Gruveeventyret kløyver Finnmark

Eksisterande og planlagte gruver har dei siste åra blitt blant dei viktigaste stridsspørsmåla i Finnmark. Striden går både i kommunestyre, på Sametinget og i mange organisasjonar.

Svein Lund
Om Svein Lund (1 artikler)
Svein Lund er frilansskribent og leder av Naturvernforbundet i Ávjovárri. Bor i Guovdageaidnu.

Framtidsnæring?

– Kvifor er dokker mot utvikling her i kommunen?
Spørsmålet kom frå ein lokal arbeidarpartipolitikar da Finnmarksaksjonen mot forgiftning fra gruver 24.08. arrangerte markering i Kvalsund sentrum mot planane for koppargruve i kommunen. Spørsmålet er typisk for dei som ønsker gruvedrift. Det dreier seg om utvikling, om arbeidsplassar og om kommuneøkonomi. Det rike Noreg har mange fattige kommunar, der kommunekassa er botnskrapa og der folketalet minkar år for år. Kvalsund er eit typisk eksempel. Dei tradisjonelle næringane fiskeri og jordbruk er så godt som nedlagt, og det er langt mellom kvar gong det blir etablert ein ny arbeidsplass. Den einaste tradisjonelle næringa som er i full drift, er reindrifta, men sjølv om reinen og reineigarane er her halve året, betaler dei ikkje skatt til kommunen, og da teller dei liksom ikkje heilt med. I ein slik situasjon er det freistande å takke ja når det kjem idear om å starte opp med vindkraftverk, oljeterminal og ikkje minst ei koppargruve som er tenkt å gi eit par hundre arbeidsplassar i kanskje 30 år framover. Det har da også det store fleirtalet i kommunestyret gjort. Dei seier ja til alle idear om investeringar i kommunen.

Samar og samepolitikarar er også med på gruveeventyret. Spørsmålet som innleia denne teksten kom faktisk på samisk. Mens Kvalsund kommune tidligare ikkje ville vere ved si samiske fortid, argumenterast det no stadig sterkare med at Kvalsund er ein sjøsamisk kommune, og at denne treng næringsutvikling for å bevare det som er igjen av samisk busetting og kultur.

Også blant samane i innlandet finn vi ivrige gruvetilhengarar. Førstekandidaten til Fastboende samers liste i Indre Finnmark (Ávjovárri valgkrets) vil ha gruve i Biedjovággi. Han hevdar at dette ikkje vil gå ut over reindrifta, at reindriftssamane bare er ute etter erstatning. I styret til gruveselskapet Arctic Gold sit ein forskar frå Samisk høgskole, som hevdar at reindrifta klarer seg aller best i dei områda der det er gruvedrift. I Karasjok har einskilde reineigarar samarbeida nært med Store Norske Gull for å få gruvedrift i reinbeiteområde.

Sametinget har inngått intensjonsavtalar med tre gruveselskap (Nussir, Arctic Gold og Sydvaranger Gruve), og Arbeiderpartiet som dominerande gruppe på tinget har sørga for at det ikkje har kome noko innseiingmot Nussir sine utslippsplanar.

Gruveeventyret har god støtte frå politikarar i fylket og på landsplan. Ikkje minst har Finnmarks store stjerne, nestleiar i Arbeiderpartiet, gitt klar melding om at gruveplanane skal gjennomførast og at sjødeponi er noko vi må tole skal det bli utvikling her. Næringsdepartementet har i mineralstrategien sin lagt opp til at mineralnæringa skal bli den nye framtidsnæringa, særlig i nord. Dei vil freiste gruveselskap med gode vilkår, forenkle behandlingsprosessen og sørge for å fjerne eller overkjøre hindringar som måtte dukke opp. Norges Geologiske Undersøkelser og Direktoratet for mineralforvaltning støttar heilhjerta opp. Klima og forureiningsdirektoratet har også vore svært så velvillig til å finne vegar gjennom regelverket, så gruveselskapa skal få kvitte seg med avfallet på billigaste måte.

Vi treng jo mineral. Det er noko alle forstår, storforbrukarar som vi er av både bilar og mobiltelefonar. Og vi må jo alle yte vårt bidrag. Vi kan ikkje vente at Chile og Kongo skal sørge for alle metalla vi treng. Lokalavisene støttar òg opp om gruveselskapa. Når så riksmedia held kjeft og latar som ingen ting, så skulle det sjå lyst ut for gruveselskapa.

Kvifor?

Men kvifor er det likevel noko som buttar i mot? Kvifor har verken Arctic Gold eller Nussir kome igang med gruveprosjekta i Guovdageaidnu og Kvalsund? Kvifor sit alle andre gruveselskap på gjerdet og ventar? Korleis kan nokon vere imot utvikling, arbeidsplassar og skatteinntekter?

Kva er det som gjør at kommunestyret i Guovdageaidnu nektar å gjøre det sjølvsagte, nemlig å godta eit planprogram for Biedjovággi-gruver? Kvifor kjem statlege institusjonar som Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Fylkesmannens miljøvernavdeling, med svært kritiske kommentarar til Nussir sine søknader?

Kvifor møter sametingspresidenten motstand i eigne rekker? Kvifor oppstår det heile tre Facebook-grupper mot eksisterande og planlagte gruver og gruveutslipp i Finnmark? Kvifor druknar dei få reineigarane som vil samarbeide med gruveselskapa i koret av dei som seier at reindrift og gruvedrift ikkje går i lag? Kvifor har både Fiskarlaget, Kystfiskarlaget og Norske Lakseelver engasjert seg mot utslipp som ifølge gruveselskapa skal ha heilt minimal verknad på livet i havet? Kvifor engasjerer desse sakene så mange at folk samlar seg frå heile Finnmark for å skipe Finnmarksaksjonen mot forgiftning fra gruver?

Kvifor stiller heile 13 organisasjonar i fylket med appellar på demonstrasjon mot Nussir?

Kvifor krev no sametingspolitikarar frå fleire parti, naturvernorganisasjonar, reindriftsrepresentantar, jeger- og fiskerforeninga m.fl. at Sametinget sine intensjonsavtalar med gruveselskapet skal makulerast?

Kvifor har gruvespørsmål blitt ein verkebyll for Arbeiderpartiet i sametingsvalkampen?

Kanskje nokon hugsar

Kanskje nokon hugsar kva som skjedde ved tidligare gruveeventyr? I Kvalsund starta det førre eventyret tidlig på 1970-talet. Arbeidsplassar blei det, både for lokalbefolkning og tilflyttarar. Folk tok lån og bygde seg hus, for her var framtida lys. Men etter sju år var det slutt. Mange hadde investert da prisane var på topp, men så fall kopparprisane der ute i verda, og gruva var ikkje lenger lønsam. For gruvearbeidarane blei det å reise vidare på leiting etter arbeid, men kven ville no kjøpe husa deira i Kvalsund?

Kanskje nokon enno hugsar den første driftsperioden i Biedjovággi-feltet i Guovdageaidnu. Da alt gikk galt, og drifta gikk med gigantisk underskot kvart av åra i dei fem åra det varte. Kanskje nokon har vore og gått i dei tidligare gruveområda og sett korleis det ser ut i dag, fleire tiår etter at gruvene var i drift. Kanskje nokon har vore i Sør-Varanger og sett korleis Langfjorden er så godt som tetta igjen av gruveutslipp.

Kanskje nokon hugsar fiskevatna der all fisken blei drept av utslepp frå Biedjovággi. Kanskje nokon hugsar korleis laksebestanden i Repparfjordelva gikk kraftig tilbake i perioden med gruvedrift og dumping i fjorden, for så å sakte ta seg opp igjen etter at gruva var stansa. Kanskje nokon reagerer på at gruveselskapa ikkje må betale noko som helst i avgift, verken for å ta ut nokre millionar tonn av fjellet eller for å dumpe 97 prosent av det i sjøen eller elles i naturen.

Kanskje nokon er skeptiske når konsulentselskapa gjør konsekvensanalysar som gir gruveselskapa akkurat dei svara dei ønsker. Kanskje nokon blir skremt av å sjå at nedlagte gruver lek ut giftige stoff i mange tiår etter nedlegginga, og at dette bare aukar med tida. Kanskje nokon kjenner seg utrygge når dei ser kor ofte gruver og utvinningsrettar blir kjøpt og selde på børsen, mellom selskap utan kjennskap til området der gruva ligg.

Kanskje det verkar skremmande at eit kanadisk investeringsselskap for ein slikk og ingenting kan kjøpe opp eineretten til å leite etter mineral i 25 prosent av Finnmark. Kanskje det ikkje virkar tillitvekkande når næringsministeren hevdar at reindrift og gruvedrift kan gå i harmonisk samdrift, utan å grunngi kva han bygger denne påstanden på.

Kanskje nokon tenker at vi ikkje treng meir gull når 90 prosent av gullet i verda går til smykke og spekulasjon. Kanskje nokon har ein aldri så liten mistanke om at gruveselskapa verken bryr seg om arbeidsplassane våre, kommuneøkonomien vår, naturen vår eller mineralforsyninga vår, men at dei heller bare bryr seg om sine eigne lommebøker.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.