål for endringsoppseing, har ikkje verken den nye direktøren eller eldrebyråd Aud Kvalbein (KrF) vori villig til å kommentere saka offentleg. Slik skriv Porsgrunns Dagblad om det siste offentlege svaret frå den kanten:

”PD henvendte seg til byråd for eldre i Oslo kommune, Aud Kvalbein, og Sykehjemsetaten, ved direktør Per Johannessen, for å få en begrunnelse på hvorfor Berntsen ikke får gå tilbake på jobben ved post 5. I en mail påpeker Kvalbein at hun ikke er arbeidsgiver for Berntsen.

– Du må henvende deg til direktøren for Sykehjemsetaten som er arbeidsgiver for Berntsen, skriver Kvalbein videre i mailen.

Per Johannessen svarer i en mail, via kommunikasjonssjef Sofus Urke, at Sykehjemsetaten og Stig Berntsen og Fagforbundet hadde møte 21. august.

– Partene er i prosess. Med bakgrunn i den pågående prosessen, avstår vi fra å kommentere saken, avslutter Urke.”

Er det farleg å jobbe i Sykehjemsetaten?
No har det gått eitt og eit halvt år sia politiet henla saka mot Berntsen. I november 2012 fekk han igjen autorisasjonen frå Helsetilsynet. Utestenginga reiser spørsmålet om menn bør søke seg jobb i Sykehjemsetaten. Er denne etaten ein trygg arbeidsplass for menn viss ikkje arbeidsgivaren ryddar opp i denne saka?

Fagforbundet har støtta Berntsen heile vegen. Saka har fått brei omtale i Fagbladet og i Fri Fagbevegelse/LO-Aktuelt. Over 250 tillitsvalde skreiv i august 2013 under på eit støtteopprop. LO-leiaren i Oslo, Roy Pedersen, er leiar for ein fagleg støttekomite som nyleg vart oppretta.

Lindebergsaka handlar til sjuande sist om kven som skal statuere eit eksempel. Arbeidsgivar Oslo kommune vil vise koss det kan gå med ein helsearbeidar og fagforeningsaktivist som seier i frå. Fagrørsla kan slå tilbake og trekke opp ei grense for kor langt ein arbeidsgivar kan gå. Fram til den grensa er markert, spelar Sykehjemsetaten i Adecco-ligaen, med eldrebyråd Aud Kvalbein (KrF) som lagkaptein.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.